Norsk 1 30NORSK1
Læringsmål
Norskfaget i allmennlærarutdanninga spenner vidt i innhald og arbeidsmåtar. Du kjem til å møte eit breitt spekter med disiplinar, du kjem til å lesa teori og skjønnlitteratur, skrive, arbeide saman med andre om undervisningsopplegg og få prøve ut norskfaglege undervisningsopplegg i praksis.
Den fagdidaktiske tenkinga og praksisen har fagkunnskapar som dreiepunkt. Med gode fagkunnskapar vil du kunne planlegge undervisinga på ein føremålsteneleg måte, du vil kunne tilpassa undervisninga den enkelte eleven og, ikkje minst, bli trygg på deg sjølv i lærarrolla.
Norskfaget dreiar seg om identitet, kulturarv, danning og vårt forhold til samtida og historia. Faget skal få oss til å sjå oss sjølve i ein større fleirkulturell samanheng. Men norskfaget er også eit handverk - det å kunne meistre det norske språket med sine to målformer - og det å kunne utvikle eit språk om språket. Språket manifesterer seg i teksten, som både det teoretiske og praktiske studiet samlar seg om.
Dei overordna måla med studiet er å utvikle teoretiske kunnskapar om ulike tekstar og sjangrar, få kunnskap om korleis lese- og skriveutviklinga til elevane artar seg og å skape gode undervisningssituasjonar der denne innsikta blir omsett i praktisk undervisningsarbeid, både av norskfagleg og av temabasert karakter.
Desse overordna måla blir konkretiserte i omtalen av fem studieemne. Før ein kan nå desse måla er det visse føresetnader som må vera til stades. Desse punkta er å rekne som basiskunnskapar som alle hovudemna i studiet bygger på:
-kunnskapar i grammatikk, inkludert tekstlingvistikk
-elementær litteratur- og sjangerteori
-ferdigheiter i å meistre bokmål og nynorsk i skrift , på eit nivå som minst svarar til studiekompetanse
Innhold
1. Elevteksten
Mykje norskdidaktisk aktivitet samlar seg om elevteksten. Du vil møte mange typar elevtekstar i studiet, f eks dei fyrste tekstskapingsforsøka av en 2. klassing, ei fantasyforteljing av ein 6. klassing, eit naturdikt av ein 4. klassing og ein resonnerande saktekst av ein 10. klassing. For å kunne forstå og vurdere desse tekstane, treng du sjangerteori og øving i å elevtekstanalyse og vurdering. Elevtekstvurdering er sentral i den praktiske delen av studiet. Tekstar skrivne av elevar med minoritetsbakgrunn krev, i tillegg til vanleg språkteori, kjennskap til språktypologi.
Mål:
- utvikling av språkteori for å kunne vurdere alle typar elevtekstar
- bli i stand til å sjå samanhengen mellom fagleg og fagpedagogisk vurdering av elevtekstar, med utgangspunkt i offisielle rettleiingar for vurdering
- bli i stand til å følgje utvikling av skriveferdigheitar hjå eleven med utgangspunkt i tekstar skrivne på ulike alderssteg
2. Munnleg bruk av språket
I lærargjerninga er det munnlege språket den viktigaste reiskapen din, og medvit om dette er viktig i norskfaget. Dette medvitet kviler på kjennskapen til forskjellen mellom tale og skrift, kjennskap til ulike munnlege kommunikasjonssituasjonar og kjennskap til og øving i sentrale munnlege sjangrar, som f eks forteljinga og føredraget. Studiet legg også vekt på vurdering av den munnlege aktiviteten i klasserommet.
Eit anna berande element i dette emnet er medvit om og kjennskap til språklege variasjonar, av geografisk eller sosial karakter.
For å kunne leggje til rette for ei god begynnaropplæring i lesing og skriving må du kjenne til viktige trekk i barns språkutvikling i førskolealder.
Det munnlege språket er ikkje berre tekniske ferdigheiter. Det levande ordet kan fungere overtydande og overtalande, som ei estetisk oppleving og som eit middel for erkjenning. Derfor er kjennskap til elementær retorikk viktig, og den gode klassesamtalen er ein sentral munnleg sjanger for læring og ny kunnskap som du får høve til å prøve ut i praksis.
