Foretaksstrategi 5205

Læringsmål

Emnet skal gjøre studentane kjent med omgrepsapparatet innan føretaksstrategi, gi innsikt i den strategiske leiingsprosessen, samt gi ei innføring i aktuelle strategiske muligheter. Studentane skal få bransjeinnsikt ved gjennomgang og presentasjon av eksempel frå bransjar og bedrifter, tilpasset studiets profilering. Emnet skal vise samanhengen i dei andre emna i studiet. Dette vil danne eit grunnlag for generelt å øve opp til strategisk tenking.

Innhold

Dei elementa som skal dekkast er:

  • Strategiomgrepet i eit historisk perspektiv
  • Strategiprosessar - den strategiske leiingsprosessen
  • Visjon, forretningsidé(ar), verdiar og mål
  • Strategiske forretningsområde
  • Strategianalysar (eksterne faktorar - omgjevnader, interne faktorar - ressursar) og strategiske muligheter
  • Differensiering, val av målgrupper, posisjonering og profilering, samt porteføljeanalysar
  • Strategievalueringar og -val
  • Konsernstrategiar
  • Strategi og etikk

Organisering

3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Studenten skal i løpet av semesteret sette seg inn i eit godkjent case og skal i samband med dette gjere sine eigne vurderingar. Arbeid og innlevering skjer gruppevis, men faglærar kan godkjenne individuell innlevering. Arbeidet dokumenterast skriftleg. Andre del er ei skriftleg sluttprøve utan hjelpemidlar, 3 timar. Kvar del tel 50 % av sluttkarakteren. Alle delprøver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 09.01.2007