Reiseliv og GIS 5461

Læringsmål

Emnet skal gi ei innføring i geografiske informasjonssystem, og synleggjere korleis dette kan bli brukt i reiselivsnæringa.

Innhold

Gjennom teori og øvingar skal emnet gi studentane ei grunnleggjande innføring i og forståing av geografiske informasjonsystem (GIS). Studentane skal bli kjende med akutelle databasar på Internett, og nytte desse som in innsyn til reiselivsprosjekt. I eit par øvingar skal studentane lage GIS reiselivsprosjekt av datasett knytta til landskap og bymiljø. Studentane skal lære om kart, GIS og landskap og GIS og detaljplanlegging.

Organisering

4 timar i veka i haust- og vårsemesteret. Undervisninga vil variere mellom førelesingar og arbeid på computer lag. Det blir brukt mye tid på øvingar på PC.

Vurderingsformer

Mappeevaluering med følgjande element: a) obligatorisk gruppeoppgåve med to studentar på kvar oppgåve (30%), b) avsluttande skriftleg individuell eksamen, 4 timar (70%). Alle delprøver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Webmaster HiT - 31.10.2006