884 Folkekunst - Verkstadfag tre/metall/tekstil
Målgruppe og opptakskrav
Studieplan for Folkekunst verkstadfag, 30 studiepoeng, er godkjend av Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning mai 2003. På bakgrunn av studieplan vert det utarbeida semesterplaner. Studentar kan få tilbud om dette studiet om det er ledig verkstadplass på det aktuelle materialområdet.
Opptakskrav
Studiet er eit tilbod til dei som har fullført grunnstudiet og påbyggingsstudiet i folkekunst og som ynskjer kunnskap innanfor eit nytt materialområde.
Kompetanse
Saman med grunnstudiet og påbyggingsstudiet i folkekunst, kan 30 studiepoeng verkstadfag og 30 studiepoeng innan t.d. samfunnsvitskaplege - og humanistiske fag gje graden bachelor i folkekunst. Andre moglege fagkombinasjonar er beskrive i studiemodellen for bachelorgrad i folkekunst.
Mål for studieprogrammet
Studiet er retta mot studentar som alt har fullført to år med folkekunst og har som mål å gje studentane ei innføring i eit nytt materialområde og eit nytt handverk. Kunnskap om og i eit nytt materialområde vil utvide kompetansen til studentane innan faget folkekunst og gje studentane ein breiare bakgrunn innan dei materielle kunstformene i norsk folkeleg kultur. Kunnskap innan fleire materialområde er viktig både om studenten ynskjer å bruke kompetansen i utøvande samanheng, innan museumsverksemd, innsamlingsarbeide, husflidskonsulentverksemd, pedagogisk verksemd eller om studenten ynskjer å starte på ei mastergrad i tradisjonskunst.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Studiet har 1 hovudemne, verkstadfag, og studentane vel eit av materialområda tre, metall eller tekstil som dei arbeider med heile studieåret.
Verkstadfaget tek sikte på å gje den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst. Ein legg vekt på grunnleggande kjennskap til materiale, reiskap, arbeidsmetodar og arbeidsteknikkar.
Verkstadfaget er vidare delt inn i bolkar med desse delemna:
-
Materiale og teknikk
Form / funksjon
Dekor
Valfritt tema i eksamensoppgåva
HOVUDEMNE
VERKSTADFAG TRE · METALL · TEKSTIL
Mål
Dette fagområdet femner om den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst og arbeid med fornying av folkekunsttradisjonen til aktuelle former og funksjonar.
Studenten skal gjennom eige arbeid lære om gjenstandskulturen og få røynsle med eit utval praktiske produksjonsprosessar. Studentane skal bli kjent med arbeidsprosessar frå råmateriale fram til ferdig produkt. I verkstadfaget vil ein av faglege og praktiske grunnar og nytte seg av meir eller mindre bearbeida og moderne materialkvalitetar. Studentane skal verta i stand til å sjå lokal formkultur i historisk samanheng, bli kjent med grunnlaget for utforminga og gjennom det få forståing for eigen og andre sin kultur.
Vidare skal studiet setje studenten i stand til å registrere og analysere tradisjonsmateriale og sjølv planleggje og tilverke eigne produkt med feste i lokal eller tradisjonell formkultur. Verkstadfaget skal gje studentane grunnleggjande materialforståing, kunnskap om bruk av ulik reiskap og arbeidsmetodar i vidareføring av folkekunst.
Innhald
Undervisninga i verkstadfaget er gjennom studieåret dela inn i 4 bolkar. Dei tre fyrste bolkane omhandlar tre ulike hovudemne. Til kvart hovudemne er det studieoppgåver med definera mål og innhald som studentane skal løyse. Desse oppgåvene er arbeidskrav som må gjennomførast og er med i mappevurderinga. I verkstadfag er det og skriftleg prøve i pensumlitteratur. Siste bolken er arbeid med årsoppgåve, samansett eksamen. Årsoppgåva har også ei klar formulering for mål og innhald. Studenten, i samråd med rettleiarar, vel tema for denne perioden.
Verkstadfaget har desse delemna:
-
Materiale og teknikk
Form / Funksjon
Dekor
Valfritt emne ( samansett eksamen, årsoppgåve)
I tillegg til dei tre hovudemna omfattar arbeid på verkstaden også estetiske spørsmål i samband med formgjeving av produkt.
