921 Masterstudium i tradisjonskunst

Målgruppe og opptakskrav

For å bli teken opp på mastergradstudiet må studentane ha bachelorgrad med åtti studiepoeng folkekunst eller folkemusikkutdanning i fagkrinsen. Etter særskild søknad kan ein takast opp på masterstudiet med ein annan bakgrunn som er spesielt relevant, t.d. innan musikk eller forming. I slike tilfelle vil ein kunne krevje at studenten må setje seg inn i sentrale problemstillingar i tradisjonskunst, og for dei som ikkje kan vise til ein formell praktisk-estetisk kompetanse innan folkekunst eller folkemusikk, kan ein i heilt spesielle tilhøve ha ei særskild opptaksprøve. Det blir ikkje stilt krav om examen philosophicum, sjølv om det er ønskjeleg at denne eksamen er avlagt før ein tar til på masterstudiet

Mål for studieprogrammet

Mastergradsstudiet har 2 siktemål, eit teoretisk og eit teoretisk-praktisk:

  • Studentane skal ha innsikt i tradisjonskunstens kulturelle bakgrunn. Dei skal kunne vurdere eigenarten i tradisjonskunst, og tenkje kritisk over korleis den blir teken vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø.
  • Studentane skal få innsikt i vitskaplege metodar, og ved sjølv å vere utøvarar i tradisjonskunst skal dei erfare korleis utøving er ei viktig kjelde til kunnskap.  Dei skal også bli medvitne om problematikken kring tradisjonsomgrepet og få innsikt i sider av moderne formidlingsproblematikk.

Videre studiemuligheter

Den som fullfører mastergradstudiet vil få tittelen Masterkandidat i tradisjonskunst. Dei kandidatane som har praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg til mastergraden, får lektorkompetanse og kan gå inn i undervisning på ulike nivå i skoleverket. Men mastergraden kan også brukast på mange andre felt. Mellom anna vil den gjeve eit godt grunnlag for ulike jobbar i media og kultursektoren, i private og offentlege kunst- og kulturinstitusjonar. Masterkandidatane kan også gå inn i konsulentverksemd av ulike slag. I tillegg må ein rekne med at mange av dei som tek utdanninga vil bruke den som grunnlag for å etablere seg som utøvarar i den kunsten dei har spesialisert seg, m.a. som kunsthandverkarar eller utøvande folkemusikarar.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning

Det faglege innhaldet i mastergradsstudiet fell inn i to delar; den teoretiske fellesdelen (3.1) og den individuelle praktisk-teoretiske delen : Mastergradsprosjektet m. forprosjekt (3.2).

Den teoretiske fellesdelen:

Ein vil få ei felles teoretisk innføring gjennom 4 hovudtema.  Desse vil i nokon grad gripe inn i og overlappe kvarandre, men ein vil fokusere på heile den teoretiske fellesdelen ut frå desse fire perspektiva:

kunstteori og tradisjonskunst, (3.1.1.) ;  kultur og identitet, (3.1.2.) ; tradering og kommunikasjon, (3.1.3) ; vitskapsteori, (3.1.4) .

Kunstteori og tradisjonskunst: Studentane skal ha ei oversikt over sentrale ledd i estetikkens historie og kunne drøfte kunstomgrepet og sentrale grunnlagsproblem i estetisk forsking.Det vil bli lagt spesiell vekt på folkekunst, og korleis den utvikla seg då det folkelege blei skilt ut frå det aristokratiske som ei eiga og mindreverdig kulturform. Difor vil framveksten av det populære alt frå renessansen av vere eit aktuelt tema. Studentane skal også kjenne til nokre hovudtrekk i utviklinga av norsk folkemusikk, og korleis norske komponistar tok til å nytte folkemusikken  på 1800 talet og utetter.

Kultur og identitet: Studentane skal kunne drøfte kulturomgrepet, og korleis kulturen har utvikla seg i den vestlege verda. Dei må også orientere seg i den dagsaktuelle kulturelle situasjonen. Eit viktig problemfelt blir drøftinga av dei ulike syna som ligg til grunn for skiljet mellom folkekultur, massekultur og populærkultur. Studentane skal få innføring i dei teoretiske rammene som ligg til grunn for kvart av desse kultursyna. Andre viktige felt er klasseproblematikk og nasjonalisme, t.d. spørsmål om korleis vår norske identitet blei knytt til folkekulturen og bygde-Noreg.

