Literature of Mystery and Detection (desentralized and nett based) 2030N
Læringsutbytte
Studenten skal ha kunnskap om sentrale tradisjonar, stilar og forfattarskap innen kriminalitteraturen. Dei skal vere i stand til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på korrekt engelsk og skal kunne nytte litterære omgrep for å diskutere tekstane.
Innhold
Emnet tar føre seg eit utval engelskspråklege tekstar innanfor genren kriminallitteratur. Tekstane representerer forskjellige tradisjonar og epokar. Pensum vil og innehalde essay og artiklar som kaster lys over og problematiserer tekstene sine genremessige særtrekk og kulturelle og historiske opphav.
Arbeids- og læringsformer
Emnet går om våren og er nett- og samlingsbasert. Det vil bli halde to samlingar i løpet av semesteret. Utover dette vil det bli nytta nettforelesingar (lyd) og nettmøte (lyd). Det blir og lagt ut undervisningsstoff på fronter. Til gitte tider vil lærarane vere disponible i eit samtalerom på fronter.
Vurderingsformer
Undervegsurderinga er ei skriftleg innlevering som tel 40% av samla karakter. Skriftleg slutteksamen tel 60%. Både undervegsvurdering og slutteksamen må vere beståtte for å få karakter i emnet. Ved begge eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er den dårlegaste ståkarakteren og F er stryk.
I tillegg til dette vil det vere eit arbeidskrav som studenten må bestå, men som ikkje gis karakter. Dette kan til dømes vere ei skriftleg innlevering. Meir utførleg informasjon gis ved starten på semesteret.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>,Inger-Anne Søfting <Inger-Anne.SoftingSPAMFILTER@hit.no> - 11.04.2012