Norsk 2 30NORSK2
Læringsmål
I Norsk 2 vektlegg vi emne som er særleg relevant for ungdomssteget, men studiet vil gi godt grunnlag for arbeid på ulike steg.
Viktige målsetjingar er å:
· styrkje teorigrunnlaget for å kunne formidle litteratur
· utvikle didaktisk og analytisk kunnskap om tekstarbeid
· få kunnskap om korleis elevane kan utvikle føremålstenelege lese- og skrivestrategiar
· tileigne seg kunnskap om og skaffe seg praktisk erfaring med fagleg og fagdidaktisk bruk av IKT
Innhold
Norsk 2 byggjer på Norsk 1, og teori og fagperspektiv er utvida ved at vi arbeider meir med dei historiske dimensjonane i faget og styrkjer tekst- og teoriforståinga. Fagplanen har to delar, ein fellesdel av språklege og litterære emne med vekt på litteraturformidling og på lese- og skrivekompetanse, og ein individuell del som består av eit større sjølvalt fordjupingsarbeid.
Organisering
Norsk 2 er lagt over eit studieår og tel 30 studiepoeng..
Undervisninga vil skifte mellom førelesingar, seminar og gruppeaktivitet, skriveverkstad og studentframlegging av stoff. Opplegget føreset at ein er til stades på den timeplanlagde undervisninga.
Du får skolepraksis etter eigen praksisplan; rettleiinga i praksisperiodane har som før øvingslæraren hovudansvaret for.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering. Undervegsvurderinga kjem til uttrykk i form av ei tilbakemelding på ein refleksjonstekst. Sluttvurderinga kjem til uttrykk i form av ein endeleg karakter gitt på prosjektoppgåva og sluttprøva.
Sjå studieprogram for detaljar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frode Evenstad <Frode.EvenstadSPAMFILTER@hit.no>,Kirsti-Nina Frønæs <Kirsti-Nina.FronasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 02.04.2007