Musikk- og kulturadministrasjon Modul I 3489

Læringsmål

Formålet med studiet er å kvalifisere for ulike musikk- og kulturadministrative oppgåver i norsk kulturliv. Ein vil søkje å realisere dette formålet ved at studentane:

  • tileignar seg innsikt i og utviklar ei sjølvstendig haldning til ulike mål, rammer og oppgåver
    for musikk- og kulturlivet
  • tileignar seg kunnskapar om musikk- og kulturlivet sin struktur, deltakarar og samarbeidsformer
  • tilegnar seg kunnskapar om prosjektarbeid og andre former for utviklingsarbeid
  • utviklar ei vitskapleg haldning til fagstudiet gjennom ei innføring i idégrunnlag og
    teoretiske tradisjonar for kulturfaga
  • utviklar kompetanse i å løyse ulike musikk- og kulturadministrative oppgåver åleine og/eller
    i samarbeid med andre

Innhold

Hovudfokuset i studiet vil vere musikkadministrasjon, men ein vil sjå musikk i samanheng med resten av kulturlivet og gå inn på dei samanhengene, der musikk blir administrert saman med andre kulturuttrykk.

Fordjupingsemnet er sett saman av to hovudemne:
1. Overordna mål, rammer og oppgåver for norsk musikk- og kulturliv
2. Musikk- og kulturadministrasjon

Organisering

Forelesingar, seminar, internettbasert veiledning, gruppeoppgåver og individuelle oppgåver. Undervisningssamlinger i Bø.

Vurderingsformer

Mappevurdering med utgangspunkt i to obligatoriske oppgåver: ei skriftleg gruppeoppgåve som tel 40% av samla karakter og ei skriftleg individuell oppgåve som tel 60%. Ein nyttar bokstavkarakterar, der A til E er bestått, og F er ikkje bestått. Båe eksamensdelar må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 14.02.2007