Folkekunst 2 FKUN2

Læringsmål

Studiet har som mål å gje studentane ei fordjuping i norsk folkekunst og ved det setje dei i betre stand til å arbeide for vern, vidareføring/fornying og formidling av den materielle formkulturen vi har i vårt land. Studiet har såleis både ei tradisjonsvernande, ei tradisjonsfornyande og ei kulturformidlande side

Innhold

Studiet er bygd opp om to delar, ein fellesdel og ein spesialiseringsdel. Fellesdelen handlar om å skaffe seg røynsle og innsikt i formande folkekunstprosessar, formidling av kultur - og tradisjonsstoff og innsyn i FoU-arbeid.

Fellesdelen har desse fagområda:

  • Fagdidaktikk
  • FoU-metodikk

I spesialiseringsdelen kan ein velje mellom:

  • Formgjeving - tre, metall eller tekstil

Fellesdelen er vekta til 15 studiepoeng og spesialiseringsdelen er vekta til 45 studiepoeng

Valemne:

Det er mogleg for studentar å velje eit 3 månaders studieopphald i utlandet som del av spesialisering i formgjeving. Opphaldet kan vere ved ein utdanningsinstitusjon eller ta form av eit feltarbeid utforma i samråd med faglærar og instituttleiinga. Valemnet erstattar praksis, studietur og delemnet vern / vidareføring.

Høgskolen vil til ei kvar tid avgjere kor mange av spesialiseringstilboda som kan setjast i gang.

FELLESDEL

Hovudemne FAGDIDAKTIKK

Mål

Målet for fagdidaktikken er å setje arbeid med folkekunsten / folkekunstgjenstandar og det praktisk / estetiske arbeidet på verkstaden inn i ein større samanheng. Gjennom ulike tema og perspektiv som vert belyst, skal studenten verte i stand til å gjere riktige val når det gjeld vern, utøving og formidling.

Studenten skal bli kjend med andre kunst - og kulturuttrykk, både i historisk tid og i moderne tid, for å kunne sjå tradisjonsuttrykk som ein del av andre estetiske uttrykk, og med det verte i stand til å verne, vidareføre og fornye folkekunsten.

Målet er at studentane skal få eit medvete og reflekterande forhold til folkekunst som fenomen i vår tid.

Innhald

Fagdidaktikken omhandlar ei klargjering av folkekunst som fenomen og som studieemne. Sosiale og etnologiske spørsmål i samband med vår gjenstandskultur vert belyst. Omgrepa kultur og tradisjon, vern, vidareføring og fornying vert utdjupa som emne. Ein tek opp spørsmål og problemstillingar knytt til det å formgje ut frå eigen kulturgrunn, nytte ut lokalt materiale og tradisjonstilfang i eigen produksjon. Fagdidaktikken er eit fag som krev aktiv deltaking frå studentane si side. Ein tek opp til diskusjon tema som skal belyse kvifor, og på kva måte, ein i dag bør arbeide med vern, vidareføring/fornying og formidling av folkekulturelle uttrykk.

Ulike formuttrykk vert belyst for å sette folkekunsten inn i ein kunstnarleg og kulturhistorisk samanheng.

Forbrukarsamfunnet og moderne teknologi gjer at tradisjonelle produksjonsmåtar og handverksprodukt vert utsett for hard konkurranse. Drøfting av kvalitetsomgrepet i lys av dette perspektivet er eit viktig tema.

Likeeins vert det teke opp kvifor kultur - og tradisjonsformidling er viktige spørsmål i vår tid.

