628 Folkekunst 1. årsenhet grunnutdanning
Målgruppe og opptakskrav
Studieplan for grunnstudiet i Folkekunst er godkjend av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i brev av 10. oktober 1985.
Med norsk folkekunst meinar ein her dei materielle kunstformene som er utvikla i norske bygder fram mot vår tid.
På bakgrunn av studieplan vert det utarbeida semesterplaner.
Opptakskrav
Studiet i norsk folkekunst er eit tilbod til dei som er interessert i utøving, formidling og undervisning innan folkekunst. Det er krav om generell studiekompetanse eller realkompetanse for å kunne bli teken opp på studiet.
Kompetanse
Eit grunnstudium og eit påbyggingsstudium i folkekunst kan gå inn som eitt eller to år i ei bachelorgrad. Utdanninga kan kombinerast med anna høgare utdanning som t.d. utdanning innom kulturarbeid eller kan inngå som del av ei 4-årig allmennlærarutdanning, eller som del av ei faglærarutdanning i forming. Studiet gjev 60 studiepoeng.
Mål for studieprogrammet
Studiet har som mål å gje studentane ei innføring i norsk folkekunst og på det grunnlaget å setja dei i stand til å arbeide for vern, vidareføring og fornying av den materielle formkulturen i bygdene våre gjennom utøving, formidling og undervisning. Studiet har både ei tradisjonsvernande og ei tradisjonsfornyande side.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Studiet har 4 hovudemne:
Historiske fag - skal gje eit oversyn over det mangfaldet som finst innan folkekunsten og sette gjenstandane inn i ein kulturell, sosial og kulturhistorisk samanheng.
Fagdidaktikk - tek føre seg spørsmål knytt til utøving og formidling av folkekunst.
Estetiske fag - skal gje kunnskap om og røynsle i arbeid med estetiske verkemiddel. Faget inneheld mellom anna fargelære, teikning og studie av form.
Verkstadfag - tek sikte på å gje den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst. Ein legg vekt på grunnleggande kjennskap til materiale, reiskap, arbeidsmetodar og arbeidsteknikkar. Ein kan velge mellom arbeid i tre, metall eller tekstil.
Studiet er organisera i ein fellesdel og ein fordjupingsdel. Fellesdelen inneheld historiske fag, fagdidaktikk og delar av estetiske fag. Fordjupingsdelen inneheld verkstadfaget og delar av estetiske fag. I verkstadfaget vel ein å arbeide innanfor eitt av områda tre, metall eller tekstil.
Vektinga mellom dei ulike komponentane er:
Historiske fag |
12 studiepoeng |
Fagdidaktikk |
6 studiepoeng |
Estetiske fag |
12 studiepoeng |
Verkstadfag |
30 studiepoeng |
3.1 FELLESDEL
Hovudemne HISTORISKE FAG
Mål
Å bli kjent med folkekunstens vesen, korleis dette kjem til uttrykk gjennom ting, byggverk og litteratur.
Innhald
I dette faget vil ein gje eit historisk og eit kulturhistorisk oversyn som bakgrunn for folkekunsten si utvikling, den oppblomstring av folkekunsten som vi får frå midten av 1700-talet og den standardiseringa vi får mot slutten av 1800. Her blir også fleire tema teke opp under fagdidaktikken.
Ein vil gå inn på dei samfunnsmessige tilhøve folkekunsten levde under, det vil seie dei sosiale, økonomiske og næringsmessige tilhøve. Ei innføring i arbeidsliv, fest og høgtid, folketru og folkesed vil vera med å kaste lys over dei sosiale samanhengar som gjenstandane i folkekunsten står i.
Faget vil gje ei innføring i europeisk stilhistorie, for å plassere norsk folkekunst i ein kunsthistorisk samanheng..
