Distribusjonskanalar 5207
Læringsmål
I dette emnet skal studentane få kunnskapar til å møte dei utfordringane verksemdene står over for når dei skal få varer og tenester fram til sluttkundane. Å utvikle gode distribusjonsløysingar ser ut til å bli viktigare og viktigare i ei tid med stor internasjonal konkurranse. Alle verksemder må ha gode kunnskapar om struktur, åtferd og virkemåte i dei ulike distribusjonskanalane for å komme fram til løysingar som er gode for alle partar. Ved å ta utgangspunkt i teoriar for korleis organisasjonar fungerar interorganisatorisk, tek ein vare på heilskapssynet som er viktig for å forstå samanhengar. Ein slik bakgrunn må ein ha for å finne dei rette strategiane innan området distribusjon.
Innhold
Emnet skal gi studentane et innblikk i korleis distribusjonssystem er bygd opp og korleis dei fungerer. Sentrale omgrep er makt og relasjonar. Distribusjon som ein del av logistikksystemet vil bli omtalt særskilt, men hovudfokus vil være pÃ¥ dei eksterne relasjonane mellom deltakarane i ein distribusjonskanal. Sjølvsagt vil ogsÃ¥ relasjonane mellom kanal og kundane ha ein viktig plass i kurset. Konkurransen har utvikla seg frÃ¥ Ã¥ være ein konkurranse mellom einskildaktørar til Ã¥ bli ein konkurranse mellom vertikalt integrerte system. Ein viktig del av kurset vil være internasjonal detaljhandel som er eit godt døme pÃ¥ korleis distribusjonskanaler er integrert pÃ¥ tvers av landegrensene.Â
Organisering
3-4 timar forelesing i vårsemesteret.
Vurderingsformer
Mappevaluering. Mappa er sett saman av ei obligatorisk innlevering (gruppe) (40%) og ei skriftleg individuell sluttprøve, 3 timar (60%). Gruppa skal normalt ha 2 -3 studentar, men det er høve til individuell levering etter særskilt vurdering. Alle delprøver må vere bestått.
Â
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 11.05.2005