Fagdidaktikken omhandlar analyse av faktorar som spelar inn i dei folkelege tradisjonsuttrykka, og kva verdiar ein her kan finne med tanke på vern og vidareføring. Dei folkelege tradisjonsuttrykka må sjåast i eit europeisk og globalt perspektiv. Det er lagt opp til studietur til eit anna europeisk land for at studentane skal få nærare kjennskap til dei felles europeiske tradisjonsuttrykka. Det er også mogleg for studentar å velje 3 månaders studieopphald i eit anna europeisk land som del av fordjupinga. (Studietur og 3 månaders studieopphald er nærare beskrive i kap.3)

Delemne

Fagfilosofi

  • Folkekunst som omgrep – ”Kva er folkekunst”
  • Formkultur og identitet
  • Vernefilosofi
  • Vern, vidareføring og fornying
  • Verdianalyse

Folkekunsten i eit økologisk og kulturhistorisk perspektiv

  • Næring, livsgrunnlag og formkultur
  • Symbol, form og farge frå daglegliv og høgtid.
  • Norsk folkekunst sett i ein europeisk og global samanheng

Gjenstanden som historisk dokument og estetisk objekt

  • Den historiske framveksten av, og relasjonane mellom folkekunst, husflid, handverk, kunsthandverk, kunst og kunstindustri
  • Gjenstandsanalyse
  • Folkekunstforsking

Kultur- og tradisjonsformidling

  • Presentasjon
  • Utstillingsteknikk
  • Utstillingar

Gjennom studiet skal studenten arbeide med ulike formidlingsoppgåver. Dette er både individuelle arbeid og gruppearbeid. Studiearbeid gjennom året skal vere disponible

for ulike formidlingsoppgåver i regi av instituttet.

Open dør

Kunst og handverksdagane” i Rauland er instituttet si Open dør. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i Rauland. Arrangementet er lagt til avslutningsdagane ved studiet. Dette er gjort for å nå eit større publikum, både foreldre og føresette til studentane og andre interesserte.

Folkekunststudentane har ansvaret for utstillingar, medan folkemusikkstudentane har ansvaret for konsert. Andre arrangement er m.a. utstillingar i dei ulike kunstsamlingane i bygda. Ein representant for studentane er med i komiteen som arbeider med program for dagane.

Vinterkappleiken

Ei av formidlingsoppgåvene for Folkekunst II er å lage utstilling i samband med den årlege Vinterkappleiken

Produktutvikling

  • Produkt
  • Økonomi
  • Marknadsføring

Hovudemne FoU - METODIKK

Mål

Forskings - og utviklingsmetodikk skal gjere studentane betre egna til å gjennomføre enkle prosjekt og oppgåver knytt til faget folkekunst og vurdere kritisk FoU-arbeid. Faget skal hjelpe studentane til å finne metodar for innhenting av data frå museum, arkiv og andre kjelder og til å nyttiggjere seg dette materialet i det praktisk - teoretiske arbeidet for å nå målet om vern, vidareføring eller fornying av den tradisjonelle formkulturen.

Ei god skriftleg framstilling og gode presentasjonsformer av resultat frå arbeid med konkrete problemstillingar er også mål for dette faget.

Innhald

Dette føreset at ein óg tek opp prinsipielle forskarspørsmål, men i fyrste rekkje arbeider med høvelege strategiar og metodar for FoU-prosjekt i folkekunst.

Studentane skal arbeide praktisk med faglege utviklingsarbeid i spesialiseringsdelen og dokumentere det praktiske arbeidet i ein skriftleg rapport. Arbeid innan FoU-metodikk er heile tida integrerte prosjekt med problemstillingar knytt til spesialiseringsdelen.

Delemne

  • FoU-arbeid i folkekunst
  • Kva er FoU-arbeid
  • FoU-metodikk i estetiske fag
  • Problemstilling
  • Prosjektarbeid
  • Kvantitative- og kvalitative metodar
  • Dokumentasjon

Spesialisering: FORMGJEVING

VERKSTADFAG OG ESTETISKE FAG

Mål

Denne spesialiseringa byggjer på verkstadfaget i grunnstudiet folkekunst 1, og har som mål å vidareutvikle studentane sine kunnskapar om norsk folkekunst når det gjeld variasjonar innan tradisjonar, produksjonsmåtar og estetiske kvalitetar. Gjennom kunnskap i desse områda skal studentane verte i stand til å arbeide for vern, vidareføring, fornying og formidling av den materielle formkulturen. Studentane må gjere vurderingar og val under utforminga av nye produkt som gjer at produkta blir gode samtidsprodukt. Korleis ta vare på den handverksmessige kvaliteten og samtidig ta omsyn til økonomi, miljøvenleg og rasjonell produksjon og konkurranse i marknaden, er utfordringar som vert vektlagt gjennom studiet.