Faget vil vidare gje eit oversyn over dei ymse sider av folkekunsten, korleis dei har vakse fram og utvikla seg i forskjellige delar av landet vårt. Dette gjeld både byggverk, innbu og den dekorative folkekunsten i måling, treskurd, metall- og tekstilarbeid.
Delemne
Historisk - kulturhistorisk bakgrunn
- Bygde-Noreg, nærings - arbeidsliv
- Sosiale tilhøve, husmannsvesen
- Gamal / ny tid – ”hamskiftet”
Byggeskikk
- Stavbygg og laft.
- Stuetyper og tuntyper. (Innreidnad, eldstad)
Laug - bygdehandverk - husflid
- Laugs-systemet. Bygdehandverkaren, kven var han, tradisjon og traderingsprosessen.
- Husflid - handverk Handverksbygd - bygdehandverkaren.
Innbu - bruksgjenstandar
- Historikk - funksjon - bruk - stil - gjenstandsanalyse.
Folkekunst i forskjellig materiale og teknikk
uttrykk - utvikling - spreiing - kulturområde - utøvarar
- Tekstil - åkle, biletvev Folkedrakt - bunad
- Metall - smed/sylvsmed - draktsylv
- Treskurd. Karveskurd - flatskurd - akantus/krillskurd
- Måla dekor. Rosemåling - stilretningar
Biletverda i folkekunsten - symbol
- Symbol/ magiske teikn.
- Inspirasjonskjelder - Folkekunstens uttrykksformer.
Folketru og tradisjon i arbeid og høgtid
- Høgtider i året - jol...
- Høgtider i livet - dåp...
Stilhistorie
Frå oldtid til og med historisme
Hovudemne FAGDIDAKTIKK
Mål
Målet for faget er å gjere studentane i stand til å planleggje, grunngje og vurdere konsekvensar av folkekunstformidling i ulike samanhengar.
For å nå dette målet skal ein mellom anna drøfte
- Kva er folkekunst ?
- Kvifor folkekunststudium ?
- Korleis arbeide med tanke på utøving og formidling innan folkekunst ?
Innhald
For å kunne gå inn på desse spørsmåla (kva, kvifor og korleis), må studenten tileigne seg kunnskap om korleis folkekunstomgrepet har utvikla seg historisk. Dei må vidare setje seg inn i ein del elementære samfunnsfaglege omgrep og teoriar for betre å kunne sjå tilhøvet mellom folkekulturen og samfunnet og den utøvande (folke)kunstnaren sin plass innan ulike samfunnsformer og i forskjellige historiske epokar. Den norske og nordiske kulturen skal forståast i ein europeisk / global samanheng.
Utifrå dette skal dei på sjølvstendig grunnlag kunne drøfte innhaldet i folkekunststudiet og den plassen studiet og folkekunsten har i eit moderne samfunn.
Studentane skal kunne formidle røynsler frå praktisk arbeid innanfor folkekunst ved å skaffe seg kunnskap om prosjektarbeid og rapportskriving knytt til dette. Dei skal også lære seg ein del elementær kommunikasjonsteori.
Studentane skal øve seg i praktisk formidling av folkekunst ved å arrangere utstillingar undervegs i studieåret. Fagdidaktiske tema skal elles integrerast i den andre undervisninga, t.d. i verkstadarbeid, prosjektarbeid eller gjennom anna fagteoretisk / praktisk undervisning.
Delemne
Kva er folkekunst
Kulturdefinisjonar / samfunn
Status / rolle / funksjon
Det lokale, det nasjonale og det globale
Identitet, etnisitet og nasjon
Folkekulturen si meiningsberande kraft
Folkekulturen og bygginga av nasjonen
Prosessane i den norske nasjonsbygginga frå slutten av 1700-talet
Gamal – Ny tid, ” Hamskiftet”
Prosjektarbeid
Prosjektgjennomføring og utvikling av problemstilling
Prosjektrapport
Formidlingsoppgåver
Utstillingar
Kunst - og handverksdagar
Pedagogisk praksis
(Spesialemne for dei som tek årseining som del av lærarutdanning. Denne praksisen vert organisera av praksisadministrasjonen på Notodden)
Emnet omhandlar desse punkta:
- Grunngjeving, planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisningsopplegg i folkekunst.
