Anvendt mikrobiologi 4307
Læringsmål
Studentane skal vere i stand til å planleggje og gjennomføre mikrobiologiske analysar. Dei skal kunne analysere på indikatorbakteriar og sjukdomsframkallande mikrobar. Studentane skal få ei forståing av smittevegane, patogenitet og miljøforhold som er viktig for mikroorganismar.
Innhold
Arbeid på laboratoriet står sentralt med sikte på å lære diagnostikk av dei viktigaste sjukdoms-framkallande bakteriane. Laboratorieprosedyrar og anna materiell blir utlevera. Ein vil og diagnostisere indikatorbakteriar frå vatn. Det blir lagt mykje vekt på laboratorieanalysane. Studentane skal på denne bakgrunn kunne velje metodar for påvising av ulike mikroorganismar. Det blir og lagt vekt på at studentane skal kunne forstå og vurdere styrke og veikskap i dei metodane som blir nytta på laboratoriet. Det blir halde seminar og forelesingar om dei ulike mikrobane.
Organisering
60 timar laboratoriearbeid, seminar og forelesingar.
Obligatorisk: all undervisning i emnet
Vurderingsformer
Det blir sett karakterar på to delprøver med mappevurdering: ein laboratorierapport og ein fleivalstest (2 timar) som utgjer o.l. halvparten kvar og som til saman tel 40% og ei sluttprøve (4 timar) som tel 60% av endeleg sluttkarakter.
Begge delprøvene må vere bestått, og laboratorierapporten og fleirvalstesten må vere bestått for å kunne gå opp til sluttprøva.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 18.05.2006