Nordisk historie 3507

Læringsmål

Historieforskninga i dei nordiske landa har tradisjonelt vore mest opptatt av nasjonalstatane. Dette halvårsstudiet tar utgangspunkt i at Norden kan oppfattast som ein heilskap med kulturelle, sosiale og politiske særtrekk. Studiet vil løfte fram det nordiske perspektivet, og gi innsyn i kva den nordiske samanhengen har hatt å seie i historia, og i korleis vi kan forstå viktige forskjellar og likskapar mellom dei nordiske landa.

Innhold

1. Metode/teori - det blir lagt vekt på komparasjon og bruk av kvantitative og kvalitative metodar. Omgrepet !"Norden" vil bli drøfta spesielt.

2. Nordisk historie oversikt - ei stutt innføring i hovudtrekka i nordisk historie frå mellomaldaren til 1900-talet, med ei viss tematisering.

3. Politisk kultur, normer og sosial kontroll i Norden 1500-1800 - Emnet har to tyngdepunkt. For det første skal ein studere den politiske kulturen som omfattar deltaking, ytringsformer, avgjerdsprosessar og avgjerdsprinsipp. Dernest skal ein studere korleis den offisielle kontrollen og den uoffisielle disiplineringa av folket fungerte, og korleis konfliktar, normer og lovbrot blei handterte, først og fremst slik det kjem til uttrykk ved domstolane og i rettsmaterialet.

4. Nordisk politisk kultur og 'den nordiske modellen'. Tida etter ca. midten av 1800-talet. I dette emnet vil ein sjå nærare på utviklinga av og grunntrekk ved ein nordisk politisk kultur og vurdere kor særmerkt han er sett i ein større samanheng, om det t.d. finst ein særnordisk variant av velferdsstaten.

Organisering

Forelesningar og seminar. Det kan bli fastset obligatoriske arbeidskrav, m.a. innlevering av oppgåver. Desse kjem ev i tillegg til obligatoriske heimeoppgåver som er ein del av eksamen/vurdering.

Ein viktig del av studiet er ein ekskursjon på ca. ei veke til eit anna nordisk land. Tidlegare år har vi reist til Schæffergården i Danmark og til Hanaholmen i Finland.

Vurderingsformer

Eksamen består av
a) undervegsprøve i metode/teori og nordisk historie oversyn (skoleeksamen første halvdel av oktober), som tel ein tredel av samla karakter
b) sluttprøve i dei to emnestudia (heimeeksamen pluss munnleg prøve seint i november-desember), som tel to tredjedelar av samla karakter for halvårsstudiet.
Alle eksamensdelar må vere bestått for å få bestått i emnet.

Ved kontinuasjonseksamen seinare semester vert heimeoppgåva i dei to emnestudia på visse vilkår erstatta av skoleeksamen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 12.05.2005