Latin-Amerika i verden 2716

Læringsmål

Siktemålet er å gi ei innføring i globaliseringsstudiar ut fra latin-amerikanske erfaringar. Studentane skal bli kjent med latin-amerikansk tenking og med regionen forstått som eit kryssingspunkt mellom sivilisasjonar, eit mangehundreårig eksperiment i kulturmøte og etnisk mangfald. Regionen si historie har vori merkt av ufridom og utbytting, men også av storstilte visjonar og forhåpningar. Frå Columbus si tid har Latin-Amerika vori eit terreng for samfunnsvisjon og utopi, drøm og nederlag. Studentane skal stimulerast til å tenke globalisering både som ein tusenårig prosess og som ei ny slags erfaring i vår tid. Med utgangspunkt i regionen si unike og til dels tragiske historie, lærer ein å sjå økonomiske, politiske og kulturelle aspekt ved globaliseringa i samanheng.

Innhold

I pensum vil ein ta vare på både kulturelle, økonomiske, politiske og naturvitskaplege aspekt ved globaliseringsproblematikken. Kurset vil drøfte viktige trekk ved den intellektuelle, kulturelle og sosiale historia i Latin-Amerika med særleg vekt på regionen sitt tilhøve til Europa, USA og Afrika. Startpunktet er møtet mellom europearar og indianarar og folkemordet som følgde. Kurset blir halde saman av sin empiri som er Latin-Amerika forstått som eit krysningspunkt mellom sivilisasjonar. Kurset er (idé)-historisk, men ein tar i bruk  ein del sosialantropologisk og litteraturvitskapleg metode. Teoretisk ligg eit tyngdepunkt på møtet mellom spaniere og indianere (Cortés og Moctezuma). Latin-Amerika har i mange hundreår vore ein stad der menneske frå heile verda har blitt rista saman. I tillegg til pensum bør studentane bli oppfordra til å lese reiseskildringar frå Latin-Amerika, ikkje minst Che Guevaras Motorsykkeldagbøker. Dessutan vil dei få anbefalt minst ei bok om Cubas historie og samfunnsliv. 

 

Organisering

Forelesingar og seminar. Studentane skal utarbeide ei individuell skriftleg semesteroppgåve med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalast med rettleiar.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte skriftlege prøver og/eller innleveringar som til sammen tel 40% av den endelege karakteren.

Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøve må være bestått for å få bestått karakter i emnet.
Graderte karakterar fra A til F, der E er siste ståkarakter.

 

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 23.05.2005