Delemne
Materiale og teknikk
Dette hovudemne er lagt til starten av studieåret og skal gje studenten innføring i materiala tre, metall eller tekstil knytt til norsk folkekunst.
Det vert lagt vekt på kunnskap om utvikling og endringar i teknikk- og materialbruk. Vidare ser ein på kva bruksområde dei ulike gjenstandane er laga for, og korleis materialet er nytta i høve til bruksområdet. Det vert og ei innføring i ulike framstillings- og bearbeidingsmetodar som har vore nytta i folkekunstprosessar. Bruk og val av materiale og teknikk vert sett på i samanheng med variasjonar i natur, næring og sosiale forhold i dei ulike kulturområda der gjenstandane er laga.
Ein viktig del er og metodar for bearbeiding og etterbehandling av ulike materiale.
Form / Funksjon
I dette emnet legg ein opp til ei grundig registrering og kritisk analyse av historisk gjenstandsmateriale innan eit funksjonsområde. Ein ser på kva funksjon gjenstanden har og kva samanheng gjenstanden står i. Funksjonsanalyse skal vera grunnlag for vurdering av eigne val i høve til funksjon, materialbruk og metode i samband med utarbeiding av eige produkt.
Dekor
Hovudemne dekor skal gje studenten kunnskap om og innføring i ulike dekortradisjonar som finns i norsk folkekunst i tre, metall og tekstil. Det vert lagt vekt på kunnskap om variasjonar frå ulike delar av landet og korleis uttrykksformer har utvikla og endra seg gjennom tidene. Vidare er det eit mål at studentane sjølv skal bli i stand til å vidareføre og fornye dekor med utgangspunkt i dekorformer og metodar. Som grunnlag for det praktiske arbeidet med dekor på produkt, skal studenten gjennomføre ein periode med utarbeiding av dekor / flatemønster.
Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing
Årsoppgåva har ein sentral plass i studiet og skal i tillegg til arbeid i eit materiale omfatte registrering av historisk materiale, fagdidaktisk drøfting og estetikk / formgjeving.
Arbeidet skal innehalde både ein skriftleg del og eit eller fleire praktiske arbeid utført på grunnlag av ei sjølvvalt problemstilling. I tillegg er det krav om at det lokale tradisjonsstoffet skal nyttast i nytt formskapande arbeid. Problemstilling/tema skal vera godkjent av rettleiar før studenten startar arbeidet med årsoppgåva.
Verkstadfag TEKSTIL
MATERIALE OG TEKNIKK
Delemne
-
Tekstilreiskap
Spinning
Vevteori
Veving i flatvev
Bandveving
Etterbehandling av tekstilar
Studenten skal få innføring i og sjølv utvikle ferdighet i framstilling av tråd ved hjelp av ulik spinnereiskap. Dei skal få kunnskap om ulik naturfiber og spinnemetodar nytta i norsk tekstiltradisjon. Vidare vil ein viktig del av kunnskapen om ull skje gjennom innføring i prosessar som toving og filting av fiber og etterbehandling av ferdig vove stoff. I dette fordjupingsemnet vil ein gjennomgå prosessen frå utrekning, renning, oppsetting av vev. Studentane skal sjølve setje opp og veva ein vadmålsvev og etterbehandle stoffet med stamping i tradisjonell vassdreven vadmålsstampe. Parallelt med innføring i praktisk veving, vil studenten få innføring i vevteori og bindingsanalyse.
I tillegg skal studenten og få grunnleggjande innføring i og gjennom eige arbeid få kjennskap til variasjonar i tradisjonelle lokale bandteknikkar. I denne perioden skal studenten både drive med prøver i ulike teknikkar og materialar og lage ferdige produkt.
FORM / FUNKSJON
Delemne
-
Drakthistorie
Registrering av tekstil
Mønsterkonstruksjon på grunnlag av folkedrakt / bunad
Tradisjonelle vev og saumteknikkar
Funksjonsanalyse i tekstil
I samband med form/funksjon skal studenten få innsyn i utvikling og variasjon i utforming av bekledningstekstilar, og dette studiet skjer ved besøk i museum. Det er lagt mest vekt på kunnskap om variasjon i form, materialbruk og teknikkar som er nytta i dei norske folkedraktene. I samband med kunnskap om dei lokale drakttradisjonane skal og studenten verta kjent med korleis europeisk mote har påverka folkedraktene i dei ulike draktområda.
