IT-matematikk 5501

Læringsmål

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for logisk og metodisk tenkemåte og arbeid. Studentane skal få innsikt i, og praktisk trening med, grunnleggande matematiske emne som er relevante for informatikkfaget.

Innhold

Emnet gir ei innføring i grunnleggande matematiske emne og sannsynleghetsrekning. Ein ser på ulike talsystem, maskinintern lagring og aritmetikk. Mengdelære og logikk. Talfølgjer og differenslikningar. Funksjonar av ein variabel med tema som derivasjon og integrasjon, kurvedrøfting og optimering for polynom-, eksponensial- og logaritmefunksjonar. I sannsynleghetsrekninga ser ein på: Diskrete sannsynleghetsmodellar, utfall, kombinatorikk og utval, betinga sannsynleghet og uavhengighet.

Organisering

6-8 timar forelesing i veka i haustsemesteret.

Vurderingsformer

Undervegsevaluering i form av obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til individuell, skriftleg 5 timars sluttprøve.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 05.07.2006