Innhald

Spesialisering formgjeving er sett saman av to hovudemne: verkstadfag og estetiske fag.

Desse fagområda støttar opp om, og utfyller kvarandre, i arbeidet med formgjeving av eigne produkt. Undervisninga i verkstadfaget er knytt til rettleiing av studentane i arbeidet med studieoppgåvene. I tillegg vert det enkelte kursveker der tema vil kunne variere frå år til år. I den teoretiske undervisninga i verkstadfaget vert det ei fordjuping i tema som det vart undervist i på grunnstudiet.

Tema som ein tek opp i fagdidaktikken, og arbeidsmåtar som vert drøfta i FoU-metodikken, skal vere med på å påverke utforminga av nye produkt. Arbeidet med verkstadfaget og estetiske fag er delt opp tematisk i prosjektperiodar der ein arbeider med vern/vidareføring, fornying og formidling.

Det er tre studieoppgåver gjennom året knytt til delemna Eksperimentering, Fornying og Vern / Vidareføring. Desse studieoppgåvene er arbeidskrav som må gjennomførast og er med i mappevurderinga. Siste periode av studieåret, om lag 10 veker, arbeider studenten med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.

Innanfor verkstadfaget vel ein mellom materialområda tre, metall og tekstil.

Det er også tilbod om studieopphald i utlandet.

Hovudemne VERKSTADFAG

- TRE, METALL OG TEKSTIL

Gjennom hovudemnet verkstadfag skal studentane få utvida kjennskap til, og kunne fordjupe seg i dei funksjonelle, materielle, etiske og estetiske element som er tilstades i norsk folkekunst.

Ein legg vekt på at studentane skal verte i stand til å formgje ut frå eigen kulturgrunn, nytte ut lokalt materialtilfang og tradisjon i produksjon av gode samtidsprodukt. Med gode samtidsprodukt meinast produkt der ein tek omsyn til, og finn gode løysingar på forholdet form og funksjon, miljøfaktorar, produksjonsmåtar og estetiske kvalitetar i utforminga av produktet.

Marknadsføring, profilering og økonomi er også faktorar som vil bli trekt inn i formgjevingsprosessen.

Arbeidet i verkstadfaget er delt inn i tema, 3 delemne gjennom året, der ein søkjer å synleggjere, utifrå tilknyting til norsk folkekunst og i formgjeving i materialet, gjennom ulike arbeidsmetodar og tilnærmingar, omgrepa vern, vidareføring og fornying. Formidlingssida vert også ein viktig del av dette arbeidet.

I tillegg til desse tema, vert det gjennom året arbeidd i kortare periodar med ulike teknikkar og oppgåver. Desse kan variere frå år til år, men ein legg vekt på å arbeidde vidare med tema / teknikkar som det vart gjeve innføring i på grunnstudiet.

For å sette norsk folkekunst inn i ein større samanheng, er det mogleg å gjennomføre eit studieopphald i utlandet. Gjennom studieopphaldet skal studenten sette seg inn i korleis arbeidet med vern/vidareføring og fornying av folkekunsten skjer i dette landet. Studieopphaldet kan ha både ei teoretisk - og / eller praktisk tilnærming.

DELEMNE

Eksperimentering

I starten av studieåret skal studentane lære seg ein metodisk arbeidsmåte for å drive utprøvingar innanfor sine materialområder. Målet for dette temaet er å undersøke muligheiter for løysingar og resultat på bakgrunn av ei problemstilling.

Den kreative prosessen, frå utvikling av problemstilling, val av framgangsmåte for utprøvingar til presentasjon av resultat av eksperimenta, er ein arbeidsmåte som studenten vil måtte bruke i seinare oppgåver gjennom studiet.

