Organisasjonsfag II 5201

Læringsmål

Innhold

Innhaldet i 5212 Organisasjonsfag I og 5201 Organisasjonsfag II utgjer ein heilskap. Emnet er i studieplanen delt i to sjølvstendige emne.

Organisasjonsfag II inneheld følgjande 3 modular:

Modul 3: Styring av ein organisasjon

Innhald:
Teoriar om
· mandat
· interessentar (omgjevnadene), strategiske val, alliansar og nettverk.
· makt og medverknad
· konflikt, forhandlingar og konfliktløysing
· etiske ”kjøreregler” i arbeidslivet
· kontroll
. avgjerdsprosessar
· leiarskap, leiaratferd og situasjonsbestemt leiing

Modul 4: Grupper og team i ein organisasjon

Innhald:
Teoriar om

· ulike gruppetypar
· gruppestrukturar
· korleis menneske blir påverka av grupper dei deltar i
· teamarbeid
· leiing av grupper
· konflikt og konfliktløysing i grupper

Modul 5: Å utvikle en organisasjon

Innhald:
Teoriar om

· korleis organisasjonar lærer
· innovasjon og omstillingsprosessar
· kriser i organisasjonar
· kompetanseutvikling
· leiarutvikling
· arbeidsmiljøutvikling

Organisering

3-4 timar forelesing i haustsemesteret.

Vurderingsformer

Studentanes faglege utbytte av kurset skal dokumenterast ved svar på eit sett oppgåver ut frå modul 3, 4 og 5. Oppgåveløysing skal skje som gruppearbeid. Svara på oppgåvene frå kvar av gruppene skal leverst til faglærar for evaluering på ulike tidspunkt gjennom semesteret. Dei einskilde oppgåvene kan ha ulik vekting ved evaluering. For kvart arbeid som skal evaluerast vil vektinga bli opplyst. I dei einskilde arbeidsgruppene vil alle gruppedeltakarane som har vore med i minst 80 % av gruppearbeidet få godskrive gruppas mappekaraker som sin mappekarakter. Mappekarakteren vil i sin tur utgjere 40% av sluttkarakteren. Svara på spørsmåla skal kvar student plassere i ei mappe, som skal leverast til faglærarane for evaluering på ulike tidspunkt gjennom semesteret. Mappa vil innehalde fleire arbeid som kan ha ulik vekting ved evaluering. Ved fastsetting av den einskilde students sluttkarakter tel mappas innhald 40 %. Emnet vert avslutta med ein skriftleg individuell eksamen, 3 timar, som tel 60% av sluttkarakeren. Alle delprøver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Liang Xiaoli - 01.12.2006