991 Folkemusikk 2. årsenhet påbygging
Mål for studieprogrammet
Gjennom studiet skal studentane fordjupe seg i norsk folkemusikk og dans og å bli betre i stand til å arbeide for vern, formidling, vidareutvikling og skaping. Studiet har såleis både ei tradisjonsvernande, ei kulturformidlande og ei skapande side.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Studiet er bygd opp av to hovuddelar, ein fellesdel og ein fordjupingsdel. Fellesdelen femner om kulturpolitiske spørsmål i tillegg til dei musikkfaglege og pedagogiske. Som valemne kan studentane velje eit opphald i utlandet.
Fellesdelen har desse hovudemna:
FoU-metodikk |
3 studiepoeng |
Satslære og arrangering,høyrelære og transkripsjon |
6 studiepoeng |
Folkemusikkformidling |
9 studiepoeng |
Folkemusikken og samfunnet |
6 studiepoeng |
Tradisjonskunnskap og kjeldebruk |
6 studiepoeng |
Hovudemna i fellesdelen kjem også inn i samband med praksis og utøving.
I fordjupingsdelen kan studentane normalt velje mellom:
Folkemusikkformidling |
30 studiepoeng |
Arkivarbeid og innsamling |
30 studiepoeng |
Utøving |
30 studiepoeng |
Fellesdelen er vekta som 30 studiepoeng, fordjupingsdelen 30 studiepoeng. Høgskulen vil til ei kvar tid avgjere kor mange av desse tre emna det vil bli gitt undervisning i.
Ettersom formidlingssida er eit viktig aspekt ved alle dei tre fordjupingsemna, er undervisninga i folkemusikkformidling organisert som felles forelesingar og ggruppearbeid for alle studentane same kva for val av emne. Undervisninga i folkemusikkformidling vil difor få ein større plass enn vektinga i fellesdelen (sjå ovanfor) gjev uttrykk for.
- Valemne. Utanlandsopphald.
Valemnet tar omsyn til at ein bachelorgrad skal innehalde eit tilbod til studentane om eit utanlandsopphald på minimum tre månader. Opphaldet kan vere ved ein utdanningsinstitusjon eller ta form av eit feltarbeid utforma i samråd med faglærar og instituttleiing. Valemnet kjem i staden for prosjekt og praksis i vårhalvåret. Obligatorisk studietur fell også ut for den som tar valemnet. Valemnet gjeng inn som del av eitt fordjupingsemne.
FELLESDEL
Hovudemne 1 - FOLKEMUSIKKFORMIDLING
Anten ein vel fordjupinga Allmenn formidling eller Utøving eller Arkiv og innsamling (sjå pkt. 3.2) står formidling av det stoffet ein har tilegna seg sentralt. Emnet ”folkemusikkformidling” er derfor felles for alle studentane på 2.året.
Mål
Målsettinga er å gjere studentane medvetne om ulike element som spelar inn i ein formidlingssituasjon, både i praksis og på idéplanet. Gjennom forelesingar, diskusjon og samtale om praksiserfaringar vil ein søke å utvikle formidlingsevna hos den einskilde. Faget må sjåast i nær samanheng med praksis.
Innhald
Ordet ’folkemusikkformidling’ tolkast vidt, og emnet skal omhandle teori omkring val av stoff (musikk og tekst), sceneopptreden, verbale kommentarar, kroppsspråk, kunnskap om og tilhøve til publikum. Musikkformidlinga (og folkemusikkformidlinga spesielt) sitt kva, kvifor og korleis?
Faget er tett knytt til førebuing av praksis og arbeid med røynsler studentane har. Praksis kan variere frå år til år etter studentane sitt interesseområde og erfaringsbakgrunn. Det blir lagt vekt på bevisstgjering omkring formidling. Det vil bli lagt opp til både utøvande og pedagogisk praksis for alle. Studentane skal einskildvis og i grupper førebu og gjennomføre ulike formidlingsprosjekt. Det kan vere å arrangere konsert eller kro, formidle stoff frå arkivet eller spele på ein konsert.