- Undervisningsrom og utstyr
- Utprøving av eit undervisningsopplegg.(Omfang på praksis omlag 20 undervisningstimar.)
Hovudemne ESTETISKE FAG
Mål
Målsetjinga for estetiske fag er å utvikle sansen for estetiske kvalitetar og gjera studentane i stand til å arbeida medvete med form, farge, dekor og materialar. Mykje av undervisninga i estetiske fag er ei førebuing til arbeidet som skjer på verkstaden. Gjennom dette faget søkjer ein også å gjere studentane merksame på estetisk praksis i folkekunsten.
Innhald
I estetiske fag vil ein arbeide med å visualisere eigne tankar og idear. Gjennom å øva visuelt medvet - gjera studentane betre i stand til å uttrykke ideane sine.
Ved studium av form skal studentane få erfaring med ulike estetiske verkemiddel, både to - og tredimensjonalt. Eit viktig emne er samspelet mellom form og materiale.
Studentane må få kjennskap til farge som estetisk verkemiddel, og korleis ein kan nytte fargen som eige fargeuttrykk.
Studentane skal få erfaring med korleis dekor kan vere med på å gjera gjenstanden vakrare, og korleis det dekorative er ei viktig side ved folkekunsten og ved estetisk utfalding.
Delemna Dekor og Farge er spesielt retta inn mot hovudemnet Dekor i verkstadfaget og vert ein del av studieoppgåve III. Arbeidsoppgåver innan Teikning og Form/funksjon skal leverast inn og vert ein del av studentmappe og grunnlag for avsluttande karakter.
Delemne
Estetikk
- Estetisk analyse
- Formalestetikk
Teikning
- Frihandsteikning
- Croquis
- Skissering/registrering
- Fagteikning
Dekor
- Ornament
- Flatemønster
- Dekor/form
Farge
- Fargeteori
- Harmonilære
Form/funksjon
- Perspektivteikning
- Komposisjon
- Todimensjonalitet / tredimensjonalitet
3.2 FORDJUPINGSDEL
VERKSTADFAG TRE · METALL · TEKSTIL
Mål
Dette fagområdet femner om den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst og arbeid med fornying av folkekunsttradisjonen til aktuelle former og funksjonar.
Studenten skal gjennom eige arbeid lære om gjenstandskulturen og få røynsle med eit utval praktiske produksjonsprosessar. Studentane skal bli kjent med arbeidsprosessar frå råmateriale fram til ferdig produkt. I verkstadfaget vil ein av faglege og praktiske grunnar og nytte seg av meir eller mindre bearbeida og moderne materialkvalitetar. Studentane skal verta i stand til å sjå lokal formkultur i historisk samanheng, bli kjent med grunnlaget for utforminga og gjennom det få forståing for eigen og andre sin kultur.
Vidare skal studiet setje studenten i stand til å registrere og analysere tradisjonsmateriale og sjølv planleggje og tilverke eigne produkt med feste i lokal eller tradisjonell formkultur.
Verkstadfaget skal gje studentane grunnleggjande materialforståing, kunnskap om bruk av ulik reiskap og arbeidsmetodar i vidareføring av folkekunst.
Undervisninga på grunnstudiet må sjåast i samanheng med påbyggingsstudiet, då det ikkje er mogleg å gje tilstrekkeleg opplæring innanfor teknikkar og ulike problemstillingar på eitt års studium.
