HIS-2 Påbyggingsoppgåve i historie 3517

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kva for empiriske kunnskapar som er relevante avhenger naturleg nok av tema for oppgåva. Men studentane bør i utgangspunktet ha ei viss forståing for historisk metode, samt visse kunnskapar om tilhøvet mellom litteratur og kjelder, om historisk framstilling og om korleis fagtekster vert skrivne. Faglærarane vil ved semesterstart dele ut forslag til aktuelle oppgåver.

Ferdigheiter

Gjennom oppgåva er det eit mål at studenten:

  • kan formulere ei problemstilling og svare på ho i ein historisk undersøking.
  • kan finne fram litteratur og kjelder som er relevant for oppgåva og foreta sjølvstendige og kritiske vurderingar av slikt materiale.
  • opparbeider ferdigheiter i bruk av referansar og kjelder.
  • kan utrykke seg i sjangeren akademisk sakprosa, strukturere ei lengre oppgåve og drøfte problemstillingar.
  • Justere oppgåva i samråd med rettleiar og reflektere over eige arbeid

Kompetanse:

Fordjupingsoppgåva gjer studenten kompetanse i sjølvstendig arbeid med eit historisk tema og i å skrive ei oppgåve av ei viss lengde.

Innhold

Emnet består av ei påbyggingsoppgåve om eit historisk emne som studenten veljar i samråd med faglærar. Emnet gir studenten trening i å formulere problemstilling og gjennomføre ein mindre historisk undersøking basert på litteratur og kjelder innanfor sjangeren akademisk sakprosa. Omfanget av oppgåva skal vere på 40.000 – 50.000 teikn med mellomrom, fotnotar og litteraturliste ikkje medrekna.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i emnet vil bestå av sjølvstendig arbeid med ei påbyggingsoppgåve om eit historisk tema. Studenten vil få tildelt ein rettleiar som vil følgje opp studenten sitt arbeid med oppgåva.

Problemstillinga for oppgåva skal godkjennast av rettleiar. Det er ein fordel, men ikkje krav, om tema for oppgåva har samanheng med spesialiseringsemne eller påbyggingsemne som studenten har gjennomført tidlegare i studiet.

Det er obligatorisk å levere eit førsteutkast til oppgåva midtvegs i semesteret.

Ved semesterstart vil det bli gjennomført eit felles seminar om oppgåveskriving og forslag til oppgåver. Det kan også bli gjennomført felles skriveseminar på campus i løpet av semesteret.

Studenten kan verte beden om å utarbeide ei pensumliste på 500–800 sidar som saman med oppgåva dannar grunnlag for munnleg eksamen. Pensumet vil normalt bestå av litteratur studenten har nytta i arbeidet med oppgåva. Rettleiar skal godkjenne pensumlista.

Vurderingsformer

Det blir fastsett ein førebels karakter på grunnlag av den ferdigstilte oppgåva, som blir levert via e-læringsverkty. Det blir gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for stått og F for ikkje stått. Dersom oppgåva er vurdert til bestått, vert det halde munnleg eksamen, basert på oppgåva og det pensum studenten eventuelt har lagt opp. Karakteren på munnleg eksamen er justerande i høve til karakteren på oppgåva.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kai Østberg <ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 27.06.2014