Mål
-tileigning av kunnskap og innsikt om særtrekk ved det munnlege
-språketutvikling av eit medvit om korleis det munnlege språket kan brukast i undervisninga på ein føremålsteneleg måte
-meistring av munnlege sjangrar, som f eks forteljinga eller føredraget
3. Skjønnlitterære sjangrar
Innsikt i og forståing av det litterære språket er det viktigaste utgangspunktet for ei god litteraturundervisning. Du skal lesa eit utval av både eldre og nyare tekstar, vaksenlitteratur og barne- og ungdomslitteratur, ulike sjangrar som t. d. biletbok, dikt, novelle, roman. I arbeidet med desse tekstane vil ein legge vekt på ulike aspekt, som t. d. det estetiske, det etiske, det historiske og det didaktiske. I tillegg vil ein legge vekt på både tekstens historiske forankring og det tidlause ved god skjønnlitteratur. Basis for litteraturlesinga er litteraturteoretiske omgrep som ein må kunne bruke på dei tekstane ein les.
Den litterære samtalen er ein viktig didaktisk sjanger i litteraturlesinga, og i studiet vil du få høve til å prøve ut denne samtaleforma i klasserommet. Dessutan vil du lære om korleis skjønnlitteraturen kan brukast i tilpassa opplæring
Det fleirkulturelle samfunnet gjev litteraturlesinga ein ny dimensjon, og ein del av tekstutvalet må vera frå ikkje-nordiske kulturar - tekstar ein gjerne kan lesa i eit komparativt perspektiv.
Det mytiske tradisjonsstoffet kjem også inn under dette emnet. Folkeeventyrsjangeren, uttrykt i ulike kulturar, er sentral, i tillegg til anna mytisk og mytologisk stoff, blant anna frå det samiske området. Dei same innfallsvinklane som gjeld for skjønnlitteraturen vil også vera aktuelle for desse tekstane.
Tekstutvalet vil ta omsyn til jamstelling mellom målformene, og likestillinga mellom kjønna.
Mål:
-å kunne sjå eigenarten ved det skjønnlitterære språket
-utvikling av kunnskap og medvit om korleis den litterære teksten heng saman med historie og samtid
-å sjå samanhengen mellom mytisk stoff og skjønnlitterære tekstar
-utvikling av medvit og kunnskap om funksjonen og plassen til skjønnlitteratur og mytisk og anna tradisjonsstoff i ein undervisningssamanheng
4. Sakprosa
Medan skjønnlitteratur er den eine, er sakprosaen den andre hovudkategorien ein kan dele alle tekstar inn i. I studiet vil du møte sakprosaen på ulike måtar. Du vil lesa og lære om det kunstferdige essayet i grenselandet mellom skjønnlitteratur og sakprosa, du skal få kunnskap og kjennskap til digitale tekstar og lære om korleis nye medium skaper nye sjangrar, blant anna den munnleg/skriftlege sjangeren nettsamtalen og tekstmeldinga.
Grunnleggande kjennskap til hyperteksten som tekstform er viktig, i tillegg til fagdidaktisk innsikt i tradisjonelle sakprosasjangrar som t.d. lesarinnlegget, artikkelen og reklameteksten.
Vurdering av læremiddel, digitale og andre, er ein viktig del av dette emnet sidan nye undervisningsformer i grunnskulen skaper nye behov for nye læremiddel.
Mål:
-innsikt i sakprosa som teksttype, inkludert den digitale teksten
-å kunne gjera greie for og drøfte sjangervariasjon
-å vera i stand til å vurdere ulike typar læremiddel
-å kunne legge til rette for bruk av sakprosa i undervisninga
5. Lese- og skriveopplæring, lese- og skriveutvikling
For alle er lese- og skriveferdigheitene i konstant endring. Derfor gjeld dette emnet like mykje di eiga lesing og skriving som elevens.
Den førebuande og grunnleggande skrive- og leseopplæringa gjer oss til tenkande, skrivande og lesande menneske. Du vil få kjennskap til språkstimulerande tiltak på førskule- og småskulenivå, blant anna ved bruk av skjønnlitteratur. Du må kjenne til dei ulike teoriane om den fyrste lese- og skriveopplæringa og kunne vurdere metodar og læremiddel, bl a ikt.