Studenten skal og få kjennskap til praktisk utforming av tekstilar nytta i norske interiør frå slutten av 1700 talet fram til vår tid. I tillegg vert tekstilteknikkar og framstillingsmetodar som er nytta i samband med kystkulturen presentera for studentane i denne perioden.
I denne arbeidsbolken skal studenten få innføring i korleis registrere tekstilgjenstandar der målet er å nytte det historiske grunnlagsmateriale vidare i eige arbeid.
DEKOR
Delemne
-
Strikketradisjon og innføring i lokale strikketeknikkar
Broderi, lokale variasjonar
Farging, planter og kjemisk
Trykking, blokk og ramme
Veving, komposisjonsbindingar og bindingsanalyse
I tekstilarbeid finns det ei mengd ulike dekortyper i innreinad og bekledning som resultat av eit stort mangfald av teknikkar, stor variasjon i materialbruk og kombinasjonar av desse. Ein del av dekorteknikkane er nytta i fleire kulturområda, medan andre derimot er svært lokale. Ein del gjenstandsgrupper med dekor har vore nytta i bestemte kulturelle handlingar og der dekor/ dekorelement har hatt ei bestemt symbolsk tyding, medan ein i nyare tid har endra bruken til ein dekorativ funksjon, dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med eiga utforming av produkt i samband med oppgåve i denne arbeidsbolken.
Verkstadfag METALL
MATERIALE OG TEKNIKK
Delemne
-
Maskiner og verktøy
Materialkunnskap
Plate og konstruksjon
Overflatebehandling
Dekorteknikkar
Smiing
Miljø og tryggleik
I metall skal studenten få innføring i korleis dette materiale har vore bruka i norske tradisjonar.
Studenten skal få innføring i verktøykunnskap, materialkunnskap og framstillingsmetodar slik at ein sjølv kan nyttiggjere seg dette gjennom utforming av eigne produkt til ulike bruksformål.
Ein viktig del av denne kunnskapen vil skje gjennom prosessar, som tilpassing og istandsetjing av verktøy til ulik bruk, smiing og dekorteknikkar, knekking og bøying av plate, mekanisk og kjemisk overflatebehandling og hardlodding. I denne perioden skal det lagast nokre produkt, samt utprøvingar.
FORM / FUNKSJON
Delemne
-
Historikk, stilepokane, gjenstandstypar og datering.
Samanføyingsmetodar, hekter, spenne/spretter, kasselåsar, beslag.
Funksjonsform, korpus.
Funksjonanalyse
I samband med form og funksjon vert det lagt opp til at undervisninga skal gje innsyn i utvikling og variasjon i form og funksjonelle løysingar i ulikt metallarbeid frå ulike delar av landet. I denne samanheng vert det å sjå på korpus og samanføyingsmetodar. Her skal studenten få innføring i ulike samanføyingsmetodar gjennom praktiske utøvingar på verkstaden.
Det vert lagt vekt på at studenten går grundig inn i eit kulturområde og ein tidsbolk og
gjennomfører ei analyse som skal danne grunnlag for eiga utøving i samband med oppgåva i perioden. Oppgåva skal innehalde ein kritisk analyse av materiale, form og evt. dekor i høve til funksjon.
DEKOR
Delemne
-
Historikk med vekt på bondesylvsmeden, dekorteknikkar og draktsylvet
Filigran, innføring i teknikken
Gravering , innføring teknikken
I Noreg har vi lange og rike tradisjonar i metallarbeid og serleg innanfor draktsylv, med eit rikt mangfald av knappar, sylgjer, spretter og spenner. Ein del av dekorteknikkane er bruka i fleire tradisjonsområde, medan andre er meir lokale og med sitt eige utrykk både i utforming og dekor. Ein del av gjenstandane med dekor har hatt ein klar nyttefunksjon, mens andre igjen vart bruka meir i samband med kulturelle handlingar der dekor og dekorelement har hatt ein bestemt symbolsk tyding. I nyare tid har mykje av dette blitt endra til bare å ha funksjon som dekor. Dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med utforming av eigne produkt i oppgåva
Verkstadfag TRE
MATERIALE OG TEKNIKK
Delemne
-
Arbeid med ferskt virke, rått materiale, innsamling av emne, arbeide med organiske former
Reiskapsbruk for bearbeiding av rått materiale
Oppsetting av reiskap, maskinopplæring
Teknikkar; utholing, sveip
Materiallære
Studenten vil få ei innføring i bruk av rått materiale i ulike gjenstandsgrupper frå naturalhushaldet fram mot vår tid. Studenten skal få innføring i bruk av rått trevirke og sjølve kunne framstille gjenstandar i denne type materiale. Gjennom innsamling av emne i naturen og forelesingar, skal studenten skaffe seg røynsle i kva gjenstandar dei ulike delar av treet egnar seg til. Gjennom praktisk arbeid på verkstaden, ved bruk av ulike typar reiskapar, skal studenten tileigne seg ferdighet og erfaring om framstillingsprosessen.