Innhald
Undervisninga i verkstadfaget er gjennom studieåret delt inn i 4 bolkar. Dei tre fyrste bolkane omhandlar tre ulike hovudemne. Til kvart hovudemne er det studieoppgåver med definera mål og innhald som studentane skal løyse. Desse oppgåvene er arbeidskrav som må gjennomførast og er med i mappevurderinga. I verkstadfag er det og skriftleg prøve i pensumlitteratur. Innan dei ulike hovudemna vert undervisninga delt inn i tema. Denne undervisninga kan av og til verte organisert slik at den går over heile veker (kursveker). Siste bolken er arbeid med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing. Årsoppgåva har også ei klar formulering for mål og innhald. Studenten, i samråd med rettleiarar, vel tema for denne perioden.
Verkstadfaget har desse 3 hovudemna:
1. Materiale og teknikk
2. Form / Funksjon
3. Dekor
I tillegg til dei tre hovudemna omfattar arbeid på verkstaden også estetiske spørsmål i samband med formgjeving av produkt.
Hovudemne
1. Materiale og teknikk
Dette hovudemne er lagt til starten av studieåret og skal gje studenten innføring i materiala tre, metall eller tekstil knytt til norsk folkekunst.
Det vert lagt vekt på kunnskap om utvikling og endringar i teknikk- og materialbruk. Vidare ser ein på kva bruksområde dei ulike gjenstandane er laga for, og korleis materialet er nytta i høve til bruksområdet. Det vert og ei innføring i ulike framstillings- og bearbeidingsmetodar som har vore nytta i folkekunstprosessar. Bruk og val av materiale og teknikk vert sett på i samanheng med variasjonar i natur, næring og sosiale forhold i dei ulike kulturområda der gjenstandane er laga.
Ein viktig del er og metodar for bearbeiding og etterbehandling av ulike materiale.
2. Form / Funksjon
I dette emnet legg ein opp til ei grundig registrering og kritisk analyse av historisk gjenstandsmateriale innan eit funksjonsområde. Ein ser på kva funksjon gjenstanden har og kva samanheng gjenstanden står i.
Funksjonsanalyse skal vera grunnlag for vurdering av eigne val i høve til funksjon, materialbruk og metode i samband med utarbeiding av eige produkt.
3. Dekor
Hovudemne dekor skal gje studenten kunnskap om og innføring i ulik dekortradisjonar som finns i norsk folkekunst i tre, metall og tekstil. Det vert lagt vekt på kunnskap om variasjon frå ulike delar av landet og korleis uttrykksformer har utvikla og endra seg gjennom tidene. Vidare er det eit mål at studentane sjølv skal bli i stand til å vidareføre og fornye dekor med utgangspunkt i dekorformer og metodar.
Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing
Årsoppgåva har ein sentral plass i studiet. I oppgåva skal studenten hente tilfang frå dei ulike fagkomponentane ved studiet, som historiske fag, fagdidaktikk, verkstadfag og estetiske fag.
Arbeidet skal innehalde både ein skriftleg del og eit eller fleire praktiske arbeid utført på grunnlag av ei sjølvvalt problemstilling. I tillegg er det krav om at det lokale tradisjonsstoffet skal nyttast i nytt formskapande arbeid. Problemstilling/tema skal vera godkjent av rettleiar før studenten startar arbeidet med årsoppgåva.
3.2.1 Verkstadfag TEKSTIL
MATERIALE OG TEKNIKK
Delemne
- Tekstilreiskap
- Spinning
- Vevteori
- Veving i flatvev
- Bandveving
- Etterbehandling av tekstilar
Studenten skal få innføring i og sjølv utvikle ferdighet i framstilling av tråd ved hjelp av ulik spinnereiskap. Dei skal få kunnskap om ulik naturfiber og spinnemetodar nytta i norsk tekstiltradisjon. Vidare vil ein viktig del av kunnskapen om ull skje gjennom innføring i prosessar som toving og filting av fiber og etterbehandling av ferdig vove stoff. I dette fordjupingsemnet vil ein gjennomgå prosessen frå utrekning, renning, oppsetting av vev. Studentane skal sjølve setje opp og veva ein vadmålsvev og etterbehandle stoffet med stamping i tradisjonell vassdreven vadmålsstampe.
