456 Bachelorstudium i litteratur og språk
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppe er alle søkjarar med interesse for språk og litteratur og som ønskjer seg brei kompetanse innan engelsk og/eller norsk, anten til bruk i undervisning eller i anna arbeid som krev gode språkkunnskapar. Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Mål for studieprogrammet
Fordjupinga i engelsk gir ei grundig innføring i britisk og amerikansk litteratur og kultur, kunnskap om tilhøva i resten av den engelskspråklege verda, ei brei innsikt i engelsk grammatikk og fonetikk, og i den munnlege bruken av språket.
Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.
Dei seks emna som utgjer årsstudiet i norsk, til saman 60 studiepoeng (sjå nedanfor), sikrar breidd og innsikt i faget, og kvalifiserer for undervisning i norsk i ulike skoleslag.
Videre studiemuligheter
BA i litteratur og språk gir ei interessant, nyttig og variert utdanning som kan brukast innan både skole og ei rekkje andre arbeidsområde, som forlag, massemedia, informasjonsarbeid, reiseliv, internasjonalt arbeid o.l. Studiet er fleksibelt strukturert: du kan velje ei fordjuping på 80 studiepoeng i anten engelsk eller norsk, eller du kan ta ei full fordjuping på 180 studiepoeng (inkl. ex.phil og ex.fac.) i engelsk, eller inntil 100 studiepoeng i norsk. I alle høve er det mogleg å ta delar av studiet ved eit utanlandsk universitet som Høgskolen i Telemark samarbeider med. Varianten med full fordjuping inneber eit heilt studieår i utlandet. Fordjupingane i norsk og engelsk gir undervisningskompetanse i desse faga dersom ein vel minst 20 studiepoeng språk og tilsvarande i litteratur og i tillegg har praktisk pedagogisk utdanning. For dei som tenkjer seg å bruke utdanninga i skolen, rår ein til å kombinere ei 80-studiepoengs fordjuping med eit årsstudium i eit anna skolefag.
Einskildemne kan også gå inn i andre bachelorstudium
Bachelor i litteratur og språk gir grunnlag for søknad til master i kulturstudiar og med atterhald om spesielle krav ved andre høgskolar og universitet gir graden grunnlag for fleire typar MA-studium.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Studentane kan velje fordjupning i norsk eller engelsk.
Fordjupning engelsk: Minst 80 studiepoeng, eventuelt opp til 90. Ein kan også velje 160 studiepoeng engelsk ved å ta tredje studieår ved eit samarbeidande universitet i utlandet. Alternativt kan ein velgje fordjuping i engelsk på 80 (evt. 90) studiepoeng. Dei resterande 80 (70) studiepoenga kan veljast innafor studium i norsk, historie eller idéhistorie ved instituttet.
Fordjupning i norsk: Minst 80 studiepoeng, eventuelt opp til 100 studiepoeng. Dei siste 80 studiepoenga kan nyttast til emne, emnegrupper eller årsstudium i t.d. historie, engelsk eller idéhistorie.
Ex.phil. og lingvistikk er obligatoriske emne i båe studieretningane og ein rår til at desse emna blir tekne i løpet av dei to første åra.
Arbeids- og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformene både forelesingar, seminar, skriftleg og munnleg prosjektarbeid og innleveringar/heimeoppgåver. Dei som vel engelsk skal i tillegg ha ein to-vekers ekskursjon til Det norske studiesenteret i Storbritannia, York.
Vurderingsformer
Alle emna vil ha ei blanding av undervegsvurdering og sluttprøving. Formene vil variere frå emne til emne, men i løpet av studiet vil det bli nytta både mappeevaluering, heimeeksamen, munnleg eksamen og skriftleg skoleeksamen. Sjå nærare omtale under dei enkelte emna.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 25.05.2005