Norsk 1 30Norsk1FAL
Læringsmål
Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og forholdet vårt til samtid og fortid. Faget skal få oss til å forstå oss sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Norskfaget er også eit handverk: det å kunne meistre det norske språket med sine to målformer og det å kunne utvikle eit språk om språket. Språket manifesterer seg i teksten, som både det teoretiske og det praktiske studiet samlar seg om.
Å vere ein dugande norsklærar inneber å kunne legge til rette undervisninga på ein slik måte at alle dei fem grunnleggande ferdigheitene (jamfør K06) blir tekne omsyn til: Det å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy. Dei norskfaglege krava vi stiller til deg som student, reflekterer desse grunnleggande ferdigheitene. Sjå under punkt 3: Innhald – ”Kva studenten skal kunne”, etter kvart hovudpunkt.
Norskfaget er eit vitskapsfag, eit studiefag og eit sentralt fag i grunnskolen. Fagleg kompetanse i norskfaget byggjer på gode kunnskapar i språklege og litterære emne, og gode faglege kunnskapar ligg til grunn for utviklinga av fagdidaktisk tenking og praksis. Didaktisk kompetanse vil blant anna seie at du reflekterar over forholdet mellom teori og praksis. Lærarrolla krev og sosial kompetanse. I norskfaget i studiet vil du få utvikle evna til å observere, lytte og forstå andre, kunne leie gruppeprosessar og kunne setje deg inn i erfarings- og kunnskapsverda til elevane, slik ho til dømes kjem til syne i dei skriftlege tekstane elevane produserer.
Lærarrolla krev samtidig endrings- og utviklingskompetanse. Som norsklærar, er du aldri heilt ”utdanna”. Å halde seg fagleg oppdatert, er ein evigvarande prosess. Du må vere i stand til å møte endringar både i yrkesrolla og i læreplanar og pedagogiske retningar. Lærarrolla krev samtidig yrkesetisk kompetanse. Innanfor norskfaget kan dette til dømes gje seg utslag i kva for skjønnlitterære eller samansette tekstar du vel å presentere for elevane dine. Dei grunnleggande verdiane i opplæringa må vere rettesnora, ikkje berre for innhaldet i faget, men også for måten du møter elevane på.
Innhold
1. Munnleg bruk av språket
I lærargjerninga er det munnlege språket den viktigaste reiskapen din, og medvit om dette er viktig i norskfaget. Dette medvitet kviler på kjennskap til forskjellen mellom tale og skrift, kjennskap til ulike munnlege kommunikasjonssituasjonar og ulike munnlege sjangrar, som forteljinga, utgreiinga, forklaringa og foredraget.
Den klassiske retorikken er ein vitskap om kommunikasjon og er difor ei kjelde til inspirasjon og kunnskap om kva som er god munnleg framstilling. Det munnlege språket er ikkje berre tekniske ferdigheiter. Det levande ordet kan fungere overtydande og overtalande, som ei estetisk oppleving og som eit middel for erkjenning. Derfor er kjennskap til elementær retorikk viktig, og den gode klassesamtalen er ein sentral munnleg sjanger for læring og ny kunnskap som du får høve til å prøve ut i praksis.
Eit anna berande element i dette emnet er kunnskap om språklege variasjonar, av geografisk, sosial, kulturell eller etnisk karakter. For å kunne legge til rette for ei god begynnaropplæring i lesing og skriving, må du og kjenne til viktige trekk i barns språkutvikling i førskolealder.
Studenten skal kunne:
-kjenne til særtrekk ved munnleg tale og språkleg mangfald
-kjenne til sentrale trekk ved den klassiske retorikken
-meistre sentrale munnlege sjangrar som forteljinga og foredraget
2. Lese- og skriveopplæring, lese- og skriveutvikling
Den grunnleggande skrive- og leseopplæringa gjer oss til tenkande, skrivande og lesande menneske, og er grunnlaget for læring i alle fag.
Kjennskap til barns lesevanar og evne til å lese og forstå ulike tekstar er viktig. Dette gjeld både den grunnleggande leseopplæringa, den andre leseopplæringa, og det gjeld skriveutviklinga. Det er viktig at du som lærar kjenner til teknikkar som kan hjelpe elevane til å utvikle tenlege lesestrategiar. Ved å modellere lesestrategiar for ulike formål, kan du legge grunnlaget for å utvikle leseferdigheiter som kjem til nytte i alle fag.
Når det gjeld di eiga skriving, er det viktig at du i løpet av studiet skriv deg inn i ein akademisk og sakprega måte å skrive på, i tillegg til at du prøver deg i ulike sjangrar. Du må også prøve ut dei nye digitale tekstformene. Eit viktig mål for desse aktivitetane er at du ser samanhengen mellom skriving og læring, i tillegg til at dei gjer deg betre i stand til å undervise andre i skriving.
