HIS-1 Verda etter 1750 3502

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

  • Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistoria etter ca. 1750.
  • Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
  • Forståing av metodar som vert bruka innafor ulike felt av historiefaget.
  • Forståing for korleis historisk kunnskap blir bygt opp.

Dugleik:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
  • Ha kjennskap til informasjons- og søkjeverktøy.

Kompetanse:

  • Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven problemstilling.
  • Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Den industrielle revolusjonen – som forandra verda
  • Bølga av demokratiske revolusjoner i den vestlege verda, med særleg vekt på den franske revolusjonen og dens verknader.
  • Gjennombrotet for nasjonalstatstanken
  • Sosiale og økonomiske utviklingstrekk på 1800-talet
  • Imperialismen: Vesten legg verda under seg
  • Ideologiar og tilhøvet mellom ideologiar og politikk
  • Demokrati eller diktatur: dei store politiske motsetnadane i mellomkrigstida
  • Dei store katastrofene: første og andre verdskrig
  • Den kalde krigen og terrorbalansen
  • Avkoloniseringa
  • Tilhøvet mellom nord og sør, mellom industriland og «utviklingsland»
  • Samanbrotet i austblokka: Mot eit nytt verdsbilde?
  • Utfordringar knytta til miljø, folkevekst, migrasjon

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. Faglæraranes eiga forsking kan i nokre høve trekkjast direkte inn i undervisninga.

Emnet er ein del av årsstudiet i historie (sjå eigen plan for dette).

Arbeids- og læringsformer

Undervisinga vert vesentlig gjeven i form av forelesinger, men ein kan også nytte til dømes lydfiler lagt ut på nettet, eller seminarform med oppgåveløysing, studentinnlegg og individuell rettleiing. I forelesingene vert tyngdepunkta i emnet gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentane si sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå det læringsutbyttet som er nemnt ovanfor.

Attmed undervisinga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokvie, og lærestaden vil leggje til rette for at slike grupper vert organisert.

Vurderingsformer

Vurderinga består av

  • ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
  • ei skriftleg sluttprøve på 4 timar

Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.

Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Jens Johan hyvik <jens.j.hyvikSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 20.12.2013