Essay Writing 2011

Læringsutbytte

Studenten skal kunne produsere idiomatiske og strukturerte tekstar, kunne reflektere over relevante verkemiddel, og vere medviten om at det er naudsynt å bruke varierte framstillingsmåtar og stilnivå, avhengig av tema og målgruppe. Han/ho skal i tillegg kunne vise litteraturkritisk refleksjon og tilfredsstillande bruk av relevant terminologi.

Innhold

Ein tilfredsstillande kompetanse i engelsk forutset evna til å produsere lengre og samanhengande tekstar om eit breidt spekter av tema. Emnet vil fokusere på praktisk trening i å skrive samanhengande tekstar i forskjellige samanhengar, med særleg vekt på litterære essays.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga (to timar i veka) vil vere ein kombinasjon av førelesing, seminar og workshop. Hovuddelen av sjølve skrivinga vil gå føre seg utanom den ordinære undervisninga, som i hovudsak vil bli nytta til teori, diskusjonar og tilbakemelding på ferdige, innleverte arbeid eller på arbeid som er under produksjon. Det er krav om minst 75% oppmøte på undervisninga.

Vurderingsformer

Vurderinga i emnet er knytt til tre obligatoriske innleveringar. Den fyrste tel ikkje med i den endelege karakteren, men må vere bestått. Dersom denne ikke er bestått vert det gjeve ein sjanse til å levere på nytt. Den andre tel 40%, og den tredje 60%, utan høve til fornya innlevering. For dei to siste innleveringane vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter. Alle arbeida skal leverast på datoar som er fastsette ved byrjinga av semesteret, og ein må ha bestått alle innleveringane for å få bestått i emnet. Ein føresetnad for å få karakter i emnet er minst 75 % oppmøte på undervisninga.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>,Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 24.11.2014