629 Folkemusikk 1.årsenhet grunnutdanning
Målgruppe og opptakskrav
Grunnstudiet i folkemusikk er eit 1-årig, 60 poeng studium ved Høgskolen i Telemark, Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærerutdanning. Planen byggjer på studieplan godkjend av Kultur- og vitenskapsdepartementet i brev av 05.07.89.
Opptakskrav
Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse (sjå krav for å bli vurdert på bakgrunn av realkompetanse). Det er ynskjeleg at søkjarar har musikkbakgrunn / -erfaring.
Mål for studieprogrammet
Hovudmål for studiet er at studentane utviklar ei forståing for den rike variasjonen i form og funksjon som vi har innan den norske folkemusikken. Ein vil drøfte kjernematerialet utifrå eit vidt fagleg perspektiv, der musikkfaglege, kulturhistoriske og samfunnsvitskaplege synspunkt saman skal danne grunnlaget for studiet. Gjennom studiet skal studentane skaffe seg kompetanse og praksis i å formidle kunnskap om folkemusikken vår. Studentane skal også utvikle song-, spel- og dansekunnskapane sine.
Videre studiemuligheter
Grunnstudiet i folkemusikk kan kombinerast med anna høgare utdanning som t.d. lærarutdanning og kulturfagleg utdanning og kan vere del av ei bachelor- eller mastergrad.
Saman med årsstudium i folkekunst eller eit anna relevant fag frå annan høgskole / universitet, kan 2 årsstudium i folkemusikk gje graden bachelor i folkemusikk
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Den teoretiske innføringa i norsk folkemusikk har størst omfang i grunnstudiet, men ein prøver å levandegjere denne innføringa ved å bruke tradisjonsberarar som lærarar ved studiet. Den teoretiske fellesdelen har eit omfang på omlag 60 %, medan den praktiske og individuelle delen har eit omfang på omlag 40 %.
Fellesdelen har desse fagområda:
- Tradisjonskunnskap
- Folkemusikken og samfunnet
- Musikkteori
- Hørelære
Individuell / praktisk del:
- Hovudinstrument
- Samspel / biinstrument
- Prosjekt
- Dans
FELLESDEL
Hovudemne 1 - TRADISJONSKUNNSKAP
Mål
Tradisjonskunnskap er det største emnet i studieplanen. Det skal gje studentane ei oversikt over dei norske folkemusikktradisjonane, både med omsyn til breidda i dei levande tradisjonane og med omsyn til forståinga av dei historiske forholda som har skapt dei. Forståinga av korleis tradisjonsmusikken er skapt i spenningsfeltet mellom impuls og tradisjon, mellom nytt og gamalt, er sentral.
Innhald
Tradisjonskunnskapen vert formidla til studentane fyrst og fremst av lærarar ved studiet, men og av utøvarar / gjestelærarar med ulik tradisjonsbakgrunn som sit inne med viktig kunnskap som ikkje er å finne i bøker. Emnet gjev dessutan innføring i ein del praktiske ferdigheitar, m.a. vokal tradisjonsmusikk og tradisjonsdans, som skal vere eit felles fundament for den einskildes faglege utvikling.
Delemner
- Avklaring av omgrep og avgrensning av fagområdet
Folkemusikk / tradisjonsmusikk, populærmusikk / underhaldningsmusikk, kunstmusikk
Tradisjonsomgrepet
- Typar
Emnet tar for seg typane innan tradisjonsmusikken. Gjennomgangen av kvar einskild type skal innehalde både ei konkret, musikalsk skildring og ei utgreiing om historikken som knyt seg til den aktuelle typen.
- Instrument / organologi
Innføring i klassifikasjonssystem (m.a. Sachs og Hornbostel sitt system)
Utgreiing om det norske tradisjonsmusikkinstrumentariet (speleteknikk, geografisk utbreiing, historikk osb. for kvart einskild instrument)
- Samspelsformer
Samansetjing av instrument
Dei ulike instrumenta si musikalske rolle
- Norsk musikkhistorie frå dei tidlegaste tider fram mot vår tid
Historiske epoker i kunstmusikken og ”linkar” til folkemusikken
Dei tidlegaste kjeldene til musikk i Norden
Musikk og dans i mellomalderen
Salmesang, latinskolen
Stadsmusikantvesenet
Innsamling av folkemusikk
Bruk av folkemusikk i kunstmusikken
Folkemusikkgransking
Globalisering av folkemusikken
- Dans
Studentane skal få eit felles grunnlag for oppleving av dans som sosial samversform. Gjennom tilnærming til dei ulike genrane i folkedansrepertoaret skal studentane få eit innblikk i desse, og få ei djupare forståing av tilhøvet mellom dans og musikk. Med omsyn til denne viktige faglege sida, samt at dans er ein sosial aktivitet som krev deltaking frå heile gruppa, er danseundervisninga obligatorisk.
