305 Bachelorstudium i kulturarbeid, 3.år
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppa er høgskolekandidatar i kulturarbeid eller studentar som har anna relevant toårig utdanning
Videre studiemuligheter
Studiet kan, saman med anna relevant utdanning, gå inn som eit sjølvstendig år i ein bachelorgrad.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Kulturarbeid tredje studieår
|
Studiet er identisk med tredje år i bachelorstudiet i kulturarbeid. Året er entreprenørskapsretta, med administrative og prosjektretta emne, og er i stor grad prega av sjølvstendig arbeid. I Feltarbeid med rapport skal studentane sjølv finne praksisplass, dei skal studere kulturproduksjon og skrive ein individuell rapport.
Alle emna er obligatoriske.
Studietur kan gjennomførast på initiativ frå studentane. Dei har sjølv ansvaret for planlegging og gjennomføring, i samarbeid med dei tilsette.
Arbeids- og læringsformer
Tredje året har studentane saman med dei fagleg tilsette, ansvar for planlegging og gjennomføring av inntil ein obligatorisk studietur i Europa.
Forholdet mellom teori/praksis
Kulturstudiet ved HiT er som det einaste i landet tilknytt det europeiske nettverket av kulturprodusent-utdanningar, ENCATC. Gjennom dette internasjonale nettverket får inntil fire studentar på tredje året ta del i eit to vekers prosjekt, Synaxis Baltica - Student Culture Management kvart år.
Vurderingsformer
I hovuddelen av studiet nyttar ein individuell skriftleg eksamen med bokstavkarakterar, der A til E er bestått, og F er ikkje bestått.
I einskilde emne kan ein òg nytte andre evalueringsformer:
Evaluering gjennom større skriftlege arbeid og ved munnleg prøve; individuelt eller i gruppe med stått/ikkje stått eller graderte karakterar (seminaroppgåve, prosjektrapport).
Heimeeksamen over ei veke (individuelt eller i gruppe). Graderte karakterar.
Arbeidskrav knytt til undervisninga, t.d. rapportskriving frå fagturar, stutte utgreiingar, framlegging av stoff.
Alle deleksamenar og obligatoriske oppgåver må vere stått for å få stått i heile emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 23.05.2005