Delemne
- Scenisk førebuing (Kroppsspråk, stemmebruk, kommentarar osv)
- Ulike musikkulturar og formidlings/framføringstradisjonar
- Publikumskunnskap/repertoarval
- Musikkformidling og identitet
- Didaktikk
- Marknadsføring og media
- Musikklytting og psykologi
- Førebuing av undervisning/utøvings praksis
- Barn og musikalsk utvikling
I undervisninga i folkemusikkformidling vert praksis og teori heile tida diskutert og satt i samanheng med førebuing av formidlingspraksisen; både konsertar, framlegging av stoff og undervisningsoppdrag. Gruppa verkar som publikum og gir tilbakemeldingar når den einskilde skal prøve seg. Konsertplanlegginga er også avhengig av gruppearbeid. Difor er all undervisning i folkemusikkformidling obligatorisk, der det ikkje er gjort avtale om noko anna.
Hovudemne 2 - FOLKEMUSIKK OG SAMFUNN
Mål
Gjennom samfunnsfagleg, kulturhistorisk og musikkfagleg teori (musikkantropologi) skal studenten vidareutvikle eit kritisk og nyansert syn på folkemusikken og folkemusikaren si rolle i dagens samfunn. Eit internasjonalt og samanliknande perspektiv skal liggje i botnen av ei djupare forståing av norsk folkemusikk.
Målet for faget er å gjere studentane i stand til å planleggje, grunngje og vurdere konsekvensar av folkemusikkformidling i ulike samanhengar. Studentane skal også sjå norsk folkemusikk i eit historisk perspektiv og i lys av ulike kulturar sin måte å nærme seg musikalske uttrykk på. Studentane skal slik tileigne seg eit medvete og reflekterande forhold til folkemusikk som fenomen i vår tid, lokalt og globalt.
Innhald
Faget byggjer vidare på tema drøfta i 1.årsstudiet og har spørsmål omkring identitet og tradering som vinkling.
Delemne
- Folkekulturen og populærkulturen som historisk fenomen i Europa. Korleis veks ideen om det folkelege og populære fram? Om utviklinga av høg- og lågstatus kulturar.
- Det lokale, det nasjonale og det globale. Identitet, etnisitet og nasjon Folkemusikken si meiningsberande kraft sett i eit internasjonalt perspektiv. Det blir fokusert på minst ein europeisk, ikkje-norsk folkemusikk-kultur.
- Tekst og kontekst. Korleis ting får meining.
- Folkemusikk som eit moderne fenomen. Kvar går folkemusikken? Stikkord: Profesjonaliseringa, marknaden og det skapande.
- Musikksystem og instrumentarium i eit utval ikkje-norske musikkulturar. Orientering om andre musikkulturar, vestlege og ikkje-vestlege.
Ein større ekskursjon til utlandet (normalt Ungarn og Slovakia) er knytt til kurset i vårhalvåret.
Dersom ein student ikkje kan delta på ekskursjonen skal studenten gjennomføre eit alternativt opplegg.
Hovudemne 3 - FoU-METODIKK
Mål
Forskings – og utviklingsmetodikk skal gjere studentane betre egna til å gjennomføre enkle prosjekt og oppgåver knytt til faget folkemusikk og å vurdere kritisk FoU-arbeid. Faget skal hjelpe studentane til å finne metodar for innhenting av data frå arkiv og levande kjelde og til å nyttiggjere seg dette materialet i det praktisk-teoretiske arbeidet for å nå målet om vern, vidareføring eller fornying av den tradisjonelle folkemusikken.
Innhald
Ein føreset at ein i første rekkje arbeider med høvelege strategiar og metodar for FoU-prosjekt i folkemusikk. I tilknyting til fordjupingsdelen skal studentane gjennomføre eit prosjektarbeid. FoU-metodikken skal gje det forskingsteoretiske grunnlaget for dette prosjektet.
Delemne
- Kva er FoU-arbeid
- Problemstilling
- Prosjektarbeid
- Kvantitative og kvalitative metodar
- Dokumentasjon
Hovudemne 4 - SATSLÆRE OG ARRANGERING, HØYRELÆRE OG TRANSKRIPSJON
Mål
Emnet skal sette studentane i stand til å arrangere tradisjonsmusikk i samsvar med tradisjonell som moderne, nyskapande praksis.
