884 Folkekunst verkstadfag - tre - metall - tekstil, fordypning
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er eit tilbod til dei som har fullført årsstudiet og fordjupingsstudiet i folkekunst og som ynskjer kunnskap innanfor eit nytt materialområde.
Mål for studieprogrammet
Studiet er retta mot studentar som alt har fullført to år med folkekunst og har som mål å gje studentane ei innføring i eit nytt materialområde og eit nytt handverk. Kunnskap om og i eit nytt materialområde vil utvide kompetansen til studentane innan faget folkekunst og gje studentane ein breiare bakgrunn innan dei materielle kunstformene i norsk folkeleg kultur. Kunnskap innan fleire materialområde er viktig både om studenten ynskjer å bruke kompetansen i utøvande samanheng, innan museumsverksemd, innsamlingsarbeide, husflidskonsulentverksemd, pedagogisk verksemd eller om studenten ynskjer å starte på ei mastergrad i tradisjonskunst.
Videre studiemuligheter
Studiet kan gå inn som del av ei Bachelorgrad i folkekunst og såleis vere med å danne grunnlag for opptak til masterstudium i tradisjonskunst eller andre relevante studier.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorisk emne
|
Studiet har 1 hovudemne, verkstadfag, og studentane vel eit av materialområda tre, metall eller tekstil som dei arbeider med heile studieåret.
Verkstadfaget tek sikte på å gje den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst. Ein legg vekt på grunnleggande kjennskap til materiale, reiskap, arbeidsmetodar og arbeidsteknikkar.
Verkstadfaget er vidare delt inn i bolkar med desse delemna:
- Materiale og teknikk
- Form / funksjon
- Dekor
- Valfritt tema i eksamensoppgåva
HOVUDEMNE
VERKSTADFAG TRE · METALL · TEKSTIL
Mål
Dette fagområdet femner om den praktiske tileigninga av produksjonsprosessane innanfor tradisjonell folkekunst og arbeid med fornying av folkekunsttradisjonen til aktuelle former og funksjonar.
Studenten skal gjennom eige arbeid lære om gjenstandskulturen og få røynsle med eit utval praktiske produksjonsprosessar. Studentane skal bli kjent med arbeidsprosessar frå råmateriale fram til ferdig produkt. I verkstadfaget vil ein av faglege og praktiske grunnar og nytte seg av meir eller mindre bearbeida og moderne materialkvalitetar. Studentane skal verta i stand til å sjå lokal formkultur i historisk samanheng, bli kjent med grunnlaget for utforminga og gjennom det få forståing for eigen og andre sin kultur.
Vidare skal studiet setje studenten i stand til å registrere og analysere tradisjonsmateriale og sjølv planleggje og tilverke eigne produkt med feste i lokal eller tradisjonell formkultur. Verkstadfaget skal gje studentane grunnleggjande materialforståing, kunnskap om bruk av ulik reiskap og arbeidsmetodar i vidareføring av folkekunst.
Innhald
Undervisninga i verkstadfaget er gjennom studieåret dela inn i 4 bolkar. Dei tre fyrste bolkane omhandlar tre ulike hovudemne. Til kvart hovudemne er det studieoppgåver med definera mål og innhald som studentane skal løyse. Desse oppgåvene er arbeidskrav som må gjennomførast og er med i mappevurderinga. I verkstadfag er det og skriftleg prøve i pensumlitteratur. Siste bolken er arbeid med årsoppgåve, samansett eksamen. Årsoppgåva har også ei klar formulering for mål og innhald. Studenten, i samråd med rettleiarar, vel tema for denne perioden.
Materiale og teknikk
Dette hovudemne er lagt til starten av studieåret og skal gje studenten innføring i materiala tre, metall eller tekstil knytt til norsk folkekunst.
Det vert lagt vekt på kunnskap om utvikling og endringar i teknikk- og materialbruk. Vidare ser ein på kva bruksområde dei ulike gjenstandane er laga for, og korleis materialet er nytta i høve til bruksområdet. Det vert og ei innføring i ulike framstillings- og bearbeidingsmetodar som har vore nytta i folkekunstprosessar. Bruk og val av materiale og teknikk vert sett på i samanheng med variasjonar i natur, næring og sosiale forhold i dei ulike kulturområda der gjenstandane er laga.
Ein viktig del er og metodar for bearbeiding og etterbehandling av ulike materiale.
Form / Funksjon
I dette emnet legg ein opp til ei grundig registrering og kritisk analyse av historisk gjenstandsmateriale innan eit funksjonsområde. Ein ser på kva funksjon gjenstanden har og kva samanheng gjenstanden står i. Funksjonsanalyse skal vera grunnlag for vurdering av eigne val i høve til funksjon, materialbruk og metode i samband med utarbeiding av eige produkt.
Dekor
Hovudemne dekor skal gje studenten kunnskap om og innføring i ulike dekortradisjonar som finns i norsk folkekunst i tre, metall og tekstil. Det vert lagt vekt på kunnskap om variasjonar frå ulike delar av landet og korleis uttrykksformer har utvikla og endra seg gjennom tidene. Vidare er det eit mål at studentane sjølv skal bli i stand til å vidareføre og fornye dekor med utgangspunkt i dekorformer og metodar. Som grunnlag for det praktiske arbeidet med dekor på produkt, skal studenten gjennomføre ein periode med utarbeiding av dekor / flatemønster.
Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing
Årsoppgåva har ein sentral plass i studiet og skal i tillegg til arbeid i eit materiale omfatte registrering av historisk materiale, fagdidaktisk drøfting og estetikk / formgjeving.
Arbeidet skal innehalde både ein skriftleg del og eit eller fleire praktiske arbeid utført på grunnlag av ei sjølvvalt problemstilling. I tillegg er det krav om at det lokale tradisjonsstoffet skal nyttast i nytt formskapande arbeid. Problemstilling/tema skal vera godkjent av rettleiar før studenten startar arbeidet med årsoppgåva.
Arbeids- og læringsformer
Studentane som vel denne 30 studiepoengs eininga fylgjer same klasse som dei som går årsstudiet folkekunst.
Studiet i folkekunst verkstadfag spenner om ein vekselverknad mellom praktisk og teoretisk handling. I verkstadfaget skal studenten skaffe seg kunnskap og ferdighet innan ulike tradisjonelle teknikkar og arbeide med eiga formgjeving av gjenstandar som har feste i lokal formkultur. For å gje studentane ei heilskapleg forståing, gjennom teori og praksis, er studieåret delt inn i lengre oppgåveperiodar, bolkar, som gjer det mogleg å arbeide med innsamlingsarbeid / registrering, utprøvingar, produksjon og skriftleg dokumentasjon.
Undervisninga er stort sett lagt til faste vekedagar, men kan i periodar bli meir konsentrera, t.d. om ein har kursveker, seminar eller spesielle tema der det kan vere hensiktsmessig å samle undervisninga. ndervisningsformene vil variere mellom forelesingar, prosjektarbeid, individuell rettleiing på verkstad, seminar, kurs og ekskursjonar. Kurs - og seminarverksemd vil variere frå år til år, avhengig av økonomi og faglege vurderingar. Det vert arrangert ein lengre felles obligatorisk studietur for alle studentane. I tillegg kjem kortare ekskursjonar innanfor kvar materialgruppe.
I perioden som omhandlar dekor, skal studentane følge undervisninga i estetiske fag.
I tillegg til den timeplanfesta undervisninga, er det lagt opp til stor eigeninnsats frå studenten si side. Dette er nødvendig for å tilegne seg eit høgt handverksmessig nivå som grunnlag for vidareføring av folkekunsten. I den siste bolken, under arbeidet med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, er det sett av tid til individuelt feltarbeid/ekskursjon. Individuell rettleiing.
Kunst - og handverksdagane er Instituttet si Open dør. Dette er eit arrangement som alle studentane er med på og som er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike lag og organisasjonar i kommunen / bygda. Arrangementet er lagt til avslutninga av skuleåret.
Vurderingsformer
Det skal vere samsvar mellom mål, innhald og vurdering i studiet. Vurdering som skjer undervegs i studiet, skal gje studenten ei tilbakemelding på korleis studieoppgåver er løyst og kva som bør vektleggast vidare i studiet. Vurdering av studieoppgåver, prøver og arbeidskrav som må vere gjennomførte for å kunne gå opp til eksamen, vert samla i studentmappe og vert vurdera av faglærar i samråd med fagteam. Dei fleste av desse arbeida går inn som del av eksamen.
Arbeidskrav / vurdering:
Innhald i studentmappe:
- Verkstadfag
Tre studieoppgåver innan dei tre delemna inngår i studentmappe. For kvar studieoppgåve er det utforma oppgåvetekst som seier noko om mål, innhald og vurdering av oppgåvene. Alle studieoppgåvene i verkstadfaget har ein praktisk og teoretisk del.
I tillegg til dei tre studieoppgåvene skal studentane levere inn rapport frå kursveker og anna temaundervisning som dokumenterer at dei har tileigna seg kunnskap i dei aktuelle teknikkane / tema det har vore undervist i. Desse rapportane vert vurdert til godkjend / ikkje godkjend.
- Delemnet Materiale/Teknikk (studieoppgåve I) : Studenten skal utføre øvingar som leverast saman med skriftleg dokumentasjon av arbeidsprosess. Ved vurdering av oppgåva legg ein vekt på materialbruk og teknisk utføring. Studenten får karakter på det praktiske arbeidet, medan den skriftlege delen vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend
- Delemnet Form / funksjon (studieoppgåve II): Oppgåva skal innehalde rapport med problemstilling og eit ferdig produkt. Arbeid med form og funksjonelle løysingar vert vektlagt i vurderinga. Studenten får karakter på det praktiske arbeidet, medan den skriftlege delen vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend.
- Delemnet Dekor (studieoppgåve III) : Oppgåva skal innehalde minimum tre øvingar frå delemnet i tillegg til eit ferdig produkt og farge / dekorøvingar frå undervisning i estetiske fag. Karakteren vert fastsett på bakgrunn av arbeid med farge /dekorøvingar og korleis studenten har løyst oppgåva med å utforme eit produkt med dekor.
Prøve i verkstadfagteori
I tillegg til det som vert vurdert som del av studentmappe, kjem årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.
Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, omlag 10 veker
Eksamen
Eksamen omfattar både studieoppgåver gjennom året, prøve i verkstadfag og årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.
Dei ulike delane av studiet vert vekta slik i forhold til den samanfattande karakteren for studiet:
- Vurdering av årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing 40 %
- Frå studentmappe 60 %
Det vert gjeve ein karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha karakteren bestått for at hovudemnet skal vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Mari Rorgemoen <Mari.RorgemoenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Bodil Akselvoll - 12.04.2007