Mikro- og marknadsøkonomi 5310

Læringsmål

Emnet skal gi studentane innføring i grunnleggjande mikro- og marknadsteori. Studentane skal få innsikt i korleis ein kan beskrive og analysere einskildaktørar si økonomiske tilpassing og samspelet mellom desse i ulike marknadsformer. Studentane skal beherske det grafiske og matematiske analyseapparatet for konsumentanes avgjerder basert på prisar og inntekt, samt analyseapparatet for produsentens driftsavgjerder under ulike målsettingar (profittmaksimering, kostnadsminimering) og marknadsformer (fullkommen konkurranse, monopol). Studentane skal og øvast i forståing av korleis ulike former for politikk verkar på dei einskilde aktøranes tilpassing og prisdanninga i marknaden. Det visast og til emne innanfor marknadsføring og bedriftsøkonomi.

Innhold

Dei sentrale faglege element i emnet er:

  • Produksjonsteori
  • Konsumentteori
  • Marknadsteori
  • Effektiv ressursbruk og marknadssvikt
  • Verknader av skattar/subsidier

Organisering

3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no> - 05.03.2007