Studenten vel sjølv tema for eksperimenteringa innanfor sitt materialområde. Tema kan t.d. vere form, farge, tekstur/struktur, materiale, konstruksjon.

Målet for denne perioden er ikkje å kome fram til eit nytt produkt, men å erfare korleis ein gjennom eksperimentering som metode kan kome fram til nye og uventa løysingar.

Dokumentasjon og presentasjon av arbeidet er ein viktig del av dette temaet.

Fornying

Med utgangspunkt i eit sjølvvalt tradisjonsområde skal studenten utarbeide eit produkt som er fornying av denne tradisjonen. Dette krev grundig dokumentasjon av tradisjonen og utvikling av problemstilling for å nå målet om fornying.

I tillegg til kravet om fornying, kan denne temaperioden ha klart definera krav til produktet. Produkttype kan vere definera, det kan vere krav om ein heilskapleg produksjon med utarbeiding av emballasje, logo, grafisk design og presentasjonsform eller det kan vere krav til teknikk som vert sett som ramme for oppgåva. Det overordna målet er likevel fornying, og studenten må drøfte og grunngje korleis dette målet er nådd.

Val av vinkling på oppgåveperioden innanfor ramma fornying vil variere frå år til år.

Vern / vidareføring

Målsetjinga vern eller vidareføring vil seie at kravet om eiga formgjeving vert tona ned. Det å kunne dokumentere ein tradisjon er ei forutsetning for vidare arbeid med fornying. Dokumentasjon og analyse av tradisjonsmaterialet vert viktig. Med omgrepa vern / vidareføring meinast det her at studenten skal sette seg inn i korleis gjenstandar innanfor eit tradisjonsområde er produsert; d.v.s. å setje seg inn i teknikkar, kva reiskap som er brukt under tilverkinga, materialkvalitetar, form m.m.. Denne kunnskapen og forståinga er viktig å ha med seg i det vidare arbeidet der fornying er målet. Sluttproduktet av ein slik prosess kan vere ein tilnærma kopi av gjenstanden som er dokumentera og analysert.

Gjennom denne bruken av tradisjonen vil studenten få ein grunnleggande kunnskap om tradisjonelle tilverkingsmåtar og ei forståing av korleis tradisjonen har utvikla og endra seg.

Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing

Årsoppgåva har ein sentral plass i studiet og skal femne om dei ulike faga som studiet er bygd opp av; verkstadfag, estetiske fag, FoU-metodikk og fagdidaktikk. Innhaldet i oppgåva skal omfatte samla verksemd frå idetilfang, planlegging, utforming / produksjon, framlegg til marknadsføring / grafisk design og presentasjon / formidling av resultatet. Tema skal vere godkjend av klasseleiar og faglærar før studenten kan gå i gang med årsoppgåve.

Kursveker / temaundervisnig

Det vert sett av tid til spesialisering / fordjuping innan enkelte teknikkar / tema. Desse vekene går parallellt med arbeidet innanfor dei enkelte delemna. Det er obligatorisk deltaking. Studentane skal levere inn rapport som syner at dei har delteke på denne undervisninga.

Praksis

Det vert sett av 2 veker til praksis. Praksis kan studentane ha i husflids- handverksbedrifter, teikne / designbedrifter, kunstindustriverksemd, museum e.l.

Praksis er obligatorisk del av studiet og vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend.

Studietur

Påbyggingsstudiet i folkekunst og folkemusikk har felles obligatorisk studietur til eit europeisk land. Ein har valt å legge studieturen til Ungarn, då dette landet er rikt på tradisjonar både når det gjeld folkekunst og folkemusikk. Studiet har eit godt fagleg nettverk i dette landet, både med utdanningsinstitusjonar, organisasjonar og tradisjonelle utøvarar.

