388 Naturforvaltning, Bachelorstudium
Innledning
Målgruppe og opptakskrav
Studiet passar for studentar med interesse for arbeidsoppgåver med vern av naturområde, biologisk mangfald, berekraftig forvaltning av naturressursane og arealforvaltning og planlegging.
Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse. I tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse er det frå hausten 2005 krav om 2MX eller 2MY eller 3MZ og i tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI eller kombinasjonen 2KJ+3BT eller 2BI+3BT. HiT godkjenner også 3NA.
Har du bare generell studiekompetanse, kan du først søkje på årsstudiet i natur og friluftsliv og derifrå få overgang til bachelorstudiet i naturforvaltning.
Mål for studieprogrammet
Studiet gir tverrfagleg utdanning innan natur-, helse og miljøvernfag. Ved sida av å formidle kunnskapar, skal studiet utvikle studentane si forståing av forholdet mellom levande organismar og miljøforholda med spesiell vekt på mennesket sin plass i naturen. Studiet skal leggje grunnlag for eit aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet og formidle ulike verdisyn i samband med dette. Ein lærer korleis ulike landskap og verneområde i Noreg skal handterast i samsvar med lovverket, og kva forhold t.d. planter, fisk og vilt må ha for at det skal bli ein god balanse i naturen. Studiet skal setje studentane i stand til å handtere verdilada og kontroversielle spørsmål knytt til bruk og forvaltning av naturressursar.
Videre studiemuligheter
Studiet gir grunnlag for opptak på 2- årig masterstudium i natur-, helse- og miljøvern.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Valemne
Atterhald * Studentane som byrja på dette studiet studieåret 06/07 vart overført til Bachelor i Økologi og naturressursar H07 og følger studieprogramutgåva "Studier med oppstart 2007/2008 - Bachelor i Økologi og naturressursar". |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3-årig bachelor i naturforvaltning
|
Arbeids- og læringsformer
Studentane blir følgt opp under heile studieløpet med arbeids- og undervisningsformer som inkluderer felt- og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og undervisningsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalane.
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det vert sett opp.
Forholdet mellom teori/praksis
Vurderingsformer
I dei fleste emna vil det vere både undervegs- og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalane.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Gunhild Haugen <Gunhild.HaugenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 20.02.2006