Parallelt med innføring i praktisk veving, vil studenten få innføring i vevteori og bindingsanalyse.
I tillegg skal studenten og få grunnleggjande innføring i og gjennom eige arbeid få kjennskap til variasjonar i tradisjonelle lokale bandteknikkar. I denne perioden skal studenten både drive med prøver i ulike teknikkar og materialar og lage ferdige produkt.
FORM / FUNKSJON
Delemne
- Drakthistorie
- Registrering av tekstil
- Mønsterkonstruksjon på grunnlag av folkedrakt / bunad
- Tradisjonelle vev og saumteknikkar
- Funksjonsanalyse i tekstil
I samband med form/funksjon skal studenten få innsyn i utvikling og variasjon i utforming av bekledningstekstilar, og dette studiet skjer ved besøk i museum. Det er lagt mest vekt på kunnskap om variasjon i form, materialbruk og teknikkar som er nytta i dei norske folkedraktene. I samband med kunnskap om dei lokale drakttradisjonane skal og studenten verta kjent med korleis europeisk mote har påverka folkedraktene i dei ulike draktområda.
Studenten skal og få kjennskap til praktisk utforming av tekstilar nytta i norske interiør frå slutten av 1700 talet fram til vår tid. I tillegg vert tekstilteknikkar og framstillingsmetodar som er nytta i samband med kystkulturen presentera for studentane i denne perioden.
I denne arbeidsbolken skal studenten få innføring i korleis registrere tekstilgjenstandar der målet er å nytte det historiske grunnlagsmateriale vidare i eige arbeid.
DEKOR
Delemne
- Strikketradisjon og innføring i lokale strikketeknikkar
- Broderi, lokale variasjonar
- Farging, planter og kjemisk
- Trykking, blokk og ramme
- Veving, komposisjonsbindingar og bindingsanalyse
I tekstilarbeid finns det ei mengd ulike dekortyper i innreinad og bekledning som resultat av eit stort mangfald av teknikkar, stor variasjon i materialbruk og kombinasjonar av desse. Ein del av dekorteknikkane er nytta i fleire kulturområda, medan andre derimot er svært lokale.
Ein del gjenstandsgrupper med dekor har vore nytta i bestemte kulturelle handlingar og der dekor/ dekorelement har hatt ei bestemt symbolsk tyding, medan ein i nyare tid har endra bruken til ein dekorativ funksjon, dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med eiga utforming av produkt i samband med oppgåve i denne arbeidsbolken.
3.2.2 Verkstadfag METALL
MATERIALE OG TEKNIKK
Delemne
- Maskiner og verktøy
- Materialkunnskap
- Plate og konstruksjon
- Overflatebehandling
- Dekorteknikkar
- Smiing
- Miljø og tryggleik
I metall skal studenten få innføring i korleis dette materiale har vore bruka i norske tradisjonar.
Studenten skal få innføring i verktøykunnskap, materialkunnskap og framstillingsmetodar slik at ein sjølv kan nyttiggjere seg dette gjennom utforming av eigne produkt til ulike bruksformål.
Ein viktig del av denne kunnskapen vil skje gjennom prosessar, som tilpassing og istandsetjing av verktøy til ulik bruk, smiing og dekorteknikkar, knekking og bøying av plate, mekanisk og kjemisk overflatebehandling og hardlodding.
I denne perioden skal det lagast nokre produkt, samt utprøvingar.
FORM / FUNKSJON
Delemne
- Historikk, stilepokane, gjenstandstypar og datering.
- Samanføyingsmetodar, hekter, spenne/spretter, kasselåsar, beslag.
- Funksjonsform, korpus.
- Funksjonanalyse
I samband med form og funksjon vert det lagt opp til at undervisninga skal gje innsyn i utvikling og variasjon i form og funksjonelle løysingar i ulikt metallarbeid frå ulike delar av landet.