FORM / FUNKSJON
Delemne
-
Materiallære - treanatomi
Enkel overflatebehandling
Fagteikning
Tradisjonelle samanføyingsteknikkar
Gjenstandsanalyse i tre
Form / funksjon, kniven
I samband med form / funksjonsperioden vert det lagt opp til at undervisninga skal gje studenten innsyn i utvikling og variasjon i form og funksjonelle løysingar i ulike trearbeid frå ulike delar av landet. Vesentleg vert å sjå på variasjonar om kva som er konstant i gjenstandsgrupper frå ulike tradisjonar.
Materiallære frå materialperioden vert vidareført, men med vekt på materialval og materialkvalitetar til gjenstandar der samanføyingsteknikkar er vesentlege. Innføring i sinking og liming. Vidare innføring i bruk av reiskap og maskiner; handhøvel, maskiner, sliping.
Det vert lagt vekt på at studenten går grundig inn i eit kulturområde og ein tidbolk og gjennomfører ei analyse, og denne skal vidare danne grunnlag for eiga utøving i samband med oppgåve i perioden. Oppgåva skal innehalde ei kritisk analyse av materiale, framstillingsmåte, form og evt. dekor i høve til funksjon.
DEKOR
Delemne
-
Ulike dekorteknikkar som
svibrenning og stempeldekor, barkskurd (kolrosing) karveskurd og strekdekor
Overflatebehandling
Form / dekor
Lokale variasjonar innan dekorteknikkar
I tre finns det ei mengde ulike dekortyper i innreinad og på gjenstandar som resultat av eit stort mangfald av teknikkar, stor variasjon i materialbruk og kombinasjonar av desse. Ein del av dekorteknikkane er nytta i fleire kulturområde, medan andre derimot er svært lokale. Ein del gjenstandsgrupper med dekor har vore nytta i bestemte kulturelle handlingar og dekor/dekorelement har hatt ei bestemt symbolsk tyding, medan ein i nyare tid har endra bruk til berre å ha ein dekorativ funksjon. Dette er emne for drøfting og refleksjon i samband med eiga utforming av produkt i samband med oppgåve.
Arbeids- og læringsformer
Studentane som vel denne 30 studiepoengs eininga fylgjer same klasse som dei som går grunnstudiet folkekunst.
Studiet i folkekunst verkstadfag spenner om ein vekselverknad mellom praktisk og teoretisk handling. I verkstadfaget skal studenten skaffe seg kunnskap og ferdighet innan ulike tradisjonelle teknikkar og arbeide med eiga formgjeving av gjenstandar som har feste i lokal formkultur. For å gje studentane ei heilskapleg forståing, gjennom teori og praksis, er studieåret delt inn i lengre oppgåveperiodar, bolkar, som gjer det mogleg å arbeide med innsamlingsarbeid / registrering, utprøvingar, produksjon og skriftleg dokumentasjon.
Undervisninga er stort sett lagt til faste vekedagar, men kan i periodar bli meir konsentrera, t.d. om ein har kursveker, seminar eller spesielle tema der det kan vere hensiktsmessig å samle undervisninga. ndervisningsformene vil variere mellom forelesingar, prosjektarbeid, individuell rettleiing på verkstad, seminar, kurs og ekskursjonar. Kurs - og seminarverksemd vil variere frå år til år, avhengig av økonomi og faglege vurderingar. Det vert arrangert ein lengre felles obligatorisk studietur for alle studentane. I tillegg kjem kortare ekskursjonar innanfor kvar materialgruppe.
I perioden som omhandlar dekor, skal studentane følge undervisninga i estetiske fag.