Innhald
Delemne
- Fleirstemmigheit i etnomusikkologisk perspektiv
- Fleirstemmigheitsformer i den norske tradisjonsmusikken
- Eit utval satsteknikkar
- Akkordprogresjonsteori, besifringsspel
- Grunnleggjande prinsipp for arrangering
- Tilnærmingsmåtar til komponering innafor tradisjonsmusikken sine rammer
- Samspel
- Høyrelære og transkripsjon
Hovudemne 5 -TRADISJONSKUNNSKAP OG KJELDEBRUK
Mål
Faget byggjer vidare på tradisjonskunnskapen på 1.året og skal gi studentane ytterlegare muligheiter til å fordjupe seg i ulike tradisjonar, både med tanke på musikalske og kulturhistoriske problemstillingar. Samtidig skal studentane opparbeide seg kunnskap i kritisk å kunne vurdere tilgjengeleg kjeldemateriale.
Innhald
Tilnærminga til stoffet skal skje gjennom førelesningar og gruppearbeid der bruk av litteratur og lydmateriale står sentralt. Ein vil ta for seg forskjellig litteratur, monografiar, samlingar, CD-utgjevingar og anna fonografisk- og film / video - materiale, der ein i tillegg til å fordjupe seg i dei ulike tradisjonane, skal analysere og vurdere kjeldene.
Delemne
- Regionale særtrekk og variasjon
Emnet tar utgangspunkt i forskjellige bøker, utgjevingar og arkivmateriale som dokumenterar og beskriv ulike tradisjonar, utøvarar og regionar. Gjennom praktisk og teoretisk tilnærming til dette stoffet skal studentane skaffe seg eit grunnlag for å kunne vurdere avgrensing av regionale stiltrekk og utbreiing av typar. Dei skal og sjå med eit kritisk blikk på dialektomgrepet i norsk folkemusikk og på enkeltindividet sin posisjon i forminga av norsk tradisjon.
- Instrument
Innblikk i og vurdering av arkivmateriale og utgjevingar med ulike instrument
- Historiske emne
-notesamlingar frå ulike tidsbolkar
-tolking av historisk materiale
-arbeid med arkivstoff som kjelde for utøving
- Dans
Studentane skal halde ved like og utvikle dansekunnskapen. Danseundervisninga er felles for grunnstudiet og påbyggingsstudiet.
FORDJUPING
Mål
Målet med fordjupinga er at studentane gjennom praksis skal trenast i å formidle folkemusikk til forskjellige målgrupper på ulikt vis. Det kan vere snakk om formidling innanfor offentlege institusjonar, arkiv, skoleverket, media, frivillige organisasjonar eller gjennom eigen verksemd på marknaden.
Studentane skal utvikle seg som utøvarar. Dei skal utvikle og gjennomføre eit FoU-prosjekt.
Innhald
I fordjupingsdelen kan studentane velge mellom desse hovudemna:
- Allmenn formidling ( T.d. i skulen, ved institusjonar, i media)
- Arkiv og innsamlingsarbeid
- Utøving (formidling frå scenen og musikalsk eigenutvikling)
Knytt til desse hovudemna er det 3 delemne:
- prosjektarbeid
- praksis
- utøving på hovudinstrument.
- Valemne - Studieopphald i utlandet
I fordjupingsdelen er det og mogleg å velge eit 3 månaders studieopphald i utlandet. Dette studieopphald i utlandet vil erstatte delemna praksis og prosjektarbeid.
ALLMENN FORMIDLING
Med dette meiner vi undervisning og anna formidling av folkemusikk og folkedans. Studentane skal få ei innføring i undervisningsmetodar og pedagogiske idear, og få trening i å legge fram ting sjølv. Teorien vil omfatte folkemusikken sin plass i skolen samt ulike overførings/undervisningsmetodar. Mykje teori er samanfallande med teorien i dei andre valemna, arkiv og utøving.
Sjølvvalt praksis kan ha med skolar og institusjonar å gjøre, eller formidling via media. Det kan også handle om å gjere musikken/dansen meir tilgjengeleg, f.eks. ved arbeid med noteoppskrifter, videoopptak eller andre audiovisuelle hjelpemiddel.