I denne samanheng vert det å sjå på korpus og samanføyingsmetodar.
Her skal studenten få innføring i ulike samanføyingsmetodar gjennom praktiske utøvingar på verkstaden. Det vert lagt vekt på at studenten går grundig inn i eit kulturområde og ein tidsbolk og gjennomfører ei analyse som skal danne grunnlag for eiga utøving i samband med oppgåva i perioden. Oppgåva skal innehalde ein kritisk analyse av materiale, form og evt. dekor i høve til funksjon.
DEKOR
Delemne
- Historikk med vekt på bondesylvsmeden, dekorteknikkar og draktsylvet
- Filigran, innføring i teknikken
- Gravering , innføring teknikken
I Noreg har vi lange og rike tradisjonar i metallarbeid og serleg innanfor draktsylv, med eit rikt mangfald av knappar, sylgjer, spretter og spenner. Ein del av dekorteknikkane er bruka i fleire tradisjonsområde, medan andre er meir lokale og med sitt eige utrykk både i utforming og dekor. Ein del av gjenstandane med dekor har hatt ein klar nyttefunksjon, mens andre igjen vart bruka meir i samband med kulturelle handlingar der dekor og dekorelement har hatt ein bestemt symbolsk tyding. I nyare tid har mykje av dette blitt endra til bare å ha funksjon som dekor. Dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med utforming av eigne produkt i oppgåva.
3.2.3 Verkstadfag TRE
MATERIALE OG TEKNIKK
Delemne
- Arbeid med ferskt virke, rått materiale, innsamling av emne, arbeide med organiske former
- Reiskapsbruk for bearbeiding av rått materiale
- Oppsetting av reiskap, maskinopplæring
- Teknikkar; utholing, sveip
- Materiallære
Studenten vil få ei innføring i bruk av rått materiale i ulike gjenstandsgrupper frå naturalhushaldet fram mot vår tid.
Studenten skal få innføring i bruk av rått trevirke og sjølve kunne framstille gjenstandar i denne type materiale. Gjennom innsamling av emne i naturen og forelesingar, skal studenten skaffe seg røynsle i kva gjenstandar dei ulike delar av treet egnar seg til. Gjennom praktisk arbeid på verkstaden, ved bruk av ulike typar reiskapar, skal studenten tileigne seg ferdighet og erfaring om framstillingsprosessen.
FORM / FUNKSJON
Delemne
- Materiallære - treanatomi
- Enkel overflatebehandling
- Fagteikning
- Tradisjonelle samanføyingsteknikkar
- Gjenstandsanalyse i tre
- Form / funksjon, kniven
I samband med form / funksjonsperioden vert det lagt opp til at undervisninga skal gje studenten innsyn i utvikling og variasjon i form og funksjonelle løysingar i ulike trearbeid frå ulike delar av landet. Vesentleg vert å sjå på variasjonar om kva som er konstant i gjenstandsgrupper frå ulike tradisjonar.
Materiallære frå materialperioden vert vidareført, men med vekt på materialval og materialkvalitetar til gjenstandar der samanføyingsteknikkar er vesentlege. Innføring i sinking og liming.
Vidare innføring i bruk av reiskap og maskiner; handhøvel, maskiner, sliping.
Det vert lagt vekt på at studenten går grundig inn i eit kulturområde og ein tidbolk og gjennomfører ei analyse, og denne skal vidare danne grunnlag for eiga utøving i samband med oppgåve i perioden. Oppgåva skal innehalde ei kritisk analyse av materiale, framstillingsmåte, form og evnt. dekor i høve til funksjon.
DEKOR
Delemne
- Ulike dekorteknikkar som
- svibrenning og stempeldekor, barkskurd (kolrosing) karveskurd og strekdekor
- Overflatebehandling
- Form / dekor
- Lokale variasjonar innan dekorteknikkar
I tre finns det ei mengde ulike dekortyper i innreinad og på gjenstandar som resultat av eit stort mangfald av teknikkar, stor variasjon i materialbruk og kombinasjonar av desse. Ein del av dekorteknikkane er nytta i fleire kulturområde, medan andre derimot er svært lokale.