Tradisjon og kommunikasjon: Studentane skal få innsikt i problematikken kring omgrepet tradisjon, og kunne drøfte tradisjonsomgrepet. Ei viktig side vil bli sett i lys av omgrep frå hermeneutikken: Kva er essensielt og kva er meir relativt, og korleis verkar dette inn i traderingsprosessane?

Studentane skal også få innsikt i sentrale sider av formidlingsproblematikk av tradisjonskunst, og korleis tradering og formidling har endra seg, særleg i det siste hundreåret.

Vitskapsteori : Kunst- og kulturvitskapane har vakse fram i skjeringsfelt mellom humanvitskapar og samfunnsvitskapar. I denne samanhengen er det viktig med ei innføring i sentrale vitskapsteoretiske omgrep som hypotetisk-deduktiv metode, hermeneutikk og fenomenologi, for å gjeve studentane eit heilskapssyn på tradisjonskunsten. Ein vil fokusere på metodiske problem som vil førebu studenten på arbeidet med forprosjektet og mastergradsprosjektet, - der kombinasjon av teoretiske og praktiske element vil vere sentral.

Vekting og evaluering:

Den teoretiske fellesdelen av mastergradsstudiet vil utgjere 30 studiepoeng (30 ECTS) .

Det vil bli kravd ei innlevering i midten av første semester. Denne må vere evaluert til ”bestått” for at studenten kan gå vidare, og avslutte den teoretiske fellesdelen med ei avsluttande 6 timars skriftleg prøve. På denne prøva vil det bli gjeve karakter  på skalaen A-F. Karakterane A-E er ”bestått”, karakteren F er ”ikkje bestått”. Karakteren på den avsluttande prøva vil telje ¼ av den samla karakteren i heile mastergradstudiet.

Mastergradsprosjektet m. forprosjekt og prospekt

MÅL

Studentane skal gjennomføre eit større prosjekt som inneheld ein praktisk del og ei skriftleg framstilling (teoretiske element). Dei ulike komponentane som inngår i prosjektet kan vere av ulikt omfang, men det er eit krav at dei praktiske og teoretiske delane utgjer ein heilskap. Det følgjer av studiets eigenart at det blir opna for forskjellige prosjekttypar alt etter kvar studenten vil leggje tyngdepunktet i arbeidet sitt, - om det ligg i dokumentasjon, teori knytt til kunst, kultur, tradisjon, utøving eller formidling. Ein vil ikkje kunne få godkjent eit prosjekt der den praktiske sida ikkje er tydeleg til stades, eller eit prosjekt som ikkje har teoretisk innslag. Ein tenkjer seg ei fordeling av dei to komponentane seg imellom innan ei 35%-65% grense.

Mastergradsprosjekta kan soleis vere ganske forskjellige, og før ein tar til på arbeidet er det viktig at student og vegleiarar er samde om ein gjenomføringsplan. Trass i forskjellig innhald er det likevel ein del grunnleggjande ting som vil vere til stades i alle prosjekta. Studentane skal skaffe seg erfaring i å arbeide systematisk med eit materiale frå tradisjonskunsten og nytte metodar som er eigna til å få fram relevant kunnskap. Ymse former for hypotesetesting er vanleg i dei fleste prosjekta, samt det å klårgjere bakgrunnsmateriale og kontekst. Det er også viktig at ein nyttar seg av den kunnskapen ein kan få ved å vere utøvar i tradisjonskunst. Framstillinga skal vere klårt presentert med god dokumentasjon, slik at andre på nokolunde same faglege nivå skal kunne vurdere arbeidet.

Arbeidet med mastergradsprosjektet startar opp allereie i første semesteret med forprosjektet (3.2.1 ). Ein del er felles for all tradisjonskunst, og noko av dette stoffet blir teke opp under vitskapsteori ( 3.1.4.). I tillegg blir det gjeve individuell rettleiing. I andre semester vil metodeundervisninga og gjennomføringsplanen bli ein hovuddel. Forprosjektet omfattar to obligatoriske seminar som blir følgd opp med eit avsluttande prospekt i slutten av andre semester. Deltaking gjennom presentasjon på dei to seminara, samt det avsluttande prospektet må vere godkjende før studenten kan få klarsignal for emne og opplegg til det avsluttande mastergradsprosjektet (3.2.2.).