Ein startar med eit utval av dei vanlege runddansformene i landssamanheng. I løpet av året skal ein også innom noko av det fellesnasjonale repertoaret m.o.t. turdans, songleik og songdans, men hovuddelen av arbeidet vil liggje på bygdedans. Her vil ein gå inn i ulike lokale og regionale former. Denne tilnærminga må sjåast i samband med fagteorien.
- Vokal folkemusikk
Praktisk-teoretisk innføring i forskjellige vokalmusikktypar
Problem knytta til klassifisering av vokalmusikk
Gjennomgang av typar (bånsullar, lokk, ballader, stev osb.)
- Dei ulike tradisjonsområda
Oppsummering m.h.t. variasjonar (typer, instrument, terminologi m.m.)
Sentrale tradisjonsberarar i ulike tidsbolkar
Hovudemne 2 - FOLKEMUSIKKEN OG SAMFUNNET
(Fagdidaktikk)
Mål
Målet for faget er å gjere studentane i stand til å planleggje, grunngje og vurdere konsekvensar av folkemusikkformidling i ulike samanhengar.
For å nå dette målet skal ein mellom anna drøfte:
- Kva er folkemusikk ?
- Kvifor folkemusikkstudium ?
- Korleis arbeide med tanke på utøving, formidling innan folkemusikk ?
Innhald
For å kunne gå inn på desse spørsmåla ( kva, kvifor og korleis), må studenten tileigne seg kunnskap om korleis folkemusikkomgrepet har utvikla seg historisk. Dei må vidare setje seg inn i ein del elementære samfunnsfaglege omgrep og teoriar for betre å kunne sjå tilhøvet mellom folkekulturen og samfunnet og den utøvande (folke)musikaren sin plass innan ulike samfunnsformer og i forskjellige historiske epokar. Den norske og nordiske kulturen skal forståast i ein europeisk / global samanheng. Utifrå dette skal dei på sjølvstendig grunnlag kunne drøfte innhaldet i folkemusikkstudiet og den plassen studiet og folkemusikken har i eit moderne samfunn.
Studentane skal kunne formidle røynsler frå praktisk arbeid innanfor folkemusikk ved å skaffe seg kunnskap om prosjektarbeid og rapportskriving knytt til dette. Dei skal også lære seg ein del elementær kommunikasjonsteori og noko om arbeid i skuleverket. Studentane skal øve seg i praktisk formidling av folkemusikk ved å arrangere konsertar / kappleik. Fagdidaktiske tema skal elles integrerast i den øvrige undervisninga, t.d. individuell musikkundervisning, prosjektarbeid eller gjennom anna fagteoretisk / praktisk undervisning.
Delemner
- Kva er folkemusikk ?
Kulturdefinisjonar / samfunn
Status / rolle / funksjon
- Utvikling av kunstnarrolla
Innføring i historiske og nåverande samfunnstypar
Politikk, marknad og profesjonalisering
- Det lokale, det nasjonale og det globale
Identitet, etnisitet og nasjon
Folkekulturen si meiningsberande kraft
- Folkekulturen og byggjinga av nasjonen
Prosessane i den norske nasjonsbyggjinga frå slutten av 1700-talet
- L-97 (Læreplanen for Grunnskulen)
Kulturarven og arbeid i skulen
- Kommunikasjonsteori
Kommunikasjonsteoretiske omgrep og modellar
Korleis ting får meining
Tekst og kontekst
Media og påverknad
- Prosjektarbeid
Utvikling av problemstilling og gjennomføring av prosjekt. Det er vide rammer for val av tema, med det skal kunne relaterast til hovudmåla for studiet. Prosjektet kan byggjast opp på teoretiske studiar, men og på skapande eller praktisk – pedagogisk arbeid. Det vert i alle høve sett same krav til den skriftlege delen: -prosjektrapporten. Innlevering av prosjektrapport. Omfang om lag 15 – 25 sider. I høve til utforminga av rapporten syner ein til retningsliner i kjeldebruk og utforming av skriftlege arbeid som vert utdelt ved studiestart.
- Formidlingsoppgåver
Kappleik (samarbeid mellom FK 1 og FM 1)
Kunst - og handverksdagar, konsert.
Huskonsertar
- Fagmetodikk og pedagogisk praksis
(Spesialemne for dei som tek årseining som del av lærar / adjunktutdanning)
L-97 (læreplan for Grunnskulen) Sjå pkt. ovanfor.
Grunngjeving, planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisningsopplegg i folkemusikk.
Undervisningsrom og utstyr
Utprøving av eit undervisningsopplegg. (Omfang på praksis omlag 20 undervisningstimar.)
