Matematikk 5500
Læringsmål
Emnet skal gi studentane grunnlag for arbeidet med ulike fag seinare i studiet der kjennskap til matematisk analyse og metode er viktig.
Innhold
Emnet gir ein innføring i grunnleggande matematisk analyse og i sannsynleghetsrekning. Ein ser først på heilt grunnleggande matematiske omgrep og reknearbeid. For funksjonar av ein variabel ser ein på: Derivasjon, integrasjon, kurvedrøfting og optimering. Deretter kjem eksponensial- og logaritmefunksjonar og finansmatematikk. I funksjonar av fleire variablar tek ein opp partiell derivasjon og ekstremalproblem. I sannsynleghetsrekninga ser ein på: Diskrete sannsynleghetsmodellar, utfall, kombinatorikk og utval, betinga sannsynleghet og uavhengighet.
Organisering
6-8 timar i veka i haustsemesteret.
Vurderingsformer
Undervegsevaluering i form av obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til individuell, skriftleg 5 timars sluttprøve.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 04.01.2007