Vekting og evaluering:

Dei to presentasjonane og prospektet i 2.semester utgjer 30 studiepoeng (30 ECTS). Sjølve mastergradsprosjektet går over 3. og 4. semester og utgjer 60 studiepoeng (60 ECTS).

Mastergradsprosjektet med forprosjekt og prospekt vil slik til saman utgjere 90 studiepoeng  (90 ECTS).

Heile andre semester er lagt opp som ein prosess der ein førebur seg til det avsluttande mastergradsprosjektet. Det vil bli gjeve karakteren ”bestått” eller ”ikkje bestått” på tre tidspunkt i dette prosessarbeidet : 1.) etter første presentasjon, 2.) etter andre presentasjon og 3.) etter innlevering av det ferdige prospektet, der planen for mastergradsprosjektet er ferdig utarbeidd.

INNHALD

Prosjekta og rettleiinga blir tilpassa den einskilde studenten og vil vere knytt til det kjeldematerialet studenten arbeider med. Dette kjeldematerialet vil nok mest vanleg vere å finne innan norsk tradisjon, men ein vil også oppmode studentar om å skaffe seg innsikt i andre tradisjonskulturar, t.d. gjennom opphald i utlandet. Vidare vil det vere utanlandske studentar som naturleg nok må få ta utgangspunkt i eigen tradisjon.

Innhaldet i den teoretiske/ skriftlege delen, og den praktiske utøvingsdelen skal til saman omfatte:

  • Problemformulering
  • Val og grunngjeving av strategi og metodar
  • Klårgjering av relevant saksinnhald og sentrale omgrep
  • Gjennomføring av eit prosjekt ved hjelp av kjelder, eigne observasjonar og utøving
  • Høveleg dokumentasjon, både teoretisk og praktisk-estetisk
  • Drøfting av resultat

Som vedlegg til mastergradsprosjektet skal det utarbeidast eit skriftleg samandrag på 1-2 sider, til database.

Forprosjektet m. prospekt

Før studentane går i gang med mastergradsprosjektet er det viktig at dei brukar tid på å avgrense stoff og emne, avklare problemstillingar  og metodar. Dette arbeidet blir kalla forprosjektet. I dette skal studenten syne korleis dokumentert - / innsamla materiale kan brukast med omsyn til å utvikle ei realistisk problemstilling. Til forprosjektet høyrer det også at studenten skal finne fram til teoretiske referansar som er særleg relevante for det aktuelle mastergradsprosjektet.

Arbeidet med forprosjektet startar i første semester. Det tek utgangspunkt i undervisninga i vitskapsteori , dvs. punkt 3.1.4., og det vil bli følgd opp gjennom meir praktisk retta metodeseminar i andre semester. Her vil dei ymse prosjekta bli drøfta. Forprosjektet skal vere avslutta i siste del av andre semester med eit prospekt, dvs. ein oversikt  på 8-10 sider,  for arbeidet med mastergradsprosjektet. I tillegg til det som alt er nemnt ovafor skal prospektet innehalde ein framdriftsplan for arbeidet med mastergradsprosjektet. Presentasjonane på dei to seminara, samt det skrivne prospektet skal vere godkjent før studenten kan få godkjent emne og opplegg for det avsluttande mastergradsprosjektet, og få tildelt vegleiarar.

Mastergradsprosjektet

Mastergradsprosjekta er utarbeidde individuelt for kvar student og vil spenne over eit stort spekter av emne innan tradisjonskunsten. Sidan nokre prosjekt er meir teoretiske og nokre meir praktiske vil det vere stor variasjon i innhald og presentasjonsformer. Det er difor vanskeleg å seie så mykje generelt om innhaldet i mastergradsprosjektet. Det generelle går først og fremst på det metodiske, - det at ein skal arbeide systematisk og vitskapleg for å oppnå kunnskap, og at ein hentar kunnskap frå både teoretiske og praktiske kjelder. Det er også ein del kunnskap om arkiv, samlingar og tekniske hjelpemiddel som vil vere naudsynlege i dei fleste prosjekta. 

Dokumentasjon

I mastergradsprosjektet bør ein starte med dokumentasjon. Dei studentane som treng opplæring i teknisk basiskunnskap må få høve til å setje seg inn i dette heilt frå starten av prosjektet. Det kan vere kunnskap om lyd, bilde, gjenstandar og prosessar.

