523 Engelsk fordjuping/mellomfagstillegg
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er ei vidareføring og spesialisering av emne frå årsstudiet og gjev såleis ein meir omfattande og detaljert kunnskap om dei tema som emna omfattar.
Opptakskrav er fullført årsstudium (60 studiepoeng) i engelsk eller tilsvarande utdanning. Målgruppa er alle som ønskjer seg ei styrking av engelskkompetansen i forhold til årsstudiet.
Videre studiemuligheter
Mellomfagstillegget i engelsk utgjer fordjupinga i ein bachelorgrad som kan vere grunnlaget for opptak til masterstudium i engelsk.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Engelsk fordjuping/mellomfagstillegg
|
Studiet, som går over eitt semesterer (30 studiepoeng), byggjer på årsstudiet i engelsk, og kan nyttast som del av BA-gradar med forskjellige former for fordjuping i engelsk. Studentane må ha bestått forprøvene i 2701 Lingvistikk for å få godkjent tilleggsstudiet. Påbyggingsstudiet kan gi grunnlag for masterstudium i engelsk, men ein gjer merksam på at kravet til fordjupning for opptak til mastergrad varierer frå ein institusjon til ein annan. Påbygging ved universiteta må difor avklarast med det universitetet der ein søkjer om opptak til slikt studium.Studiet er sett saman av tre emne, kvart på 10 studiepoeng. To av desse er normalt innan litteratur og kulturkunnskap, og eitt innan språk.
Arbeids- og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå emne til emne, men inkluderer både forelesingar, seminar, skriftleg og munnleg prosjektarbeid og innleveringar. All undervisning går føre seg på engelsk.
Vurderingsformer
Alle emna vil ha ei blanding av undervegsvurdering og sluttprøving. Formene vil variere frå emne til emne, men vil inkludere både heimeoppgåver, munnleg eksamen og skriftleg skoleeksamen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 25.05.2005