Objektbasert programmering 5608
Læringsmål
Studentane skal bli kjende med viktige omgrep, metodar og språk som blir nytta for programutvikling, og få røynsle med moderne utviklingsverkty. Studentane skal bli i stand til å utvikle enkle applikasjonar med grafisk brukargrensesnitt i eit objektorientert programmeringsspråk.
Innhold
Program og programutføring. Programmeringsverkty. Dokumentasjon og testing. Viktige konstruksjonar i eit objektorientert programmeringsspråk: Variablar, datatypar, uttrykk, valsetningar, iterasjon (løkker), klasser, objekt, metodar, parameteroverføring, samarbeid mellom objekt, tabellar og objektsamlingar. Filhandtering og unntakshandtering. Grafiske brukargrensesnitt og hendingsutløyst programmering. Introduksjon til subklasser og programmeringsgrensesnitt (interface).
Organisering
6 timar forelesingar, øvingar og rettleiing pr veke i vårsemesteret.
Vurderingsformer
1 times individuell, skriftleg undervegsprøve og ei individuell, skriftleg 4 timars sluttprøve. Undervegsprøva tel 20 % av samla karakter og sluttprøva 80 %. Det blir gitt obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til sluttprøve. Alle delprøver må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 22.04.2005