114 Geografiske informasjonssystem, påbygging, master
Målgruppe og opptakskrav
GIS er eit reiskapsfag som høver i kombinasjon med andre studium og fag. Målgrupper kan såleis vere:
- Studentar med utdanning frå tverrfaglege studium som natur-, helse og miljøvern, økonomi og administrasjon, kultur eller idrett/friluftsliv.
- Studentar som tek sikte på bachelorgrad og/eller vidare studium, der GIS-studiet kan gå inn som ei årseining.
- Tilsette i privat eller offentleg verksemd som ønskjer etter- eller vidareutdanning i GIS. Så langt det er laboratoriekapasitet for det, vil også einskildemne frå GIS-studiet kunne brukast som valemne i andre studium.
Studiet er eit tilbod til studentar med 2 års høgare utdanning, med til saman 15-20 studiepoeng i matematikk, statistikk og informatikk. Søkjarar med relevant praksis og kortare utdanning blir vurderte individuelt.
Mål for studieprogrammet
Gjennom studiet blir det gitt eit breitt grunnlag for bruk av GIS i næringsliv, forvaltning, undervisning og forsking i Noreg og internasjonalt. Vidare skal studentane sjølve gjennom forlesingar og øvingar bli operative i bruk av GIS innafor område der dei gjennom utdanninga elles har sitt faglege fundament, og kunne stå for innføring av GIS i ein organisasjon.
GIS blir teke i bruk på stadig fleire felt. Studiet gir eit breitt grunnlag for arbeid med GIS i næringsliv og forvaltning.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Ny fagblokk
|
Studiet er eit påbyggingsstudium med normert studietid på 1 år.
Studiet er delt opp i emne som til vanleg går over eitt semester. Heile studiet er på 60 studiepoeng fordelt med 30 studiepoeng på kvart semester.
Alterneringsemne (det blir undervist i eitt av desse kvart vårsemester):
5703 GIS, samfunn og planlegging, 10 stp.
5704 Fjernanalyse og terrengmodellering, 10 stp.
Arbeids- og læringsformer
- Forelesingar
- Eit større prosjektarbeid i grupper med rettleiing
- Mindre prosjektoppgåver integrerte i ordinære emne
- Sjølvstudium
Vurderingsformer
Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 12.06.2008