Folkedikting og folkekultur 2107
Læringsutbytte
Emnet skal gje studenten
- kjennskap til tradisjonsoverføring og innsamling av sentrale folkediktingssjangrar som eventyr, segner og balladar/viser
- kjennskap til bakgrunn for innsamlinga som del av nasjonsbyggingsprosjektet på 1800-talet
- kunnskap om ulike tolkingsteoriar og tilnærmingsmåtar til folkediktinga
- grunnlag for å undervise og formidle emnet vidare
Innhold
Primærtekstar er balladar, eventyr og segner som vart samla inn på 1800-talet. Vi får ei innføring i den historiske bakteppet for tekstane, bakgrunnen for innsamlingsarbeidet og ein oversikt over dei viktigaste innsamlarane. Vidare ser vi på korleis vi kan bruke ulike tolkingsteoriar og tilnærmingsmåtar til å analysere og arbeide med tekstar innan dei ulike sjangrane.
Arbeids- og læringsformer
Vårsemesteret, 3 intensivhelger med undervisning og seminar fredag kveld og laurdag. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.
Vurderingsformer
Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord, som tel 40 %, og 5-timars sluttprøve, som tel 60 %. Det krevst ståkarakter på både oppgåva og sluttprøva.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Sigrid Aksnes Stykket <sigrid.a.stykketSPAMFILTER@gmail.com>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 31.05.2016