ARKIV OG INNSAMLING
Studentar som vel arkiv får lære om innsamling, registrering og bruk av stoff frå arkivet. Dei får også prøve seg på desse prosessane. Kunnskap om nytta av og bruken av eit arkiv er sentral. Tilgjenge til og formidling av stoff frå arkivet er ei viktig side av dette, og mykje av stoffet frå ”almen formidling” vil derfor vere felles for alle studentane.
Som sjølvvald praksis kan det vere aktuelt med innsamling, arbeid tilknytt eit arkiv eller arbeid med eit bestemt stoffområde frå eit arkiv.
UTØVING
Studentar som vel denne fordjupinga må ha lyst til å bruke mykje tid på hovudinstrumentet, og dei skal helst ha solid utøvarbakgrunn. I løpet av året skal dei utvide repertoaret og få trening i å opptre for andre. Medviten sceneopptreden og kunnskap om publikum er sentrale område som takast opp. Teorien vil omfatte konsertproduksjon og konsertarrangering samt marknadsføring, økonomi og kunnskap om kulturorganisasjonar.
Som sjølvvald praksis er det naturleg at studentane legg opp til ei konsertrekkje eller fleire ulike konsertar. Radio/TV presentasjon kan vere aktuelt.
Delemne HOVUDINSTRUMENT, PROSJEKT og PRAKSIS
Hovudinstrument
Den individuelle undervisninga byggjer vidare på undervisninga frå første året. Normalt vil kvar einskild student få 20 timar individuell undervisning, men dette vil kunne variere etter kva for ressursar studiet rår over.
Det vil normalt setjast større krav til resultatet av eigenutøvinga for dei som vel utøving som fordjupingsemne. T.d. med omsyn til god teknikk, øyre for tradisjon, kunstnarleg formidlingsevne og utviklingsevne. I høve til eksamen vert altså den utøvande delen (hovudinstrumentet) vurdert grundigare enn hjå dei som har allmenn formidling eller arkiv og innsamlingsarbeid som fordjupingsemne.
Prosjekt
Eit skriftleg prosjektarbeid er knytt til fordjupingsdelen. Alle skal utforme ei problemstilling og gjennomføre eit prosjekt med ein skriftleg rapport. Ein kan også drive feltarbeid i 2-4 veker i utlandet eller i Noreg og skrive ein rapport frå dette arbeidet. Problemstillinga bør vere relatert til fordjupingsemnet og skal godkjennast før studenten kan gå i gang med arbeidet. Omfang: 8 - 15 maskinskrivne sider. Prosjektperioden er februar og mars. Timeplanfesta individuell rettleiing (inntil 5 timar) er obligatorisk. Så langt råd er skal problemstillinga ved munnleg prøve vere tematisk knytt til prosjekt/feltarbeid eller fordjupingsemne.
VALEMNE
Valemnet kan erstatte prosjekt og delar av praksis etter avtale.
Mål
Studenten kan velje å gjennomføre eit kortare studieopphald i utlandet (tre månader), og skal gjennom dette gjere seg kjend med lokal tradisjon der han/ho oppheld seg. Ved kontrastering og samanlikning skal studenten på bakgrunn av dette kunne setje norsk tradisjonsmusikk inn i ein større musikalsk og sosial samanheng.
Innhald
Studieopphaldet kan ta form av eit feltarbeid der studenten har kontakt med lokale utøvarar og forskarar. Eit slikt feltarbeid må utarbeidast i samråd med faglærar og institutt og i forståing med lokale fagfolk. Det kan også vere snakk om å følgje faste studieopplegg i regi av ein lokal utdanningsinstitusjon, der det er utarbeidd ei formell avtale mellom institusjonane.
Innhaldsmessig vil studieopphaldet variere ut i frå kva for fordjuping studenten har valt og etter kva for institusjonar og lokale område som er aktuelle.
Døme:
Instituttet har eit godt utvikla nettverk i Ungarn. Her kan ein folkemusikkstudent sjå nærare på det ungararane kallar ”dansehusrørsla”, den nyskapande ungarske folkemusikkrørsla. Studenten kan også følgje undervisning ved Óbuda folkemusikkskole i Budapest, ein skole som gjev folkemusikkopplæring til ca 300 barn og unge. Instituttet har også god kontakt med sentrale utøvarar i miljøet i og utanfor Budapest, med forskarar og undervisningspersonale ved Loránd Eötvös Universitet og ved Bartok-samlingane (folkemusikkarkiv). Studenten kan også følgje undervisninga ved Universitetet i Nitra, Slovakia.
