Fransk A 2707

Læringsutbytte

Studenten skal etter gjennomført emne kunne føre daglegdagse samtalar på fransk, lese lettare autentiske tekstar og skrive fransk på eit elementært nivå.

Innhold

Emnet inneheld ei grunnleggande og intensiv innføring i moderne fransk språk, med utgangspunkt i tekstar frå fransk kultur og samfunnsliv. Emnegjennomgangen legg hovudvekta på rask aktivering av dugleik i fransk tale, lesing og skriving. Til støtte for dette inneheld læringsprosessen ei grunnleggande innføring i fransk grammatikk, med øvingar i grunnleggande ordtilfang frå fransk daglegtale.

Emnet passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i fransk.

Arbeids- og læringsformer

Førelesingar og seminar med ca. 100 timar fordelt på 12 veker. Evalueringar av nivå og progresjon i emnet vil bli gjort med jamne mellomrom. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Det stillast krav om minimum 80% deltaking i undervisinga.

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt:

1) Ei munnleg prøve på opp til 30 minuttar, med ei samtale på fransk om emne som er gjennomgått i læringsprosessen, inkludert høgtlesing frå og samtale om ein tekst som er gjennomgått i undervisninga.

2) Ei skriftleg prøve på 3 timar, der tekstforståing og korrekt skriftleg fransk blir prøvd.

Den munnlege og skriftlege delen av eksamen tel kvar 50 % av endeleg resultat. Det krevst greidd resultat i begge eksamenane, og kravet om obligatorisk deltaking i timane må vere godkjend for å oppnå greidd resultat i heile emnet. Det blir gitt graderte karakterar frå A til F. E er lågaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no> - 27.02.2014