Fagdidaktikk i norsk PPUNO15

Læringsmål

Studiet legg vekt på å gje ei innføring i fagdidaktiske problemområde - eit emne som også er ein føresetnad for å kunne utvikle andre eigenskapar som er viktige i læraryrket: samarbeidsevne med elevar og kollegaer, evne til å utvikle lokale læreplanar og eit yrkesetisk medvit. Kurset vil innehalde ein teoridel og ein praksisperiode som heng nøye saman.

Innhold

Mål og målområde

Eigenarten til faget, utvikling og legitimering

  • ein må kjenne til viktige delar av utviklinga til skulefaget norsk for å kunne setje praksisen som norsklærar i perspektiv
  • ein må utvikle ei kritisk og konstruktiv lesing av læreplanar for å kunne reflektere over korleis læreplan kan overførast til undervisningssituasjonar
  • ein må utforske norskfaget som identitets-, kultur- og haldningsfag og reflektere over korleis den innsikta kan overførast til praksis
  • ein må utvikle eit reflektert forhold til funksjonen norskfaget bør ha i større tverrfaglege undervisningsopplegg
  • ein må bli medvite korleis faget norsk kan øve opp toleranse på område som likestilling mellom kjønna, det fleirkulturelle samfunnet og internasjonalisering
  • ein må kunne sjå samanhengen mellom eigenarten til norskfaget og dei ulike lærarrollene

IKT og andre læremiddel

  • ein må utvikle eit medvite forhold til dei nye IKT-sjangrane
  • ein må vera i stand til å vurdere norskfaglege læremiddel innafor ikt
  • ein må kunne drøfta kva for rolle internett og nettbaserte kommunikasjonsformer kjem til å spela i framtidas skule
  • ein må vera i stand til å vurdere ulike norskverk og lærebøker i norsk som blir gitt ut

Litteraturdidaktikk

  • ein må ha ein tekstkompetanse på skjønnlitterære tekstar slik at ein kan legge til rette for gode undervisningssituasjonar, f eks den litterære samtalen
  • ein må bli medvite korleis ulike skjønnlitterære sjangrar kan brukast i klassen
  • ein må kunne sjå alle mogelegheitene som skjønnlitteraturen har i seg til å kunne nå mange elevgrupper med ulike behov, gje dei opplevingar, skape ettertanke og etisk engasjement
  • ein må utvikle eit reflektert forhold til det å arbeide med mytisk og mytologisk stoff med elevane, inkludert den samiske kulturen

Språkdidaktikk

  • ein må kunne drøfte korleis ein skal legge til rette for formidling av tradisjonelle språklege disiplinar som t d språkhistorie, grammatikk og dialektar
  • ein må utvikle didaktisk kunnskap om norsk som andrespråk og drøfte korleis ein kan ha eit komparativt og internasjonal perspektiv på morsmålsundervisninga
  • ein må kunne legge til rette for undervisningssituasjonar som skal øve opp både munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • ein må kunne drøfte og utvikle ein nynorsk- og sidemålsdidaktikk

Vurdering

  • ein må ha kjennskap til nasjonale og sentrale vurderingsordningar for norskfaget
  • ein må kunne drøfte vurdering av munnleg og skriftleg tekst
  • ein må utvikle eit medvite forhold til korleis respons og elevvurdering skal fungere innafor den prosessorienterte skriveopplæringa
  • ein må kjenne til mappevurdering som vurderingsform på skriftlege arbeid

Organisering

Studiet vil bli organisert som fellesførelesingar kombinert med seminaraktivitetar. I tilegg legg me opp til nettbaserte aktivitetar på Classfronter. Omfanget av dette vil kunne variere.

Studiet legg vekt på å gje ei innføring i fagdidaktiske problemområde - eit emne som også er ein føresetnad for å kunne utvikle andre eigenskapar som er viktige i læraryrket: samarbeidsevne med elevar og kollegaer, evne til å utvikle lokale læreplanar og eit yrkesetisk medvit. Kurset vil innehalde ein teoridel og ein praksisperiode som heng nøye saman.

Vurderingsformer

Sluttvurdering av studiet er basert på ein 6 timars skriftleg prøvedag som tel 60 % og ei samling tekstar som du skriv i løpet av studiet, ei presentasjonsmappe, som tel 40 %. Retningslinjer for mappevurdering finn du i semesterplanen. For å kunne bli meldt opp til skriftleg prøve må du ha gjennomført ei munnleg presentasjon der du gjer greie for eit konkret undervisningsopplegg.

Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått. Sjå elles i forskriftene om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

15 studiepoeng påbygning

Studentar som tar 30 studiepoeng må i tillegg til 15 studiepoeng ta 15 studiepoeng påbygging ved at ein skriv ei større prosjektoppgåve. Nærmare retningslinjer for denne oppgåva vil stå i semesterplanen. Problemstillinga må godkjennast av faglærar.

Delkarakter for prosjektoppgåva blir slått saman med endelig karakter frå norsk 15 studiepoeng til ein samla karakter. Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått. Sjå elles i forskriftene om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Widar Madssen - 07.03.2007