Ein del gjenstandsgrupper med dekor har vore nytta i bestemte kulturelle handlingar og dekor/dekorelement har hatt ei bestemt symbolsk tyding, medan ein i nyare tid har endra bruk til berre å ha ein dekorativ funksjon. Dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med eiga utforming av produkt i samband med oppgåve.
Arbeids- og læringsformer
Studiet i folkekunst spenner om ein vekselverknad mellom praktisk og teoretisk handling. I verkstadfaget skal studenten skaffe seg kunnskap og ferdighet innan ulike tradisjonelle teknikkar og arbeide med eiga formgjeving av gjenstandar som har feste i lokal formkultur.
For å gje studentane ei heilskapleg forståing, gjennom teori og praksis, prøver ein å integrere dei ulike faga i studiet og legge ein struktur på studieåret som støttar opp om dette målet. Ein har difor valt å dele studieåret inn i lengre oppgåveperiodar, bolkar, som gjer dette mogleg.
Undervisninga er stort sett lagt til faste vekedagar, men kan i periodar bli meir konsentrera, t.d. om ein har kursveker, seminar eller spesielle tema der det kan vere hensiktsmessig å samle undervisninga.
Undervisningsformene vil variere mellom forelesingar, prosjektarbeid, individuell rettleiing på verkstad, seminar, kurs og ekskursjonar. Kurs - og seminarverksemd vil variere frå år til år, avhengig av økonomi og faglege vurderingar. Det vert arrangert ein lengre felles, obligatorisk studietur for alle studentane. I tillegg kjem kortare ekskursjonar innanfor kvar materialgruppe.
I tillegg til den timeplanfesta undervisninga, er det lagt opp til stor eigeninnsats frå studenten si side. Dette er nødvendig for å tilegne seg eit høgt handverksmessig nivå som grunnlag for vidareføring av folkekunsten.
I den siste bolken, under arbeidet med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, er det sett av tid til individuelt feltarbeid/ekskursjon. Individuell rettleiing.
Estetiske fag er nært knytt til formgjeving i dei tre materialområda tre, metall og tekstil. Ein søkjer i den grad det er mogleg å integrere dei enkelte emna i estetiske fag til arbeidet og oppgåvene i verkstaden. Fagteikning er eit tema som det vert undervist i på verkstaden.
Forelesingane i dei fleste hovudemna i fagdidaktikk er felles med folkemusikk 1.
I forelesingane vil ein bruke audiovisuelle hjelpemiddel og ta opp tema til diskusjon. Ein er i stor grad avhengig av aktiv deltaking frå studentane si side for å nå målet for dette faget.
Gruppearbeid vert av og til nytta som arbeidsmåte i fagdidaktikk.
Kunst - og handverksdagane er Instituttet si "Open dør". Dette er eit arrangement som alle studentane er med på og som er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i kommunen / bygda. Arrangementet er lagt til avslutninga av skuleåret.
Vurderingsformer
Det skal vere samsvar mellom mål, innhald og vurdering i studiet. Vurdering som skjer undervegs i studiet, skal gje studenten ei tilbakemelding på korleis studieoppgåver er løyst og kva som bør vektleggast vidare i studiet. Vurdering av studieoppgåver, prøver og arbeidskrav som må vere gjennomførte for å kunne gå opp til eksamen, vert samla i studentmappe og vert vurdera av faglærar i samråd med fagteam. Dei fleste av desse arbeida går inn som del av eksamen.
Arbeidskrav / vurdering i dei enkelte hovudemna
Innhald i studentmappe:
- Estetiske fag
Sju studieoppgåver i delemna form/funksjon og teikning dannar grunnlag for karakter i estetiske fag. Studenten vel sjølv ut eit arbeid innanfor kvart av dei ulike tema i desse to delemna ( til saman 7 arbeid) for vurdering av karakter. Delemna dekor og farge vert vurdert som del av studieoppgåve III.