Studenten skal kunne:
-kjenne til teoriar om lesing og leseutvikling på alle alderssteg, og vurdere ulike stadium av leseferdigheiter
-vurdere metodar i den fyrste lese- og skriveopplæringa
-følgje ei utvikling av skriveferdigheiter hjå eleven
-ha kjennskap til ulike språkstimulerande tiltak på alle alderssteg
-kjenne til ulike former for skriveopplæring og vere i stand til å vurdere ulike arbeidsmåtar
-vidareutvikle eigne skriveferdigheiter og sjangermedvit og vere i stand til å sjå samanhengen mellom skriving og læring
3. Elevteksten
Du vil møte mange typar elevtekstar i studiet. For å kunne forstå og vurdere desse tekstane, treng du sjangerteori og øving i elevtekstanalyse og vurdering. Elevtekstvurdering er sentral i den praktiske delen av studiet. Tekstar skrivne av elevar med minoritetsbakgrunn krev, i tillegg til vanleg språkteori, kjennskap til språktypologi.
Innafor dette emnet vil du også få kjennskap til den prosessorienterte skriveopplæringa, der ein bør rette spesiell merksemd på respons. Dette må du prøve ut saman med medstudentar og saman med elevar i praksis.
Studenten skal kunne
-grunnleggande språkteori for å kunne vurdere alle typar elevtekstar
-bli i stand til å sjå samanhengen mellom fagleg og pedagogisk vurdering av elevtekstar, med utgangspunkt i offisielle rettleiingar for vurdering
-bli i stand til å følgje utvikling av skriveferdigheitar hjå eleven med utgangspunkt i tekstar skrivne på ulike alderssteg
4. Skjønnlitterære sjangrar
Innsikt i og forståing av det litterære språket er det viktigaste utgangspunktet for ei god litteraturundervisning. Du skal lese eit utval av både eldre og nyare tekstar, vaksenlitteratur og barne- og ungdomslitteratur i ulike sjangrar. Mytar og folkedikting bl.a. frå det samiske området, vil vere sentralt.
Den litterære samtalen er ein viktig didaktisk sjanger i litteraturlesinga, og i studiet vil du få høve til å prøve ut denne samtaleforma i klasserommet. Basis for litteraturlesinga er litteraturteoretiske omgrep som ein må kunne bruke på dei tekstane ein les. For å få eit vitskapsteoretisk og meir overordna perspektiv på mellom anna litteraturlesing, vil du også få ei innføring i emnet tekst og tolking.(tolkingsteori og teiknteori) Dessutan vil du lære om korleis skjønnlitteraturen kan brukast i tilpassa opplæring.
I det kulturelt og etnisk mangfaldige samfunnet møter litteraturlesinga nye moglegheiter og utfordringar. For å nyttiggjere seg og møte desse, må læraren vere spesielt medviten både om tekstutval og tekstformidling. Ein del av tekstane i studiet vil derfor vere henta frå ikkje-vestlege land og kulturar, og ein vil jobbe særskilt med litteraturformidling i den fleirkulturelle skolen. Mangfaldet i skolen dreier seg også om språkleg mangfald og
jamstilling mellom målformene.
Studenten skal kunne
-sjå eigenarten ved det skjønnlitterære språket
-utvikle kunnskap og medvit om korleis den litterære teksten heng saman med historie og samtid
-sjå samanhengen mellom mytisk stoff og skjønnlitterære tekstar
-legge til rette for arbeid med skjønnlitteratur i fleirkulturelle klassar
5. Sakprosa
Medan skjønnlitteraturen er den eine, er sakprosaen den andre hovudkategorien ein kan dele alle tekstar inn i. I studiet vil du møte sakprosaen på ulike måtar. Du vil lese og lære om det kunstferdige essayet i grenselandet mellom skjønnlitteratur og sakprosa og lære om korleis nye medium skaper nye sjangrar, som t.d. den munnleg/skriftlege sjangeren tekstmeldinga.
Grunnleggande kjennskap til hyperteksten og den digitale teksten er viktig, i tillegg til fagdidaktisk innsikt i tradisjonelle sakprosasjangrar (lesarinnlegget, artikkelen m.m.).
Vurdering av læremiddel, digitale og andre, er ein sentral del av dette emnet, sidan nye undervisningsformer i grunnskolen skaper nye behov for læremiddel.
Studenten skal kunne
-ha innsikt i sakprosa som teksttype, inkludert den digitale teksten
-kunne gjere greie for og drøfte sjangervariasjon
-vere i stand til å vurdere ulike typar læremiddel
-legge til rette for bruk av sakprosa i undervisninga
6. Samansette tekstar
Barn og unge lever i ein mangfaldig kultur der lyd, bilete, skrift og tale utgjer ein tekstheilskap. Kunnskap om dette blir stadig viktigare for å kunne forstå barn og unges førestillingsverd. Denne samansette teksttypen blir også kalla multimodale tekstar – eit omgrep som fortel om eit komplekst samspel mellom fleire forskjellige modi, både visuelle, auditive og verbale.