Vurdering
Vurderinga vil variere etter forma på utanlandsopphaldet. Etter feltarbeid forventast presentasjon av innlært materiale gjennom konsertar og skriftleg rapport. Vurderinga skal gjerast av faglærar og eventuelle lokale fagfolk og blir del av studentmappevurderinga.
Ved meir formelle institusjonsopphald kan avlagt eksamen etter lokale retningslinjer vere avgjerande.
Arbeids- og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar, sjølvstudium, heimeoppgåver og prosjektarbeid. Undervisinga er vanlegvis lagt til faste vekedagar gjennom året, men særleg i arbeidet med fordjupingsdelen er studiet prosjektretta og studentane må arbeide i grupper for å planlegge og gjennomføre konsertar, turné og andre aktuelle formidlingsoppgåver. Arbeidsoppgåvene kan då også bli lagt til ettermiddag / kveld.
I vårsemesteret skal studentane gjennomføre ein konsertturné. Studentane er her med i planlegginga av turnéen. Om hausten er det praksis som er retta inn mot grunnskulen. Den individuelle undervisinga på hovudinstrument er stort sett lagt til faste vekedagar, men her kan det også vere meir konsentrert undervisning i periodar.
Ein større ekskursjon til utlandet (normalt Ungarn og Slovakia) er knytt til kurset i vårhalvåret. Dersom ein student ikkje kan delta på ekskursjonen, skal studenten gjennomføre eit alternativt opplegg som tek føre seg europeisk eller annan utanlandsk tradisjonsmusikk.
Tema for prosjektarbeidet skal godkjennast i slutten av haustsemesteret av faglærar/klasseleiar. Arbeidet med prosjektet er lagt til første halvdel av vårsemesteret. For studentar som har valemne utanlandsopphald, vil dette emnet erstatte prosjekt og deler av praksis i vårsemesteret. Studieturen fell også bort for desse studentane.
Kunst - og handverksdagane er instituttet si Open dør. Dette er eit arrangement som alle studentane er med på og som er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i kommunen. Arrangementet er lagt til avslutninga av studieåret.
Forholdet mellom teori/praksis
Målet med praksisen er å gi studentane ei praktisk røynsle med å formidle folkemusikk til andre, anten i samanheng med arkivarbeid, utøvande verksemd eller allmenn formidling og undervisning. Emnet må sjåast i nær samanheng med folkemusikkformidling og relevant teori.
- Fellespraksis
Fellespraksis er skolekonsertar ved Rauland barne- og ungdomsskole (haust) og konsertturné i vårsemesteret. Konsertturneen er lagt til vidaregåande skular og folkehøgskular. Studentane må leggje opp reiserute og ta ansvar for det praktiske omkring turneen. Konsertane planleggast i samarbeid med lærarane.
- Pedagogisk praksis
Alle skal einskildvis undervise ca.10 timar i grunnskule, musikkskule eller folkehøgskole. (Timetalet er også avhengig av kva som passar for den einskilde skolen.)
- Sjølvvald praksis
Studentane skal også ha sjølvvald praksis som gjerne kan knyttes til fordjupingsområdet. Studentane legg sjølv i samarbeid med læraren opp til kva dei vil arbeide med, og praksisen kan også ha tilknyting til temaet for det skriftlege prosjektet deira. Omfanget av praksisen kan variere, og høgskulen vil i kvart einskild tilfelle vurdere kva som er nok til å få praksisen godkjent. Det kan t.d. vere:
UNDERVISNINGSOPPLEGG:
Førebu og gjennomføre undervisningstimar eller kurs /seminar inntil 10 timer.
MUSIKKPROGRAM: Lage radio - eller TV program
KONSERT :
Førebu og gjennomføre konsertar for ulike målgrupper
ARKIVARBEID:
Praksis for fordjuping arkiv utarbeidas i samarbeid med arkivaren ved folkemusikksamlinga i Telemark, avdeling Rauland
For all praksis gjeld:
1. Det skal leverast ein plan på førehand som inneheld:
Mål, metode, fagleg innhald, tid og sted.
