Objektorientert programmering 5609

Læringsmål

Emnet gir ei grundig innføring i objektorientert programmering. Studentane skal bli kjende med dei viktigaste konstruksjonane i eit objektorientert programmeringsspråk og kunne nytte objektorienterte metodar på praktiske problem.

Innhold

Klassar og objekt. Metodar og meldingar. Innkapsling og abstrakte datatypar. Objektorientert analyse og design. Arv, grensesnitt, polymorfi. Klassebibliotek. Grafiske brukargrensesnitt og hendingsutløyst programmering. Nettverksprogrammering. Klient/tenar-programmering og introduksjon til fleirlagsarkitektur.

Organisering

6-7 timar forelesingar, øvingar og rettleiing pr veke i haustsemesteret.

Vurderingsformer

Undervegsevaluering i form av obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til individuell, skriftleg 4 timars sluttprøve.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 05.07.2006