934 Master i kulturstudiar, master
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er særleg aktuelt for studentar med humanistisk eller fortolkande samfunnsvitskapleg fag eller ulike tverrfaglege kulturstudium i bachelorgraden sin. Ved sida av studentar som går rett frå fullført bachelorgrad, rettar studiet seg også mot søkarar med yrkeserfaring, for eksempel tilsette i media, offentlege og private kulturorganisasjonar. Studiet eignar seg som etterutdanning, m.a. for lærarar og tilsette i det offentlege og private som arbeider med kulturfaglege problemstillingar. For å bli tatt opp på masterstudiet må studentane ha bachelorgrad eller cand. mag.-grad med fordjuping i
- eit humanistisk fag,
- eller eit relevant samfunnsvitskapleg fag
- eller eit tverrfagleg kulturstudium.
Etter særskild søknad kan ein takast opp med ein annan fagleg bakgrunn som er relevant for masterstudiet, og det skal gjerast ein heilskapsvurdering av den faglege bakgrunnen. Ein skal ha ex. phil. for å bli tatt opp. Det må eventuelt søkjast om unntak frå denne regelen.
Mål for studieprogrammet
Siktemålet med masterstudiet er at studentane tileignar seg innsikt i grunnlaget for kultur slik det kjem til uttrykk gjennom ulike fagtradisjonar innanfor humaniora og fortolkande samfunnsvitskap. Ved sida av å oppnå innsikt i grunnlagsteori skal ein setje seg spesielt inn i enkelte sentrale fagtradisjonar. Desse innsiktene skal ein også lære å bruke i det ein fordjupar seg i aktuelle tema.
Eit tverrfagleg studium skal skaffe innsikt og oversikt som ein ikkje så lett får i eit einfagleg studium. Ein må m.a. setje eit avgrensa emne inn i overgripande samanhengar, som kan gå tapt ved eit snevert spesialstudium. Tekst og kontekst, det spesielle og det generelle føreset og formidlar kvarandre. Eit viktig mål er å ta vare på dei allmenne samanhengane, og opne for fordjuping og spesialisering innan avgrensa emneområde.
Masterstudiet er sett saman av følgjande fagperspektiv, som går gjennom heile studiet:
- Allment kulturteoretisk perspektiv
- Historisk perspektiv
- Estetisk og litterært perspektiv
- Fortolkande samfunnsvitskapleg/kultursosiologisk perspektiv
Det blir såleis viktig å meistre fleire ulike fagtradisjonar. Dette vil gi fagleg valfridom og utvikle evne til å skifte teoretiske perspektiv i arbeidet med ulike faglege emne. Ved at ulike fagtradisjonar og teoriar blir sette opp mot kvarandre i dialog, kan ein forstå ulike fag utanfrå og i lys av kvarandre.
Det vil bli lagt stor vekt på at studentane arbeider kritisk og sjølvstendig, både med hovudoppgåva og dei andre delane av masterstudiet. Dette vil komme til uttrykk både i studieopplegget og i den måten ein tek opp og freistar å løyse faglege spørsmål på.
Videre studiemuligheter
Kandidatar som fullfører studiet, blir master i kulturstudiar (MA), med
a) valretning i kulturanalyse eller
b) valretning i kulturadministrasjon.
Ein mastergradsskandidat som tek praktisk-pedagogisk utdanning, får lektorkompetanse. Masterstudiet vil kunne gi undervisningskompetanse i enkelte humanistiske fag og samfunnsvitenskaplege fag. Studiet vil m.a. kvalifisere for arbeid i skoleverket, i kulturetaten i kommune og fylkeskommune, i media og kultursektoren, t.d. i kulturredaksjonar, forlag og forskjellige kulturformidlingsstillingar, og i ulike delar av samfunnet elles der det krevst brei og allmenn kompetanse.
I løpet av studiet tar ein sikte på å arrangere minst eitt fagseminar utanom høgskolen - her i landet, i eller utanfor Norden. Forholda blir lagt til rette for studieopphald i utlandet.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Kulturanalyse
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kulturadministrasjon
|
Studentane kan velge mellom to ulike valretningar: kulturanalyse eller kulturadministrasjon.
