Prosjekt 3495
Læringsmål
Studentane skal kunne gjennomføre eit utstillingsprosjekt, frå konseptutvikling til ferdig utstilling, med alle kurator- og formidlingsoppgåver. Dei skal kunne presentere prosjektet for andre og avgi rapport.
Innhold
Prosjektet skal trene studentane i prosjektarbeid der fleire deltakarar og og ev også fleire kunstinstitusjonar blir involvert.
Organisering
Studentane skal realisere eit utstillingsprosjekt i samarbeid med praksisinstitusjonane deira. Det blir halde ei avsluttande samling, og faglærar vil vitje praksisinstitusjonane på tidspunkt som passar med gjennomføringa av prosjektet. Dei kan og fungere som rettleiarar i planlegginga av prosjektet. Førebuing til prosjekt startar alt under første hovudemne, og blir følgd opp gjennom dei andre emna.
Vurderingsformer
Prosjektomtale i ulike stadier skal godkjennast i løpet av dei tidlegare hovudemna. Endeleg prosjekt skal godkjennast når det er gjennomført i samsvar med godkjent prosjektomtale.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Ralph Ingemar Stålberg <Ralph.StalbergSPAMFILTER@hit.no> - 06.11.2006