Studentar som ikkje kan delta på den obligatoriske studieturen, må utføre eit sjølvstendig studiearbeid som omhandlar europeisk folkekunst. Dette vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend

VALFRITT DELEMNE

Europeisk folkekunst

Studenten kan velje å gjennomføre eit kortare studieopphald i utlandet ( tre månader), og skal gjennom dette gjere seg kjend med lokal tradisjon der han / ho oppheld seg. Ved kontrastering og samanlikning skal studenten på bakgrunn av dette kunne setje norsk folkekunst inn i ein større kunstnarleg og kulturell samanheng.

Studieopphaldet kan ta form av eit feltarbeid der studenten har kontakt med lokale utøvarar og forskarar. Eit slikt feltarbeid må utarbeidast i samråd med faglærar og institutt og i forståing med lokale fagfolk. Det kan også vere snakk om å følgje faste studieopplegg i regi av ein lokal utdanningsinstitusjon, der det er utarbeidd ein formell avtale mellom institusjonane.

Innhaldsmessig vil studieopphaldet variere ut i frå kva for materialområde studenten arbeider med og etter kva for institusjonar og lokale område som er aktuelle.

Døme:

Instituttet har eit godt utvikla nettverk i Ungarn. Studenten vil ha ei tilknyting til Moholy-Nagy University of Arts and Craft i Budapest, til museum i Budapest og vil ha kontakt med utøvarar av ungarsk folkekunst og med ungarske kunsthandverkarar.

Arbeidsmåtar vil kunne variere frå feltarbeid med deltakande observasjon, registreringsarbeid, individuell opplæring hjå tradisjonsberarar til forelesing og gruppearbeid. Studentane kan også fylgje ei tilpassa undervisning ved studiestaden.

Vurderinga vil variere etter form og innhald på utanlandsopphaldet. Om det er lagt opp til eit feltarbeid, må studenten presentere dette gjennom rapport som skal godkjennast av faglærar. Har studieopphaldet vore av praktisk art, vil resultatet av opphaldet bli presentert gjennom ei utstilling. Studieopphaldet vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend

Ved meir formelle institusjonsopphald kan avlagt eksamen etter lokale retningsliner vere eit alternativ.

Delemnet europeisk folkekunst vil erstatte praksis, studietur og delemnet vern / vidareføring.

Hovudemne ESTETISKE FAG med formgjevingsteori

Gjennom dette faget skal studentane øve opp og vidareutvikle si kreative evne slik at ein kan nyttiggjere seg av ulike teknikkar, reiskap og metodar i arbeidet med utforming av produkt og i ein profilerings- og formidlingssamanheng.

Ein del av arbeidsoppgåvene i estetiske fag skal førebu til arbeidet på verkstaden då dette er ein viktig del av formgjevinga av produktet. Oppgåver i tilknytning til Grafisk design / lay-out / logo og Frå idétilfang til produkt skal leverast inn saman med studieoppgåve II. Andre oppgåver skal leverast inn i eiga mappe for godkjenning.

Delemne

  • Frihandsteikning
  • Croquis
  • Form
  • Form – farge - komposisjon
  • Dekorative og funksjonelle kvalitetar i folkekunsten
  • Grafisk design / lay-out / logo
  • Estetikk
  • Gjenstandsanalyse
  • Utstillingsteknikk / effektar
  • Frå idétilfang til produkt (formgjevingsmetodikk)

Organisering

Spesialisering Formgjeving har som mål å gje studentane ei vidareføring / fordjuping i norsk folkekunst og ved det setje dei i stand til å arbeide for vern, vidareføring, fornying og formidling av den materielle formkulturen. Dei ulike fagområda skal belyse og fremje dette målet. Ein prøver difor å legge opp studieåret slik at det vert ein fagleg samanhang og progresjon i undervisninga i dei enkelte emna.

Studentane skal fordjupe seg i norsk folkekunst. Ein har difor valt å dele studieåret inn i lengre oppgåveperiodar som har form av prosjektarbeid. Oppgåveperiodane har dei sentrale omgrepa vern, vidareføring og fornying som hovudtema og vert avslutta med utstillingar.

Det er sett av ein lengre prosjektperiode på om lag 10 veker til arbeid med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.