Kjennskap til barns lesevanar og evne til å lesa og forstå ulike tekstar er viktig. Dette gjeld ikkje berre den grunnleggande leseopplæringa. Leseutviklinga er ein evigvarande prosess og gjeld sjølvsagt alle elevgrupper i grunnskulen.
Kunnskapar om skriveutviklinga til eleven er viktig. Eit teoretisk fundament for å kunne sjå ei skriveutvikling er ikkje minst viktig på barnetrinnet der dei ulike nivå i elevteksten ofte ligg meir skjult enn hjå eldre elevar.
For å kunne forstå og vurdere elevtekstar må du med språk- og sjangerteori øve deg i å analysere og vurdere tekstar i heile studiet. Elevtekstvurdering er sentralt i den praktiske delen av studiet.
Du vil lære om korleis ein kan oppdage og førebygge lese- og skrivevanskar. Lese- og skriveopplæringa hjå elevar med minoritetsbakgrunn krev spesiell merksemd på språktypologiske spørsmål, som blir tatt opp i studiet.
Når det gjeld di eiga skriving er det viktig at du i løpet av studiet skriv deg inn i ein akademisk og sakprega måte å skrive på, i tillegg til at du prøver deg i ulike sjangrar. Du må også prøve ut dei nye digitale tekstformene. Eit viktig mål for desse aktivitetane er at du ser samanhengen mellom skriving og læring, i tillegg til at dei gjer deg betre i stand til å undervise andre i skriving.
Du må ha kjennskap til den prosessorienterte skriveopplæringa, der ein bør rette spesiell merksemd om respons. Dette må du prøve ut saman med medstudentar og saman med elevane i praksis.
Du vil få kjennskap til andre former for skriveopplæring som t d sjangerskriving, kreativ skriving, opplæring i sidemålet , bruk av IKT.
Mål:
-å vera i stand til å vurdere metodar i den fyrste lese- og skriveopplæring bygd på teoretisk innsikt
-å få kjennskap til ulike språkstimulerande tiltak på alle alderssteg
-å få innsikt i teoriar omkring lesing og leseutvikling på alle alderssteg, og å vurdere ulike stadium av leseferdigheiter hjå elver du møter i praksis
-å få kjennskap til ulike former for skriveopplæring og vera i stand til å vurdere ulike arbeidsmåtar
-utvikling av ein språkteoretisk basis for å kunne vurderer alle typar elevtekstar
-bli i stand til å sjå samanhengen mellom ei fagleg og ei fagpedagogisk vurdering avelevtekstar, primært med utgangspunkt i offisielle rettleiingar for vurdering
-bli i stand til å følgje ei utvikling av skriveferdigheiter hjå eleven med utgangspunkt i tekstar skrivne på ulike alderssteg
-å utvikle dine eigne skriveferdigheiter og ditt sjangermedvit og vera i stand til å sjå samanhengen mellom skriving og læring
6. Norskundervisning
Som norsklærar går du inn i ein lang og ærerik tradisjon. Du bør kjenne til ein del av denne tradisjonen for å kunne gå laus på nye arbeidsmåtar og metodar. Derfor er det viktig at du kjenner til noko av faghistoria for å bygge på det beste av det gamle i møtet med ei ny tid.
Tema- og prosjektarbeid er ei vanleg arbeidsform i grunnskulen ,og det set både faget og deg på nye prøver og gjev norskfaget nye mogelegheiter. Det er viktig at du er i stand til å vurdere dei norskfaglege måla i eit større tema/prosjektarbeid slik at både norskfaget og det overordna temaet kan gjensidig lære av kvarandre. I studiet skal du få erfaring med temabasert undervisning der eitt viktig mål er å kunne vurdere det norskfaglege utbyttet. Denne undervisningsforma kjem du også til å møte i praksis.
Bruk av IKT er med å endre norskfaget. Den grunnleggande oppfatninga av kva ein tekst er for noko er ikkje lenger eintydig. Nye tekstformer og nye medium stiller nye krav til fagdidaktisk medvit. Spesielt vil bruk av internett krevje grundig og omfattande kjeldekritikk av lærar og elev. Gjennom studiet vil det bli fokusert på dette.
