Moderne norsk litteratur 2106

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentene kunne:

  • greie ut om hovudtrekk innanfor utvalde forfattarskap i norsk samtidslitteratur
  • analysere enkeltverk i lys av aktuelle problemstillingar
  • presentere sentrale forfattarar og verka deira
  • demonstrere tekstanalytisk kompetanse og evne til å uttrykke seg faglig

Innhold

Studentane skal få innsikt i sentrale tekstar og genrar frå nyare norsk litteratur, dvs. litteratur skriven dei siste 20-30 åra, med hovudvekt lagt på 90-talet og 2000-talet. Studentane skal få øving i å analysere tekstane litterært og drøfte samanhengen mellom tid og tekst.

Norsk samtidslitteratur. Hausten 2015 vil undervisninga vektlegge kroppen som motiv, situasjon og tema i den nyare norske litteraturen.

Arbeids- og læringsformer

Høstsemestret, 3 helgesamlingar. Det vil bli lagt ut forelesningar og anna undervisningsmateriell på nett. Helgesamlingane vil ha ein forelesningsdel og ein seminardel der studentane deltek aktivt med innlegg. Dei vil bli prøvde i ei skriftleg innlevering og einskriftleg slutteksamen.

Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk.

Vurderingsformer

Skriftleg, individuell heimeoppgåve (cirka 4000 ord) med rettleiing og skriftleg skoleeksamen. Heimeoppgåva tel 40 prosent og slutteksamen tel 60 prosent av karakteren.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Johan Magnus Staxrud <johan.m.staxrudSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 25.06.2015