Ein kan ha praksis i ulike skuleslag; grunnskule, folkehøgskule, vidaregåande skule. Organisering av praksis vil skje i samråd med praksisstaden. Praksis i skulen vert vurdera til bestått / ikkje bestått av praksislærar.
Hovudemne 3 - MUSIKKTEORI
Mål
Faget skal gje det teoretiske grunnlaget for omtale og analyse av ei folkemusikalsk form.
Innhald
Faget omhandlar både generelle musikkteoretiske emne og meir spesielle område der det er naudsynt med fordjuping, t.d. tonalitet, form og metrum i folkemusikken og tilhøvet mellom musikk og dans. Som eit grunnlag i faget ligg eit allment musikkteoretisk omgrepsapparat som skal danne basis for ei meir djuptgåande tilnærming til stoffet. Denne delen må sjåast i samanheng med hørelæra.
Faget går detaljert inn på teoretiske tilhøve ved våre folkemusikalske former og ved instrumenta som vert brukte. Undervisninga skal ta opp til drøfting om den vanlege musikkteoretiske bruken av omgrep er tilstrekkeleg for å skildre og forstå dei folkemusikalske formene.
Delemner
- Allmenn musikkteori
elementær notelære
intervall
konvensjonelle tone- og taktartar
grunnleggjande akkordlære
- Notasjon
særskilte problem ved notasjon av folkemusikk
grepsnotasjon på fele
- Formanalyse
punktueringsproblematikk
den hierarkiske formmodell og kretsløp- / nettverksmodellar
- Tonalitet
overtonerekka og reinstemming
ulike skalatypar
modalitet og rammeintervall
- Metrum (takt og rytme)
metrikktypar i folkemusikken
tilhøvet mellom musikk dans
Hovudemne 4 - HØRELÆRE
Mål
Studentane skal utvikle eit musikalsk medvit og ei forståing for musikalske samanhengar. Faget skal byggje bru mellom eit teoretisk omgrepsapparat og praktisk utøvande verksemd. Studentane skal utvikle evne til aktivt å lytte til musikk, til å kunne oppfatte og gjeve att musikalske element og til tolking av notasjonar.
Sentralt i kunnskapsbyggjinga i faget er opparbeiding av den indre forestellingsevna som gjeld melodiminne, grunntone og metrisk struktur. Denne må utviklast gjennom melodiske og rytmiske øvingar og er ein føresetnad for utvikling av ferdigheiter i notasjon og tolkning av notasjon. Studentane skal verte i stand til å lese og analysere eit notebilete og til å notere musikk.
Innhald
Øvingsstoffet vil i hovudsak ha utgangspunkt i tradisjonell norsk folkemusikk, men både det allmenne, det generelle og det meir spesielle ved folkemusikken vil bli handsama. Ulike tema vert omhandla, og desse vil ein arbeide med parallelt.
Ein vil arbeide med forskjellige lytteøvingar, intervalltrening, ulike øvingar i identifisering og attgjeving av melodi og rytmer. Leseøvingar og øving i notasjon gjennom melodiske og rytmiske diktatar vil også vere typiske aktivitetar i undervisninga.
Delemner
- Notasjon og prima vista
trening i notasjon (diktat)
bladsong frå ymse kjelder
- Lytting og attgjeving
av intervall, diaotoniske og “halvhøge” (blåtonar),
ulike skalaformer og modi
akkordar
trening med ulike rytmer og puls
INDIVIDUELL / PRAKTISK DEL
Mål
Studentane skal få innsyn i og forståing for ulike sider innan folkemusikkens mange uttrykksformer gjennom ei praktisk tilnærming. Den einskilde studenten skal opparbeide og utvikle eit repertoar med tradisjonelt song- og / eller spelmateriale etter rettleiing få faglærar. Med dette som basis vil det og kunne vere ei utfordring å føre dette vidare gjennom eksperimentering og nyskaping, til dømes gjennom ulike former for samspel.
Det er og eit mål å utvikle forståing for det som er kjernen i overføringsprosessen av folkemusikk i ein læringssituasjon, “læring ved herming “ eller “høyre-sjå-prøve metode”.
Innhald
Studentane får praktisk undervisning og rettleiing i song og på ulike instrument med utgangspunkt i dei norske folkemusikktradisjonane. Det må takast omsyn til kva lærarkreftene ved studiet kan tilby.
Delemner
- Hovudinstrument
Kvar student vel i samråd med faglærar eit hovudinstrument innan dei norske song- og speltradisjonane. I samråd med lærar kan studentane fordjupe seg i ein eller fleire tradisjonar, men alle skal i løpet av studieåret få kjennskap til dei ulike typane og sjangrane på det instrumentet dei har valt. Studentane skal få røynsle i å bruke ulike kjelder for læring; -læring ved herming, fonogram og noter.