2. Det skal leverast ein rapport etterpå som inneheld:
Referat, røynsler, eigen oppsummering av praksisen.
Vurderingsformer
Eksamen omfattar munnleg prøve og innhald i studentmappe.
Munnleg prøve med eventuell utøving
Ved munnleg prøve skal kandidaten halde ei forelesing med tema knytt til fordjupingsemnet. Forelesingstittel og lengde på innlegg (vanlegvis 30 til 45 minutt) skal kandidaten få oppgjeve ei veke før munnleg prøve. Normalt vil berre sensor og faglærar(ar) vere til stades ved den munnlege prøva. Etter forelesinga vil sensor innleie til ei kortare samtale med basis i fagteori.
Dersom kandidaten har ” utøving” som fordjupingsemne, tel utøvinga halvparten av bedømmingsgrunnlaget for den munnlege prøva. Utøvinga kan vere ein integrert og tydeleg del av forelesinga eller framstå som ein eigen bolk. Dette vil i stor grad avhenge av forelesingstittelen.
Også for dei som ikkje har valt utøving som fordjupingsemne, kan utøving vere integrert i forelesinga, men her vil utøvinga bli vurdert som ein del av formidlingsheilskapen. Det vert ikkje nokon eigen utøvingsbolk ved den munnlege prøva for dei som ikkje vel utøving som fordjupingsemne.
Den munnlege prøva gjev grunnlag for halvparten av den totale karakteren.
Mappevurdering
Studentmappa inneheld studenten sine skriftlege arbeid/rapportar og dei ulike faglærarane si vurdering av desse.
I tillegg inneheld mappa faglærarane sine kontinuerlege skriftlege vurderingar av ulike oppgåver studenten er pålagt (arbeidskrav), som t.d. framleggingar, konsertar, arbeid med hovudinstrument o.l.
Studentmappa gjev grunnlag for halvparten av den totale eksamenskarakteren.
Studentmappe m. spesifiserte arbeidskrav
Folkemusikkformidling
- To skriftlege arbeid i folkemusikkformidling vurdert med karakterar
- skolekonsertar, godkjend gjennomføring
- konsertturné, godkjend gjennomføring
- min. 10 t pedagogisk praksis i grunnskole, musikkskole eller folkehøgskole vurdert til godkjend
- sjølvvald praksis knytt til fordjuping, godkjend gjennomføring
- godkjend obligatorisk undervisning i folkemusikkformidling
Folkemusikk og samfunn
- Eit skriftleg arbeid vurdert med karakter
Satslære og arrangering
- Fire heimeoppgåver vurdert med karakterar
- Prosjekt vurdert til godkjent, eller rapport frå kortare feltarbeid, vurdert til godkjent.
- Tradisjonskunnskap og kjeldebruk
- Ei framlegging vurdet til godkjend
- Valemne: Rapport frå tre månader i utlandet, vurdert til godkjend.
Studietur
- godkjend gjennomføring av obligatorisk studietur eller alternativt opplegg etter avtale med faglærar.
Hovudinstrument
- godkjend deltaking i undervisning i hovudinstrument.
For å gå opp til eksamen må studenten ha bestått skriftlege prøver og fått godkjend arbeidskrava
I emne med obligatorisk frammøte må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret i det einskilde emnet er på meir enn 20 %.
VEKTING
Dei ulike delane av vurderinga vektast slik:
Munnleg eksamen |
5 |
Mappevurdering |
5 |
To skriftlege arbeid i folkemusikkformidling vurdert med karakterar |
2/5 |
Skriftleg arbeid i folkemusikk og samfunn |
2/5 |
Fire heimeoppgåver i satslære og arrangering |
1/5 |
Det vert gjeve ein samanfattande karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Alle delemna må vere bestått /godkjend for at studenten skal få vitnemål
Litteraturliste:
Tittel | Forfatter | Forlag | Utgave | Utgitt år | ISBN | Kapittel / Sider | Kommentar | Type | Obligatorisk |
Folkemusikk 2 |
Se litteraturliste. |
Bok | Ja |
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no> - 09.05.2005