605 Natur og friluftsliv, årsstudium

Innledning

Målgruppe og opptakskrav

Studiet passar for studentar med interesse for natur og friluftsliv, og kan gå inn som del av bachelorstudium, for eksempel saman med studier retta mot arbeid med forvaltning og formidling om miljø og naturopplevingar.

Opptakskrav er generell studiekompetanse. Det blir ikkje stilt spesielle krav om realfagsemne frå vidaregåande skole.

Mål for studieprogrammet

Studiet er ei tverrfaglig utdanning som tar sikte på å formidle forståing for naturgrunnlaget for friluftsliv og mennesket sin plass i naturen. Det blir lagt vekt på at kunnskap om levande organismnar og prosessar i naturen skal aue opplevinga av og interessa for å ferdast i naturen og vidare å kunne formidle dette til andre. Studiet er ei tverrfagleg utdanning som skal gi studentane grunnlag for aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet, og formidle ulike verdisyn i samband med dette. Studiet skal vidare danne fagleg grunnlag for vidare studium på bachelornivå og mastergradsnivå.

Videre studiemuligheter

Studiet kan gå inn som del av dei 3-årige bachelorstudia. Med fullført årsstudium i natur og frilfutsliv kan du få overgang til bachelorstudia i naturforvaltning og i helse- og miljøvern og søkje deg vidare på bachelorstudiet i natur og friluftsliv

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Årsstudium i natur og friluftsliv
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
4006 Menneske og miljø 10,00 O 10  
4007 Biologi og miljø 20,00 O 10 10
4008 Friluftsliv, jakt og fiske 10,00 O 10  
4010 Menneske og natursyn 10,00 O   10
4009 Naturgrunnlag og landskap 10,00 V   10
4100 Matematikk for økologar 10,00 V   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne


Inkludert i emnet 4007 Biologi og miljø del 2 er lagt 5sp vitskapsteori og metode og i emnet 4010 Menneske og natursyn er lagt inn 5sp i etikkrelaterte emner.

Emnet 4009 Naturgrunnlag og landskap kan etter søknad skiftast ut med 4100 Matematikk for økologar. Dette er aktuelt for studentar som ønskjer overgang til fleirårige natur- og miljøvernstudiar der det er opptakskrav i realfag. 4009 Naturgrunnlag og landskap blir i slike tilfelle lagt inn i 2. året av det fleirårige studiet.

Arbeids- og læringsformer

Studentane blir følgt opp under heile studieløpet med arbeids- og læringsformer som inkluderer felt-og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og læringsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalane.

Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det blir sett opp.

Forholdet mellom teori/praksis

Vurderingsformer

I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalane.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <gunhild.haugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 04.01.2006