Norsk 2 - Glu 1-7: Didaktisk og historisk fokus på lese- og skriveopplæring og språklege emne NOR 103
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten har:
- kunnskap om språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- kunnskap om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
- kunnskap om teoriar knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
- kunnskap om skriftlege sjangrar og korleis elevar frå første til sjuande trinn utviklar kunnskapar om desse.
Dugleikar
Studenten kan:
- vise til sentrale trekk ved faghistoria som handlar om lese- og skriveopplæring
- gjere greie for skriftlege sjangrar
- kan bruke og vurdere ulike prøver i lesing og skriving
- kan skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp
Generell kompetanse
Studenten skal:
- kunne nytte resultatet av ulike lese- og skriveprøver til fagleg utvikling for eleven.
- kunne organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for første til sjuande trinn etter fagleg grunngitte prinsipp.
- kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane.
Innhold
Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Gjennom å presentere eit breitt spekter av arbeidsmåtar, vil vi skape ei grundigare forståing for samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
I denne modulen vil det historiske perspektivet på norskfaget og det norske språket bli særleg framheva. Som norsklærar på barnetrinnet er det viktig å få innsikt i den delen av faghistoria som er knytt til norsk som skolefag, med særleg vekt på lese- og skriveopplæringa frå Nordal Rolfsen si tid (slutten av 1800-talet) og fram til i dag. Sentralt blir også spørsmålet om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår.
Du vil få innsikt i korleis det norske språket har endra seg gjennom tidene og slektskapet til dei andre nordiske språka. I denne samanhengen blir også dialektkunnskap ein viktig komponent.
I denne modulen vil du få djupare, forskingsbasert innsikt i teoriar om lesing og skriving, særleg retta mot den andre lese-og skriveopplæringa. Det fleirkulturelle aspektet med norsk som andrespråk, inngår i dette emnet.
Norskstudiet skal byggje på forskingsbasert kunnskap, samtidig som vi stiller krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.
Arbeids- og læringsformer
Studiet går over to semester med eksamen etter første og andre semester. Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, bruk av Fronter og individuell rettleiing. For studenten blir det viktig å reflektere over eigen progresjon knytt til det fastsette læringsutbyttet for faget.
I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Teori om skriftlege sjangrar står sentralt i studiet og skal knyttast til studenten si eiga skriving.
Semesterplanen som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.
I løpet av studieåret vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i denne modulen - undervegsvurdering og sluttvurdering.
Undervegsvurderinga i modul 1 består av to skriftlege innleveringar som du vil få tilbakemelding på. Desse må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Tekstane blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Begge tekstane i denne modulen skal vere på nynorsk.
Sluttvurdering etter modul 103 vil vere ein individuell skriftleg eksamen på 6 timar. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter.
Det kan bli mindre endringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kirsten Linnea Kruse <Kirsten.L.kruseSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Petter Bjellås - 17.01.2014