Barn og unge lever i ein kultur der lyd, bilete, skrift og tale utgjer til saman ein tekstheilskap. Denne samansette teksttypen blir stadig viktigare for å kunne forstå barns forestillingsverd. Derfor er medvit om og innsikt i sjangrar som t d biletbøker, teikneseriar, musikkvideoar, nettsider og film viktig for deg som norsklærar
Som norsklærar må ein heile tida vera i stand til å endre på opplegg og arbeidsmåtar dersom situasjonen krev det. Med basis i fagdidaktisk innsikt må ein vera i stand til å endre innhald og form på undervisninga. Med det same utgangspunktet bør ein også kunne legge opp til varierte undervisningsformer.
I vår fleirkulturelle tidsalder må norskfaget finne seg sjølv på nytt. Det er vesentleg at ein gjennom studiet, og seinare, heile tida reflekterer over norskfagets plass i ei tid der det ikkje berre er morsmålet norsk ein kan høyre i det multikulturelle mangfaldet.
Mål:
-å få kjennskap til korte trekk av faghistoria
-å vera i stand til å vurdere det norskfaglege utbytet av tverrfaglege arbeidsmåtar
-å ha eit kritisk forhold til kjelder i arbeid med norskfaglege emne
-å kunne legge opp til varierte undervisningsmåtar og vera i stand til å revurdere desse
-å kunne sjå arbeidet ditt som norsklærar i eit større fleirkulturelt perspektiv
Organisering
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, individuell rettleiing, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Classfronter osv. Nærmare presiseringar når det gjeld gjennomføring av semestera blir gitt i semesterplanen (t.d. fristar, organisering, obligatorisk frammøte).
Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument og presiserer innhald og den praktiske gjennomføringa av semesteret.
Norsk gir innføring i grunnleggjande vitskapsteoretisk emne tekst og tolking tilsvarande 1 sp. Heile studiet er kvantifisert til 30 studiepoeng, og arbeidsmengda er fordelt likt på kvart semester.
Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. I arbeidsmappa samlar du alt du skriv i løpet av året: smått, stort, uferdige og meir gjennomtenkte tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar medan andre ventar ein at du sjølv, saman med medstudentar, gjev tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til "ferdig tekst", men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar godkjenner arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering. Sluttvurderinga kjem til uttrykk i form av endeleg karakter gitt på sluttprøvene. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga som du vil få, t d i form av tilbakemeldingar på skriftlege arbeid.
a) Undervegsvurdering. (Obligatoriske portar)
Norskstudiet har seks portar som du må passere for å kunne bli oppmeldt til eksamen i 2. semester. Desse prøvene blir vurdert til bestått/ikkje bestått
Obligatorisk prøve i grammatikk
Du vil bli prøvd i elementære grammatiske begrep
Obligatoriske munnlege framføringar
Du skal presentere munnleg eit emne for medstudentane dine og faglærar, med utgangspunkt i emne frå teoripensum eller erfaringar frå praksis. Minst ein munnleg framføring vert lagt til 1.semester og minst ein til 2. semester.
Obligatorisk skrivedag/ POS
Det blir arrangert ein obligatorisk skrivedag i løpet av studiet.
Gjennomført prosjekt knytt til praksis
Godkjent fleirfagleg prosjekt
Godkjenning av arbeidsmappa
Dei tekstane du skriv i løpet av studiet samlar du i ei arbeidsmappe som må godkjennast for å få ei sluttvurdering 2. semester. Semesterplanen ved studiestart gir nærmare presisering av innhaldet i arbeidsmappa. Dei tekstane som skal leverast til vurdering av faglærar skal skrivast på den målforma du ikkje vel til skriftleg sluttprøve.
b) Sluttvurdering
Sluttvurderinga etter 2. semester omfattar ei individuell, skriftleg prøve (6 timar) og ei munnleg prøve. Prøvene tar utgangspunkt i emne frå pensum, f eks godkjend arbeidsmappe og/eller ukjend tekst.
Under den munnlege prøva vil du få spørsmål knytt til pensumemne med nærmare presisering ved studiestart.
Karakteren du får på den skriftlege prøva tel 40% av sluttkarakteren, karakteren på den munnlege prøva tel 60%. Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til E, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Widar Madssen - 28.04.2006