Friluftsliv, jakt og fiske 4008
Læringsmål
Studentane skal få ei innføring i friluftsliv med særleg vekt på utøving av jakt og fiske som ein viktig del av friluftslivsomgrepet. Dei skal bli kjent med friluftslivet si historie og samanhengen med tradisjonell jakt og fiske. Vidare skal studentane få innsikt og sjå samspelet mellom utøving av friluftsliv, jakt og fiske og moglege og aktuelle verknader på dei økologiske tilhøva i naturen. Det blir lagt vekt på ei praktisk innføring i viktige sider ved jakt, fiske og oppsyn, som grunnlag for ei tilnærming til meir teoretisk forståing av korleis friluftsliv er betinga av og kan påverke naturen.
Innhold
Sentrale tema:
· Friluftslivshistorie: Tidlege ansatsar til friluftsliv i det kontinentale Europa, det ideelle friluftslivet i Nord-Amerika, friluftslivet si utvikling i Norge med røter i tradisjonell utøving av jakt og fiske for naturalhushaldning, friluftslivsomgrepet i dag, ’tungt’ og lett friluftsliv.
· Jakt: Jaktbare artar, grunnleggande artskunnskap, naturleg produksjon, jaktutøving og omfang, jegerprøve, våpenkunnskap og –sikkerhet.
· Fiske: Fiskbare artar, produksjon, artskunnskap, utbreiing, kultivering , sportsfiske som friluftsliv, fiskemetodar inkl. flugefiskekurs.
· Naturoppsyn: Lovgrunnlag, norsk eigedoms- og forvaltningsstruktur, rovviltforvaltning, praktisk oppsyn.
· Økologiske verknader: uttak ved jakt og fiske, enkel populasjonsdynamikk, sårbar natur og verknader av ferdsel, forstyrrelse, vegetasjonsslitasje.
Organisering
30 timar forelesing.
Obligatorisk: 30 timar praktiske øvingar, og til saman fem dagar med feltekskursjonar.
Jakt og fiske-delen inkluderer kurs i naturoppsyn, jegeprøve, og har eigne prøver.
Midtvegs i semesteret skal det leverast ei semesteroppgåve til vurdering og den skal framførast munnleg, der alle studentar skal delta.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver: ei semesteroppgåve tel 40% og skriftleg sluttprøve (3 timar) tel 60% av endeleg eksamenskarakter. Øvingar og ekskusjonar må være godkjente før ein kan gå opp til sluttprøva. Ein godtek inntil 20% gyldig fråver. Eige prøve i naturoppsyn og jegarprøve må vere stått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 04.01.2006