Fransk 1 2707
Læringsmål
Målet med kurset er å gje ei grunnleggande innføring i moderne fransk språk, slik at studentane etter gjennomført kurs skal kunne føre daglegdagse samtalar på fransk og lese og skrive fransk på eit elementært nivå. Kurset skal også leggje til rette for studentanes fyrste møte med samfunnstilhøve og kultur i Frankrike.
Innhold
Emnet er eit elementært og intensivt språkkurs i eit omfang på 10 studiepoeng, lokalisert til Frankrike. Kurset skal gje grunnleggande dugleik i fransk. Kurset passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i fransk frå vidaregåande skule eller liknande, men det kan også fungere som ei frittståande grunnopplæring i språket.
Organisering
Forelesingar og seminar ca. 100 timar fordelt på 12 veker, med hovudtyngda på dei 4 fyrste vekene. Forelesingar og gruppearbeid.
Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom kurset. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt:
1) Ei munnleg prøve på ca. 40 min, med ei samtale på fransk om emne som er gjennomgått i kursboka, og høgtlesing frå og samtale om tekster på fransk.
2) Ei skriftleg prøve på 3 timar. Den munnlege og den skriftlege delen av eksamenen tel kvar 50 prosent av endeleg resultat. Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringskurset.
Det blir gjevne graderte karakterar frå A til F. E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 23.05.2005