442 Folkekunst - tre - metall - tekstil, bachelor

Målgruppe og opptakskrav

Bachelorstudiet i folkekunst er eit tilbod til dei som er interessert i utøving innan eit handverk og i formidling av norsk folkekunst.

Det er krav om studiekompetanse eller realkompetanse for å bli teken opp på studiet.

Mål for studieprogrammet

Bachelorstudiet i folkekunst skal gje studentane ei innføring i, og vidare ei fordjuping i, norsk folkekunst. Den utøvande sida av folkekunsten er vektlagt. Studentane vel om dei vil arbeide innanfor tre, metall eller tekstil gjennom dei to første åra. I det tredje året kan studentane sjølv velge eit fagområde som styrkjer bachelorstudiet og gjev det ein profil, enten gjennom teoretiske eller praktiske studier.

Målet er at studentane skal bli gode utøvarar innan eit handverk og at dei skal få eit teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med vidareføring og formidling av folkekunsten.

Videre studiemuligheter

Bachelorstudiet i folkekunst kan vere grunnlag for opptak til masterstudiet i tradisjonskunst, eller andre masterstudier.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


obligatoriske emner
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
FKUN1 Folkekunst 1 60,00 O 30 30        
FKUN2 Folkekunst 2 60,00 O     30 30    
Sum: 30 30 30 30 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Bachelorstudiet i folkekunst er sett saman av Folkekunst -tre-metall-tekstil, årsstudium og Folkekunst -tre-metall-tekstil, fordjuping og eit tredje år som du enten kan velje å ta i Rauland eller ved ei annan studiestad ved Høgskolen i Telemark. Grunnfag i humanistiske fag og samfunnsfag ved andre høgskolar og universitet, eller eitt år ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet, kan også vere eit alternativ i tredje studieår.

(sjå studieplaner for Folkekunst - tre-metall-tekstil,årsstudium og Folkekunst-tre-metall-tekstil, fordjuping)

Arbeids- og læringsformer

Arbeid på verkstaden utgjer meir enn halve studietida dei to første åra. I tillegg er det forelesingar, seminarundervisning / kurs og studieturar. Studenten må også rekne med å bruke ekstra tid på verkstaden i arbeidet med dei ulike studieoppgåvene. Studieåret er delt inn i prosjektperiodar, der det er sett av ein lengre periode til arbeid med avsluttande årsoppgåve.

Forholdet mellom teori/praksis

I studiet Folkekunst-tre-metall-tekstil, fordjuping er det sett av ein praksisperiode på to veker. Dette kan vere praksis i museum, hjå ein kunsthandverkar, i bedrift e.l.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er skriftlege prøver og indidviduelle prosjektoppgåver / studieoppgåver.Noko av arbeidskrava vert vurdert til bestått / ikkje bestått, medan andre oppgåver vert vurdert med karakter.

( sjå studieplan for Folkekunst-tre-metall-tekstil, årsstudium og fordjuping)


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Liang Xiaoli - 27.09.2007