Marknadsanalyse og prosjektarbeid, internasjonal marknadsføring 5209
Læringsmål
Prosjektarbeidet skal øve studentane i å løyse utredningsproblem, men ikkje daglege driftsoppgåver innan internasjonalisering og internasjonal marknadsføring. Studentane skal arbeide sjølvstendig, men under rettleiing av faglærar. Prosjektarbeidet skal gi studentane høve til å løyse større oppgåver som krev innsamling og analyse av data og rapportering av samansette problem. Arbeidet skal vere realistisk og problemløysande, med tema som er relevante for bedrifter som driv med internasjonalisering og internasjonal marknadsføring. Prosjektarbeidet skal og gi studentane høve til å arbeide systematisk med målretta problemidentifikasjon, informasjonssøking og skriftleg rapportering i form av ei utgreiing, med dei formalkrava det gir til arbeidet.
Organisering
Undervisning og rettleiing i vårsemesteret av individuelle og gruppevise oppgåver etter eit nærare fastsett program.
Vurderingsformer
Prosjektoppgåva skal leverast til sensurering som eksamensarbeid. Prosjektarbeidet skal normalt gå føre seg i grupper på 2-3 studentar, men det er høve til individuelt arbeid i einskilde tilhøve. Graderte karakterar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 27.05.2005