Undervisningsformene vil variere mellom forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, ekskursjonar, individuell rettleiing på verkstad og i klasserom, seminar og kurs.

Studiet krev aktiv deltaking frå studentane si side, og den enkelte student har ansvar for eiga læring. Det er lagt opp til stor grad av sjølvstudium, både i verkstadfaget og i arbeidet med det historiske materialet (museumsbesøk, registreringsarbeid m.m.)

Ein fagrelatert studietur til utlandet på om lag 10 dagar er obligatorisk. Det kan også vere kortare studieturar innanlands.

Det er sett av to veker til praksis. Praksis kan studentane ha i husflids / handverksbedrift, teikne /designbedrift, kunstindustriverksemd og museum.

Studentane har ein to vekes praksis i vårsemesteret. Praksis kan verei ei husflids/ handverksbedrift, hjå kunsthandverkarar, i museum o.l.

Studentane skal få innsyn i korleis slike verkstadar / bedrifter fungerar og kunne sette sin utøvande praksis inn i ein samanheng.

Vurderingsformer

Det skal vere samsvar mellom mål, innhald og vurdering i studiet. Vurdering som skjer undervegs i studiet, skal gje studenten ei tilbakemelding på korleis studieoppgåver er løyst og kva som bør vektleggast vidare i studiet. Vurdering av studieoppgåver, prøver og arbeidskrav som må vere gjennomførte for å kunne gå opp til eksamen, vert samla i studentmappe.

Karakter på nokre av desse oppgåvene går inn som del av samanfattande karakter.

Arbeidskrav / vurdering i dei enkelte hovudemna:
Fagdidaktikk

Prøve i fagdidaktikk, 4 timar

FoU-metodikk

Ingen sjølvstendig prøve. Kunnskap innan FoU-metodikk vert vurdera som ein del av studieoppgåver.

Estetiske fag

10 arbeidsoppgåver / øvingar vurderast til godkjend / ikkje godkjend (del av studentmappe)

Spesialisering formgjeving (tre, metall eller tekstil)

- Tre studieoppgåver
innan dei tre delemna inngår i studentmappe:

-Delemnet Eksperimentering ( Studieoppgåve I): Studenten skal utføre eit FoU-prosjekt der tema er eksperimentering innanfor eit materiale. Arbeidet skal dokumenterast gjennom rapport og utprøvingar + utstilling. Del av sluttkarakter

- Delemnet Fornying (Studieoppgåve II): Oppgåva skal innehalde min. 2 produkt + rapport som dokumenterer arbeidet med utforming av produkt. Utstillingskurs avsluttar oppgåveperiode. Del av sluttkarakter.

- Delemnet Vern / vidareføring (Studieoppgåve III) Oppgåva skal innehalde kopiert gjenstand og dokumentasjon av kopieringsprosess. Vurdert til godkjend / ikkje godkjend

- Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing. Studenten skal dokumentere arbeid som er gjennomført i form av rapport. Del av sluttkarakter.

- Kursveker – Studentane skal levere inn rapport som syner at dei har delteke på denne undervisninga. Rapporten vert vurdert til godkjent/ ikkje godkjent.

- Valfritt delemne, europeisk folkekunst Vurderast til godkjend / ikkje godkjend.

For å kunne starte arbeidet med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, må desse arbeidskrava vere gjennomførte

- Godkjend kvalitet på studieoppgåver levert til fastsett tid:
  • - Godkjend arbeid i estetiske fag
  • - Godkjend deltaking i obligatoriske delar av studiet
  • - Godkjend praksis og studietur
  • - Godkjend studieopphald for dei som har valt dette delemnet

Eksamen / vekting

Dei ulike delane av studiet vert vekta slik i forhold til den samanfattande karakteren for studiet:

  • Vurdering av årsoppgave, utstilling med skriftleg utgreiing 40%
  • Skriftleg prøve i fagdidaktikk 20%
  • Frå studentmappe 40%
    • Studieoppgåve I, tel ¼
    • Studieoppgåve II, tel ¾

Det gis ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.

Det visast dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 15.03.2007