- Verkstadfag
Tre studieoppgåver innan dei tre delemna inngår i studentmappe. For kvar studieoppgåve er det utforma oppgåvetekst som seier noko om mål, innhald og vurdering av oppgåvene. Alle studieoppgåvene i verkstadfaget her ein praktisk og teoretisk del.
I tillegg til dei tre studieoppgåvene skal studentane levere inn rapport frå kursveker og anna temaundervisning som dokumenterer at dei har tilegna seg kunnskap i dei aktuelle teknikkane / tema det har vore undervist i. Desse rapportane vert vurdert til godkjend / ikkje godkjend.
- Delemnet Materiale/Teknikk (studieoppgåve I) : Studenten skal utføre øvingar som leverast saman med skriftleg dokumentasjon av arbeidsprosess. Ved vurdering av oppgåva legg ein vekt på materialbruk og teknisk utføring. Studenten får karakter på det praktiske arbeidet, medan den skriftlege delen vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend
- Delemnet Form / funksjon (studieoppgåve II): Oppgåva skal innehalde rapport med problemstilling og eit ferdig produkt. Arbeid med form og funksjonelle løysingar vert vektlagt i vurderinga. Studenten får karakter på det praktiske arbeidet, medan den skriftlege delen vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend.
- Delemnet Dekor (studieoppgåve III) : Oppgåva skal innehalde minimum tre øvingar frå delemnet i tillegg til eit ferdig produkt og farge / dekorøvingar frå undervisning i estetiske fag. Karakteren vert fastsett på bakgrunn av arbeid med farge /dekorøvingar og korleis studenten har løyst oppgåva med å utforme eit produkt med dekor.
Prøve i verkstadfagteori
I tillegg til det som vert vurdert som del av studentmappe, kjem skriftleg prøve i historiske fag og fagdidaktikk og samansett prøve – årsoppgåve.
Skriftleg prøve i historiske fag og fagdidaktikk, 5 timar
Historiske fag tel 2/3 og fagdidaktikk tel 1/3 av karakter.
Formidlingsoppgåver i fagdidaktikk vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend.
Praksis i skulen vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend
Samansett prøve, årsoppgåve, omlag 10 veker
For å kunne starte arbeidet med samansett prøve, årsoppgåva, må arbeidskrava vere gjennomførte:
- Godkjend kvalitet på studieoppgåver levert til fastsett tid.
- Godkjende rapportar frå kursveker / temaundervisning
- Godkjend deltaking i obligatoriske delar av studiet
- Godkjend deltaking på studietur
I delar av studiet som er obligatorisk, må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret er på meir enn 20 %. Søknaden vert handsama etter skjønn.
Eksamen
Eksamen omfattar både studieoppgåver gjennom året, prøve i verkstadfag, skriftleg prøve i fagteori og årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.
Dei ulike delane av studiet vert vekta slik i forhold til den samanfattande karakteren for studiet:
- Vurdering av årsoppgave, utstilling med skriftleg utgreiing 2
- Skriftleg prøve i historiske fag og fagdidaktikk 1
- Frå studentmappe 2
- prøve i verkstadfagteori, tel 1/10
- studieoppgåver i estetiske fag, tel 2/10
- studieoppgåve I, verkstadfag, tel 1/10
- studieoppgåve II, verkstadfag, tel 3/10
- studieoppgåve III, verkstadfag tel 3/10
Det gis ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.
Det vises dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Litteraturliste:
Tittel | Forfatter | Forlag | Utgave | Utgitt år | ISBN | Kapittel / Sider | Kommentar | Type | Obligatorisk |
Folkekunst 1 |
Se Litteraturliste. |
Bok | Ja |
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter , sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 24.08.2005