I tillegg til den timeplanfesta undervisninga, er det lagt opp til stor eigeninnsats frå studenten si side. Dette er nødvendig for å tilegne seg eit høgt handverksmessig nivå som grunnlag for vidareføring av folkekunsten. I den siste bolken, under arbeidet med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, er det sett av tid til individuelt feltarbeid/ekskursjon. Individuell rettleiing.
Kunst - og handverksdagane er Instituttet si Open dør. Dette er eit arrangement som alle studentane er med på og som er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i kommunen / bygda. Arrangementet er lagt til avslutninga av skuleåret.
Vurderingsformer
Det skal vere samsvar mellom mål, innhald og vurdering i studiet. Vurdering som skjer undervegs i studiet, skal gje studenten ei tilbakemelding på korleis studieoppgåver er løyst og kva som bør vektleggast vidare i studiet. Vurdering av studieoppgåver, prøver og arbeidskrav som må vere gjennomførte for å kunne gå opp til eksamen, vert samla i studentmappe og vert vurdera av faglærar i samråd med fagteam. Dei fleste av desse arbeida går inn som del av eksamen.
Arbeidskrav / vurdering i dei enkelte hovudemna
Innhald i studentmappe:
- Verkstadfag
Tre studieoppgåver innan dei tre delemna inngår i studentmappe. For kvar studieoppgåve er det utforma oppgåvetekst som seier noko om mål, innhald og vurdering av oppgåvene. Alle studieoppgåvene i verkstadfaget har ein praktisk og teoretisk del.
I tillegg til dei tre studieoppgåvene skal studentane levere inn rapport frå kursveker og anna temaundervisning som dokumenterer at dei har tileigna seg kunnskap i dei aktuelle teknikkane / tema det har vore undervist i. Desse rapportane vert vurdert til godkjend / ikkje godkjend.
- Delemnet Materiale/Teknikk (studieoppgåve I) : Studenten skal utføre øvingar som leverast saman med skriftleg dokumentasjon av arbeidsprosess. Ved vurdering av oppgåva legg ein vekt på materialbruk og teknisk utføring. Studenten får karakter på det praktiske arbeidet, medan den skriftlege delen vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend
- Delemnet Form / funksjon (studieoppgåve II): Oppgåva skal innehalde rapport med problemstilling og eit ferdig produkt. Arbeid med form og funksjonelle løysingar vert vektlagt i vurderinga. Studenten får karakter på det praktiske arbeidet, medan den skriftlege delen vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend.
- Delemnet Dekor (studieoppgåve III) : Oppgåva skal innehalde minimum tre øvingar frå delemnet i tillegg til eit ferdig produkt og farge / dekorøvingar frå undervisning i estetiske fag. Karakteren vert fastsett på bakgrunn av arbeid med farge /dekorøvingar og korleis studenten har løyst oppgåva med å utforme eit produkt med dekor.
Prøve i verkstadfagteori
I tillegg til det som vert vurdert som del av studentmappe, kjem årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.
Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, omlag 10 veker
For å kunne starte arbeidet med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, må arbeidskrava vere gjennomførte:
- Godkjend kvalitet på studieoppgåver levert til fastsett tid.
- Godkjend deltaking i obligatoriske delar av studiet
- Godkjende rapportar frå kursveker / temaundervisning
- Godkjend deltaking på studietur
I delar av studiet som er obligatorisk, må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret er på meir enn 20 %. Søknaden vert handsama etter skjønn.
Eksamen
Eksamen omfattar både studieoppgåver gjennom året, prøve i verkstadfag og årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.
Dei ulike delane av studiet vert vekta slik i forhold til den samanfattande karakteren for studiet:
- Vurdering av årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing 40 %
- Frå studentmappe 60 %
- Prøve i verkstadfagteori, tel 1/10
- studieoppgåve I, verkstadfag, tel 1/10
- studieoppgåve II, verkstadfag, tel 4/10
- studieoppgåve III, verkstadfag tel 4/10
Det gis ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.
Det vises dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Litteraturliste:
Tittel | Forfatter | Forlag | Utgave | Utgitt år | ISBN | Kapittel / Sider | Kommentar | Type | Obligatorisk |
Verkstadfag |
Se litteraturliste. |
Bok | Ja |
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no> - 09.11.2005