- Biinstrument
Avgrensa av tilgang på instrument og lærarkrefter, kan studentane velje eit eller fleire biinstrument. Dei som ikkje spelar slikt frå før, tilråast å velje eit akkordinstrument.
- Samspel
Med tanke på konsertar, ulike formidlingsoppdrag og arbeid i lydstudio, kan studentar og lærarar setje saman ulike samspelgrupper.
Arbeids- og læringsformer
Undervisningsforma er forutan praktisk arbeid med musikk og dans, forelesingar, seminar, ekskursjonar, sjølvstudium, skriftlege heimeoppgåver, prosjektarbeid (formidlingsoppgåver) og gruppearbeid med framlegging. Undervisninga er til vanleg lagt til faste vekedagar gjennom året.
I forelesingane vil ein i nokon grad bruke audiovisuelle hjelpemiddel og ta opp tema til diskusjon. Ein er i stor grad avhengig av aktiv deltaking frå studentane si side. Gruppearbeid er særleg aktuelt i dei ulike formidlingsoppgåvene, men det er og ynskjeleg at studentane organiserer eigne kollokviegrupper.
Alle studentar får kvar 20 timer individuell undervisning på hovudinstrument. Undervisninga på biinstrument vert organisera i grupper. Samspelgruppene kan ved ein del høve verte organisera av studentane sjølve. Det er ynskjeleg at studentane tek initiativ til å halde huskonsertar. Studentane skal i arbeidet med hovudinstrument få kontinuerlig vurdering og tilbakemelding om framgang frå faglærar.
Ved studiestart vert det arrangera eit intensivkurs i grunnleggjande musikkteori for dei som ynskjer det. Hørelærefaget vil for det meste bli organisert som praktisk gruppeundervisning. Etter fyrste semesteret vert det halde ei prøve i allmenn musikkteori og hørelære. Denne må godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen.
Emner knytta til utforming av problemstilling og gjennomføring av individuell prosjektoppgåve, vert tema i felles teoriundervisning. Studentane vil og få 3 timar individuell rettleiing i høve til prosjektet.
Kunst - og handverksdagane er instituttet si Open dør. Dette er eit arrangement som alle studentane er med på og som er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i kommunen / bygda. Arrangementet er lagt til avslutninga av skuleåret.
Vinterkappleiken er eit årleg arrangement som er lagt til slutten av januar. Alle studentane på folkemusikk 1 skal vere med på planlegging og gjennomføring av Vinterkappleiken. Vinterkappleiken er organisert og gjennomført som eit prosjektarbeid. Ein lærar frå folkemusikkteamet vil ha ansvaret for å fylgje opp dette arbeidet. Studentar på folkekunst 1 kan velge å vere med på dette arrangementet og ha dette som formidlingsoppgåve.
Vurderingsformer
EKSAMEN
Eksamen omfattar ein skriftleg og ein munnleg del samt studentmappa.
Skriftleg prøve i fagteori, 6 timer
- tradisjonskunnskap
- folkemusikken og samfunnet
- musikkteori
Munnleg prøve
instrumental og vokal utøving (hovudinstrument). Studentane vert prøvd i eit repertoar på ca. 15 min. på hovudinstrumentet.
Prøving i bi-instrument kan etter søknad gå inn som ein del av vurderinga.
Mappevurdering
Kvar student har ei mappe der arbeider, prøver, innleveringar, faglærar sine vurderingar o.s.b samlast systematisk. Dette materialet skal gje eit bilete av studenten sitt nivå.
Innhaldet i mappa skal vere:
- eit skriftleg arbeid pr. semester i emna tradisjonskunnskap, folkemusikken og samfunnet og musikkteori (tilsaman 6)
- individuell prosjektoppgåve
VEKTING
Dei ulike delane av vurderinga vektas slik:
- skriftleg prøve 3
- munnleg prøve 2
- mappe 5, der ind. prosjektoppgåve utgjer 1,5
OBLIGATORISK FRAMMØTE / ARBEIDSKRAV
For å få gå opp til eksamen må studenten :
- delta i obligatorisk undervisning i dans
- få godkjent deltaking i organisering og gjennomføring av vinterkappleiken
- levere individuell prosjektoppgåve innan fristen
- få godkjent prøve i allmenn musikkteori og hørelære
I emne med obligatorisk frammøte må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret i det einskilde emnet er på meir enn 20 %. Søknaden vert handsama etter skjønn.
Det gis ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.
Det vises dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Litteraturliste:
Tittel | Forfatter | Forlag | Utgave | Utgitt år | ISBN | Kapittel / Sider | Kommentar | Type | Obligatorisk |
Folkemusikk 1 |
Se Litteraturliste. |
Bok | Ja |
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no> - 27.05.2005