Feltarbeid med metode 2406
Læringsmål
Studenten skal kunne førebu og gjennomføre eit feltarbeid i Norge eller utlandet. Studenten skal på bakgrunn av praktisk erfaring og datagrunnlag kunne analysere prosessar han/ho har delteke i, styrt eller vore vitne til og framstille dette i ein skriftleg rapport.
Innhold
Feltarbeidet skal dokumenterast i form av ein rapport og dannar grunnlaget for arbeidet med bacheloroppgåva. Kurset er sett saman av følgjande komponentar:
Innføring i metode
Førebuing og tilrettelegging for feltarbeid
Feltarbeid
Frå data til tekst; rapportskriving
Tilhøvet mellom teori og praksis
Organisering
Forelesingar, skrivegrupper, individuelt (og eventuelt gruppebasert) arbeid med prosjektomtale, feltarbeid i 3-4 veker tidleg i semesteret (februar) og analytisk rapport. Studenten må rekne med utgifter i samband med feltarbeidet.
Vurderingsformer
Prosjektinformasjon (1-2 sider) og analytisk rapport (om lag 5-6 sider). Karakter stått/ikkje stått på grunnlag av den skriftlege rapporten.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2007