Forretningsutvikling, prosjektarbeid 5007

Læringsmål

Studentane skal få trening i å gjennomføre eit kommersielt prosjekt.

Innhold

Studentane kan velje mellom ”Studentbedrift”, ”Fra idé til forretningsplan” og kommersielt utviklingsprosjekt i bedrift/organisasjon.

Konseptet ”Studentbedrift” er ei startpakke og eit studieopplegg for studentar i U&H-sektoren som blir administrert av organisasjonen Ungt Entreprenørskap. Det byggjer på erfaringar frå andre land, særleg Storbritannia (Young Enterprise). Studentane skal førebu, starte, drive og avvikle si verksemd i løpet av eit kalenderår. Dei får støtte og rettleiing gjennom opplegget til UE (startpakke m.m.), rettleiar frå høgskolen og ein mentor frå næringslivet.

Konseptet ”fra idé til forretningsplan” vil passe der idéen krev lengre og grundigare utgreiing. Som regel er det da urealistisk å kunne starte opp verksemda i løpet av studieåret. Utgreiingsarbeidet blir lagt opp så realistisk som mogleg med fastsette milepælar. Den siste blir å prøve å ”selje” prosjektet til eit panel av potensielle investorar/interessentar.

Kommersielt utviklingsarbeid i bedrift/organisasjon vil normalt seie at studentgruppa møter ein ekstern oppdragsgjevar. Høgskolen får ofte førespurnad frå bedrifter om slikt arbeid. Studentane kan og etablere slike kontaktar sjølv.

Organisering

Undervisning i haust- og vårsemesteret. Det blir sett saman prosjektgrupper som skal arbeide mot milepælar og det endelege målet for prosjektarbeidet. Alle grupper får ein rettleiar frå høgskolen og kan i tillegg få ein mentor frå næringslivet. Litt vanleg undervisning i bolkar, mest retteliing etter nærare avtale.

Vurderingsformer

Forretningsplan (Studentbedrift) eller forprosjektrapport (frå ide til forretningsplan) med innlevering desember. Årsrapport (Studentbedrift) eller Forretningsplan (frå ide til forretningsplan) med innlevering i mai. Munnleg presentasjon i mai/juni. Det blir gitt ein samla karakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 05.03.2007