Internasjonal kulturpolitikk og kulturøkonomi 2598

Læringsutbytte

Målet er at studentane skal kunne anvende relevante humanistiske, samfunnsvitskaplege og kulturøkonomiske fagperspektiv på det kulturpoliske feltet. Ein legg særleg vekt på internasjonalt samanliknande problemstillingar.

Innhold

I dette emnet vil ein studere kulturpolitikk og kulturøkonomi i eit internasjonalt perspektiv. Ein fokuserer særleg på organiseringa av/økonomien til det profesjonelle kunstfeltet, men det er òg aktuelt å sjå nærare på andre delar av kulturområdet (massemedium, kulturindustri, folkekultur). Ein studerer korleis kulturlivet er organisert og finansiert i ulike land – og korleis allmenne internasjonaliseringstendensar slår inn i kulturlivet. Ein kombinerer kultursosiologiske, estetiske og kulturøkonomiske fagperspektiv. Følgjande tema er aktuelle:
- Teoriar om det kulturpolitiske og kulturøkonomiske feltet
- Internasjonalisering og globalisering
- Kulturpolitiske modellar; kulturpolitisk organisering og finansiering i ulike land
- Statleg kulturpolitikk i ulike land
- Regional og lokal kulturpolitikk i ulike land
- Internasjonale organisasjonar og kulturpolitikk
- Internasjonalt kultursamarbeid
- Kultur og økonomi allment. Omgrep og teoretisk rammeverk
- Kulturens økonomiske verdi.
- Kulturøkonomi og kulturpolitikk
- Kulturinstitusjonane sin økonomi – i Noreg og andre land
- Kunstnarane sine arbeidsmarknader og levekår – i Noreg og andre land
- Kulturindustri og kulturøkonomi

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3 timar per veke. Seminarforma føreset aktiv deltaking frå studentane i form av førebudde innlegg og deltaking i diskusjonen. Undervisninga går i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 19.03.2012