936 IKT for humanistar
Målgruppe og opptakskrav
Opptakskravet er generell studiekompetanse. Studiet vil bli tilbode i vårsemesteret og vil derfor passe godt for studentar som tar eit påbyggingsstudium i haustsemesteret. Studiet rettar seg også mot alle som ønskjer å gå vidare med studium innan språk, historiefag, kulturfag o.l. og skal gi grunnleggjande kunnskapar innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi til bruk innafor dei humanistiske fagområda.
Mål for studieprogrammet
Formålet med studiet er å gje studentane ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Emnet gir teoretiske og praktiske kunnskapar for å kunne nytte aktuelle maskin- og programvaretypar i samanheng med fagleg arbeid innan humanistiske fag, og legg vekt på å gi studentane eit kritisk perspektiv på IKT i kultur og samfunn.
Videre studiemuligheter
Studiet vil kunne gå inn i ein bachelorgrad med 30 studiepoeng, etter tid-for-tid prinsippet. Etter søknad kan heile eller delar av studiet gå inn som valemne i andre studium ved avdelinga.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
IKT for humanistar
|
Studiet er delt i tre kurs og vil bli tilbode i vårsemesteret. Heile studiet er på 30 studiepoeng. Eitt kurs på 10 studiepoeng er eit innføringskurs i informasjonsteknologi. Dei to andre kursa (10 + 10 studiepoeng) tek for seg eit kritisk perspektiv på utviklinga i bruk av digitale medium i kultur og samfunn, og undervisning i konkret bruk av moderne digital teknikk innafor dei humanistiske fagområda.
Arbeids- og læringsformer
Forelesningar og gruppearbeid på pc-lab.
Vurderingsformer
Alle kursa vil ha eksamen i vårsemesteret, og avviklinga følgjer eksamensreglementet som er fastsett av Høgskolen i Telemark, bygd på "Lov om universitet og høgskolar". Sjå punktet "Vurdering" under omtalen av kvart kurs i studieplanen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 02.11.2005