Folkemusikk:

Teknisk basiskunnskap.

Mange folkemusikkstudentar må skaffe seg innsikt i det tekniske grunnlaget for ulike lyd- og bildeberande format, - så som papir, film, voksrullar og ulike digitalformat. Dei må kjenne til vesentlege skilnader mellom tekniske dokumentasjonsalternativ som finst i dag.

Informasjon og informasjonsberarar.

I mange prosjekt vil det vere viktig for studenten å setje seg inn i korleis tradisjonen varierer over tid, frå område til område, frå utøvar til utøvar og / eller hos same utøvar over tid. Ulike tekniske hjelpemiddel (forskjellige opptaksmetodar) i registrering og dokumentasjon kan gi forskjellig informasjon om variasjonane i tradisjonsuttrykka. Det kan også vere naudsynleg å vere kritisk til informasjonsberarar og tradisjonsuttrykk.

Generelt arkivoversyn.

Det er viktig å vere kjent med det offentlege arkivvesenet, samt dei viktigaste privatarkiva i landet. I tillegg trengs det kunnskap om korleis ein kan finne fram i dei ymse arkiva, og kva reglar som gjeld for bruk og offentleggjering av arkivmateriale.

Folkekunst:

Registrering.

I manga av prosjekta i folkekunst kan det vere viktig å skaffe seg kunnskap om ulike former for registrering og dokumentasjon av folkekunstgjenstandar og arbeidsprosessar knytte til materialområda tre, tekstil og metall. Studenten må sjølv ofte dokumentere og registrere grunnlagsmateriale innan materialområda. Grunnlagsmaterialet må ikkje vere for omfattande, då dette materialet skal brukast, formidlast og vere gjenstand for analyse innan overkommelege praktiske og teoretiske rammer.

Museum og samlingar.

I mange av prosjekta innan folkekunst vil det vere naudsynleg med innsyn i ulike offentlege institusjonar som har hatt og har ansvar for å ta vare å på dei folkelege kunst- og kulturgjenstandane. Det kan vere viktig å vite kvifor desse institusjonane blei stifta, og korleis dei har arbeidd fram til i dag. Kjennskap til private samlingar kan også vere aktuelt.

I slike tilfelle vil det vere nyttig å gjere seg kjent med ulike registrerings- og katalogiseringsmåtar som er nytta, samt reglar og retningsliner som gjeld ved bruk / utlån og offentleggjering av materialet.

Praksis / utøving

Det er naudsynleg at utøving er til stades i mastergradsprosjektet. Studentane skal erfare og vite om korleis ein får kunnskap ved å vere utøvar av tradisjonskunst. Anna praksis kan også inngå sekundært i nokre av prosjekta, - slik som innsamlingspraksis, arikivpraksis, databehanling, mediekunnskap etc. 

I nokre prosjekt med primært utøvande profil, kan reint kunstnarleg instruksjon vere naudsynleg. For folkemusikarar vil det kunne vere timar på hovudinstrument, for folkekunstnarar vil det kunne vere timar i arbeid med det materialet dei arbeider med, arbeidsteknikkar, kunstnarleg uttrykk etc. Slik undervisning må eventuelt inngå som ein del av vegleiinga, og det er rådgjevarane som bestemmer om vegleiingstimar skal kunne brukast på denne måten. 

Formidling

Mastergradsprosjekta skal innehalde formidling, men i nokre prosjekt vil denne delen vere sterkare til stades enn i andre. Dette skal vere klart alt i prospektet. Elles er det studenten i samråd med vegleiarane som skal vurdere i kva perspektiv ein skal sjå formidlinga, samt det teoretiske og praktiske omfanget og av den formidlande delen.

Arbeids- og læringsformer

Den teoretiske fellesdelen:

Det vil bli førelesingar og seminar både med faste lærarar og gjesteførelesarar. Nokre av undervisnings-øktene kvart semester vil bli meir intensive enn andre. Det vil bli gjeve oppgåver og informasjon undervegs. Mykje av undervisninga vil naturleg nok vere retta mot førebuing av mastergradsprosjektet, som alltid vil stå sentralt i mastergradstudiet.