Valretninga i kulturanalyse tek sikte på å gi studentane ein brei og allmenn kulturkompetanse og evne til å analysere aktuelle og samansette kulturspørsmål. Valretninga i kulturadministrasjon vil òg kvalifisere meir direkte for leiarstillingar i kultursektoren. Studentane gjer merksam på kva for valretning dei vil velje, når dei søkjer studiet, men det er ikkje særskilt opptak til kvar valretning.
Studentar som vil ta valretninga i kulturanalyse, vel minst eit av følgjande fordjupingsemne: Natur og kultur, Barndom og Modernitet eller medieemnet Tale, skrift, bilde, og dei skriv ei kulturanalytisk hovudoppgåve (60 stp.).
Studentar som vil ta valretninga i kulturadministrasjon, må velje minst eit av følgjande fordjupingsemne: Kultur og leiing eller Internasjonal kulturpolitikk og kunstformidling. Dei må òg skrive ei hovudoppgåve med relevans for kultursektoren (45 stp.). I tillegg må dei ta kurset i Kulturøkonomi/marknadsføring.
Studiet er sett saman av eit innføringsemne, eit metodekurs, to fordjupingsemne og ei hovudoppgåve. I tillegg kjem det obligatoriske kurset i Kulturøkonomi/marknadsføring i valretninga i kulturadministrasjon (3. semester).
Innføringsemnet er felles for alle og omfattar kulturteori, vitskapsteori og faghistorie. Metodekurset skal førebu studentane på arbeidet med hovudoppgåva. Fordjupingsemna er tverrfaglege og blir tilbydde som semesteremne. Også hovudoppgåva skal ha ein tverrfagleg karakter.
Kva for fordjupingsemne som blir tilbydde, er avhengig av den kompetansen og dei ressursane som til ei kvar tid finst, sjå oversynet nedanfor. Pensum vil til vanleg vere samansett av tekstar/kjelder i varierande omfang og faglitteratur på om lag 1200 sider.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga vil skje dels i form av forelesingar og dels i form av seminar. Det blir lagt vekt på dialog med studentane både i forelesingane og i seminara.
Undervisninga i fordjupingsemna vil for det meste skje i seminarform, der fagpersonar med bakgrunn frå ulike fagtradisjonar held innleiingsforelesingar om sine emne. For å ta vare på det tverrfaglege perspektivet vil undervisninga stundom skje etter to-lærarprinsippet.
I særtilfelle kan studenten velje eit anna fordjupingsemne enn dei som er nemnde i studieplanen, særleg når emnet er relevant for hovudoppgåva. Emnet - med innhald og pensumliste - må godkjennast av instituttet før semesterstart. Emnet må falle innanfor fagfeltet "kulturstudiar", slik det er avgrensa i studieplanen, og det må finnast kompetanse i emnet ved instituttet. Ein kan ikkje rekne med at det blir tilbydd særskild undervisning i slike emne. Eventuelt sjølvvald emne skal alltid vurderast med munnleg eksamen.
Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med hovudoppgåva. Det bli halde eigne seminar i oppgåveskriving kvart semester.
Ein vil også legge forholda til rette for dei som vil vere deltidsstudentar.
Vurderingsformer
Ein nytter bokstavkarakterar frå A til F, der A er best og E er siste ståkarakter. I metodekurset nyttar ein karakteren Stått/ikkje stått.
I innføringsemnet i 1. semester vil det bli kravd innlevering av eit skriftleg arbeid som tel 20%, før avsluttande skriftleg individuell eksamen som tel 80% av karakteren i emnet. Metodekurset blir vurdert gjennom eit skriftleg forprosjekt (prosjektskildring), som skal leverast tidleg i 2. semester - og gjennom innlevering av skriftlege arbeid undervegs i kurset. Vurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnet. I løpet av forjupingsemnet skal kvar student levere eit skriftleg arbeid på grunnlag av pensum som tel 20% av den endlege karakteren på fordjupingsemnet. Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne dei vil prøveforelese i, men oppgåva blir gitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for vurderingsform dei ønskjer. I kurset i Kulturøkonomi/marknadsføring blir det skriftleg individuell eksamen. Karakter på hovudoppgåva blir gitt på grunnlag av den innleverte oppgåva, men kan bli justert etter ei obligatorisk munnleg prøving. I dei emna som har karaktersette delemne, skal slutteksamen vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 12.06.2008