Makroøkonomisk teori og politikk 5311
Læringsmål
Studentane skal få innsikt i korleis ein vurderer eit lands økonomiske tilstand og utviklingstendensar. Ein skal forstå årsaka til og verknadene av konjunktursvingingar på kort sikt, blant anna korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader og kan påverke det generelle økonomiske aktivitetsnivået i landet. Styresmaktenes penge- og finanspolitikk er viktig i denne samanhengen, og korleis politikken verkar i ulike valutaregime. Formålet er å gjere studentane betre i stand til å følgje med i media og diskusjonar om landets generelle økonomiske utvikling og kva denne utviklinga har å seie for den einskilde bedrift. Samfunnsøkonomiske makromodellar skal inngå som analyseverktøy.
Innhold
Dei sentrale faglege element i kurset er:
- Makroøkonomiske målsettingar og verkemidlar
- Nasjonalrekneskap
- Arbeidsmarknaden og ulike typar av arbeidsløyse
- Etterspurnad og tilbod på makronivå
- Multiplikatormodell med variablane: Samla aktivitetsnivå, makro privat konsum, makro private realinvesteringar, offentlege utgifter og skattar, handel med utlandet, valutamarknaden
- Makroøkonomisk stabiliseringspolitikk
Organisering
3-4 timar forelesing i haustsemesteret.
Vurderingsformer
3 innleveringsoppgåver og skriftleg eksamen, 4 timar. Alle delprøver må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 19.04.2005