Forprosjektet og mastergradsprosjektet:

Alt i førelesningane i den teoretiske fellesdelen vil det bli fokusert på forprosjektet. Dette vil bli særleg synleg i kurs 3.1.4, om vitskapsteori. Elles vil det i andre semester bli haldne prosjektseminar for studentane. Her vil først og fremst dei lærarane delta, som er knytte til  instituttet, men ved behov vil det også bli invitert gjesteførelesarar frå andre høgskolar og universitet. Heile tida blir siktemålet å gjeve studentane hjelp til å løyse konkrete problem dei måtte ha med å etablere prosjektplanane sine. Det er også viktig at studentane lagar kollokviegrupper der dei får diskutere med kvarandre. Individuell vegleiing blir også ein del av undervisningsformene.

Til sjølve mastergradsprosjektet vil individuell vegleiing bli viktigaste undervisningsforma. Men det vil også bli lagt til rettes for samkomer der studentar og lærarar kan få treffe kvarandre og diskutere framdrifta i prosjekta. Elles vil informasjon bli oppdatert ved å bruke internett.

Vurderingsformer

Mastergradsstudiet i tradisjonskunst gir 120 studiepoeng og har to hovudprøver og eit passeringspunkt.

Skriftleg eksamen

  • Eksamen i den teoretiske fellesdelen (30 ECTS): Midterm-innlevering  

( vurdert til bestått / ikkje bestått) og skriftleg avsluttande prøve på 6 timar.

Passeringspunkt

  • Forprosjektet består av to obligatoriske munnlege framleggingar (10 + 10 ECTS) og innlevering av det skriftlege prospektet (10 ECTS), til saman 30 ECTS. Vurdert til bestått / ikkje bestått.

 

Praktisk / teoretisk eksamen

  • Mastergradsprosjektet (60 ECTS): Dette er todelt, - ein kombinasjon av praksis og teori. Ein får difor to komponentar å vurdere:

1)      Praksis: Ein utøvande og formidlande del.

2)      Teori: Dokumentasjon og framlegging av eit tradisjonskunstnarisk materiale. Dette kan vere ei rein skriftleg avhandling etter mønster av Thesis-varianten i dei anglo-amerikanske MA-studiane (tilsvarar hovudoppgåva i det gamle norske hovudfagsstudiet.) Men ein kan også fylle dei teoretiske krava gjennom framlegging og dokumentasjon gjennom andre moderne, og i vår tid meir høvelege og tilpassa kommuniseringsmiddel, t.d. video , DVD , reine lydopptak (kassett eller CD), kommenterte bilete, dokumenterte og kommenterte utstillingar, kommenterte konsertar etc.

Det er viktig for vurderinga at den praktiske og teoretiske komponenten i prosjektet utgjer ein heilskap. Ideelt sett skal dei to delane vere likeverdige (50% - 50%), men det vil bli mogleg å vektlegge ein av komponentane meir enn den andre dersom problemstillinga i prosjektet tilseier at ei slik vekting er naturleg. Ein kan godkjenne ei vekting innan området 35 % - 65 % for kvar komponent.

Mastergradsprosjektet skal avsluttast med ein munnleg eksamen, der studenten blir eksaminert i både dei praktiske og teoretiske komponentane. I denne munnlege eksamen blir endeleg karakter fastsett for mastergradsprosjektet, inkl. forprosjektet (90 ECTS).

I den teoretiske fellesdelen og i mastergradsprosjektet blir det gjeve karakterar etter karakterskalaen frå A til F  (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått. ) Det blir ikkje gjeve særskild karakter i forprosjektet og prospektet, men desse må vere godkjende av faglærarar før ein kan ta til med mastergradsprosjektet. Dei utgjer ein naudsynleg innleiingsdel til mastergradsprosjektet. Ved utrekninging av karakter for heile MA-graden vil grunnkurset telje ¼ , og karakteren for mastergradsprosjektet vil dekke dei resterande ¾ av heile MA-grads karakteren. Soleis vil forprosjektet med prospektet ved endeleg karaktersetjing bli sett i samanheng med mastergradsprosjektet.

Dersom studenten består alle prøvene vil han / ho til slutt få ein hovudkarakter på skalaen frå A til E. Kvart delemne må ha bestått for at hovudemnet skal vere bestått. Ein viser dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.


Litteraturliste:
Tittel Forfatter Forlag Utgave Utgitt år ISBN Kapittel / Sider Kommentar Type Obligatorisk
Master i tradisjonskunst             

Se litteraturliste.

 
Bok  Ja 

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 18.08.2005