IT-leiing 5613

Læringsmål

Emnet skal gi kompetanse i korleis informasjonsteknologi (IT) kan bidra til auka effektivitet og verdiskaping i organisasjonar. Målet med emnet er å gi ei innføring i planlegging, organisering og leiing av IT-aktivitetar.

Innhold

IT nytta strategisk i organisasjonar ved utvikling og iverksetting av IT-strategiar og IT-planar. Administrasjon, planlegging, oppgradering og utskifting av ulike IT-system. Leiing av utvikling- og omstillingsprosessar. Effektivt samspel mellom teknologi, menneske og organisasjon, systemutvikling og organisasjonsutvikling. IT og juridiske aspekt, avtaler, etikk og normer på området. Informasjonsleiing og ulike informasjonssystem si rolle i informasjonsbehandlinga til organisasjonar. Informasjonsressursforvaltning, kvalitetsikring og personvern.

Organisering

3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.

Vurderingsformer

2 timars individuell, skriftleg midtprøve, og ei individuell, skriftleg 3 timars sluttprøve. Midtprøva tel 40 % av samla karakter og sluttprøva tel 60 %. De blir gitt obligatoriske oppgåver som skal vere godkjent før ein kan gå opp til sluttprøve. Alle delprøver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 11.05.2005