Samansette tekstar kan vere både analoge og digitale. Dei analoge teksttypane kan for eksempel vere teaterframsyninga, papiravisa, den munnlege framføringa, teikneserien og barneteikninga med ord og bokstavar, biletbøker osb. Dei nyare digitale sjangrane kan til dømes vere nettsider, dataspel, pedagogiske læringsressursar og samansette korttekstar som reklamefilm, musikkvideo, biletmontasje, kortfilm osb. Som kommande lærar skal du kunne legge til rette for arbeid med produksjon av enkle samansette tekstar, både digitale og analoge. Å kunne avkode og stille seg kritisk til dagens omskiftlege tekstkultur krev ein ny tekstkompetanse som dette emnet skal gi deg innsikt i.
Studenten skal kunne:
- gjere greie for det spesielle samspelet mellom fleire modi i ein samansett tekst
- vurdere samansette tekstar utifrå både estetiske og etiske perspektiv
- sjå samanhengen mellom samansette tekstar og skjønnlitteratur og sakprosa
- legge til rette for arbeid med samansette tekstar i undervisninga
Organisering
Arbeidet i studiet vil bli organisert på to måtar; gjennom samlingar på studiestaden og kommunikasjon mellom faglærar og studentar på nettet. Ein vil gjennomføre fleire fellesamlingar gjennom studieåret. På desse samlingane vil det foregå både fellesforelesingar, gruppearbeid, rettleiing, framføringar, seminar osv. I mellom periodane vil det foregå oppgåveskriving med innleveringar på Classfronter, det vil bli oppretta diskusjonsgrupper og fellesdokument og det vil bli lagt ut fagstoff. Du vil og få individuell rettleiing bl.a. i form av læringssamtalar, der du vil måtte reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget. Nokre av aktivitetane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.
Det er viktig å skrive mykje i eit fleksibelt nettbasert fagstudium. Den enkelte studenten skal ved studiestart opprette ei individuell digital arbeidsmappe i eiget namn. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i den digitale arbeidsmappa. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar, medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrava. I løpet av studiet vil du også få ei norskfagleg oppgåve knytt til fleksibel praksis.
Nærmare presiseringar når det gjeld gjennomføring av semestera blir gitt i semesterplanen (t.d. fristar, organisering, obligatorisk frammøte). Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument og presiserer innhald og den praktiske gjennomføringa av semesteret.
Studiet er organisert over tre semester, med eksamen i fjerde semester. Heile studiet er kvantifisert til 30 studiepoeng, og arbeidsmengda er fordelt likt på kvart semester.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering. Sluttvurderinga kjem til uttrykk i form av ein endeleg karakter gitt på presentasjonsmappa og ei munnleg prøve. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga som du vil få, til dømes i form av tilbakemeldingar på skriftlege arbeid.
a) Obligatoriske portar: Norskstudiet har nokre portar som du må passere for å kunne bli oppmeldt til eksamen og få ei sluttvurdering.
1. Obligatorisk prøve i grammatikk. Denne prøva vil vere nettbasert, og ligge åpen på nettet ca. to døgn. Du vil bli prøvd i elementære grammatiske begrep, og denne prøva vil bli vurdert til bestått/ikkje bestått
2. Innlevering av mappetekstar. Det er ein føresetnad for å få ei sluttvurdering i faget, at du leverer tekstane dine til avtalt tid. Dei innleverte tekstane samlast i ei digital arbeidsmappe. Minst ein av desse tekstane skal vera ein gruppetekst,der den enkelte må gi sitt bidrag i skriveprosessen. Fleire av desse tekstane skal vurderast av medstudentar, og dei ulike samarbeidsprosessane skal dokumentast å Classfronter.
3. Tverrfaglege og fleirfaglege prosjekt. Norskfaget vil delta i gjennomføringa av minst eit tverrfagleg eller fleirfagleg prosjekt. Eksamen er tverrfagleg, og vil bli vurdert til bestått/ ikkje bestått. Nærmare kriterier vil bli gitt i semesterplanen.
b). Sluttvurdering. Sluttvurderinga bygger på to former for dokumentasjon, ei presentasjonsmappe og ei munnleg prøve. Presentasjonsmappa tel 60 % og munnleg prøve 40 % av samla karakter, og denne karakteren gjev deg 30 studiepoeng.
Presentasjonsmappa er eit utval av tekstar frå arbeidsmappa, sett saman ut frå gitte kriterium og med ein gitt tidsfrist. Saman med tekstane dine skal det leggast ved ein refleksjonstekst der du gjer greie for tekstarbeidet og det utvalet du har gjort. Innhaldet i dette notatet vil bli lagt vekt på i den endelege vurderinga av mappa.
I presentasjonsmappa skal det vera ei lik fordeling av bokmåls- og nynorsktekstar
Når du byrjar norskstudiet , vil du få utdelt nærmare retningslinjer for mappeskriving, der det vil stå kva som er obligatorisk, kva for fristar som gjeld, kva slags sjangrar du skal skrive i osv.
Munnleg prøve
Du skal opp til ei munnleg prøve ved slutten av norskstudiet. Prøva tar utgangspunkt i emne frå pensum. Nærmare presisering kjem ved studiestart.
Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til E, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått. Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark
Pensum:
Dette emnet har samme pensum som Norsk 1
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av - 14.03.2007